Denne kommunen kan bli tvungen til å legge ned ein fjerdedel av barnehagane sine

1 month ago 31



– Eg følte eg kom heim då eg byrja å jobbe her, seier Merete Hagenberg.

Ho er pedagogisk leiar i Storesund barnehage på Karmøy og presiserer at ho i denne saka uttalar seg som seg sjølv og ikkje på vegner av barnehagen.

Arbeidsplassen hennar er ein av to barnehagar kommunen foreslår å kutte fordi dei må spare pengar.

Merete Hagenberg, pedagogisk leder Storesund barnehage

Merete Hagenberg fekk jobb i Storesund barnehage då sonen som gjekk i barnehagen byrja på skulen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Då må 64 barn bytte barnehage.

Men det er ikkje første gong barnehagen blir foreslått nedlagt. Sist var Hagenberg mamma i barnehagen.

– Då var vi livredde for kva som skulle skje med ungane våre om barnehagen skulle forsvinne, seier ho.

50 millionar kroner

Men tala på barn som treng barnehageplass går ned. Både i Karmøy og i resten av landet.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ein jamn årleg nedgang i barnehagebarn sidan 2013.

I fjor gjekk det 20.000 færre barn i barnehagar enn i 2013.

Og ifølge befolkningsframskrivingane til SSB er det venta ytterlegare nedgang fram mot 2026.

I Karmøy har kostnadane i barnehagesektoren auka med over 50 millionar kroner dei tre siste åra.

Dei må justere ned kapasiteten, men kommunaldirektøren har ikkje dei verktøya han ønsker seg for 23 av barnehagane er private og berre 8 er kommunale.

– I dag styrer vi berre ein liten andel av sektoren, det synest eg er problematisk, seier Andersen.

Bjørn Andersen, kommunalsjef oppvekst og kultur i Karmøy

Bjørn Andersen er kommunalsjef for oppvekst og kultur i Karmøy kommune.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

For kommunen kan berre røre dei barnehagane dei eig og nå står Storesund barnehage og Kolnes barnehage i fare for å bli lagt ned.

Tettstaden Kolnes har tre barnehagar, men to av dei er private.

– Hadde vi kunna styre dette med likebehandling mellom privat og kommunal, ville vi nok sett på moglegheita for å legge ned ein privat sånn at vi hadde ein av kvar igjen på Kolnes, seier Andersen.

Portrett av Kristin Holm Jensen

Avdelingsdirektør i KS, Kristin Holm Jensen.

Foto: Håkon Benjaminsen

KS meiner kommunane bør ha større moglegheit enn i dag til å dimensjonere tilbodet både i kommunale og private barnehagar.

Avdelingsdirektør Kristin Holm Jensen skriv i ein e-post til NRK at det bør vere mogleg å ta omsyn til kor det er størst behov for plassar, uavhengig om det er i kommunale eller private barnehagar.

Raudt vil at kommunane skal bestemme meir

I vinter foreslo regjeringa som del av ny barnehagelov at kommunane skulle kunne justere talet på barnehageplassar ut ifrå behovet. Uavhengig av eigarskap.

Men forslaget skapte stor debatt og i juni, då partia på Stortinget blei einige om å gå i drøftingar om eit nytt barnehageforlik, sende dei eit brev til Kunnskapsdepartementet (ekstern lenke).

Der bad dei departementet blant anna jobbe med ulike modellar for korleis kommunen kan dimensjonere kapasitet i det samla barnehagetilbodet, inkludert ein modell basert på samarbeid mellom kommune og private barnehagar.

Hege Bae Nyholt

Hege Bae Nyholt (Raudt).

Foto: Marthe Svendsen

Men Raudt ønsker seg nedskalering på kommunen sine premissar.

– Kommunane må ha moglegheit til å planlegge for barnehagetilbodet. I dag har dei ikkje det og det gir ein forkøyrsrett for dei kommersielle barnehagane, meiner Hege Bae Nyholt som forhandlar barnehageforliket for Raudt.

Meiner samarbeid er løysinga

I forhandlingane sit også barnehagepolitisk talsperson i Høgre, Kari-Anne Jønnes.

– Vi meiner dette kan løysast gjennom eit godt samarbeid. Dei private barnehagane kan ikkje gå med ei konstant frykt for at kommunane skal redusere antal plassar hos dei, seier ho.

Kari-Anne Jønnes. Høgre.

Kari-Anne Jønnes (Høgre).

– Kva med dei som jobbar eller har ungar i dei kommunale barnehagane og veit at om det blir kutt, så er det dei som står i fare?

– Det har eg stor forståing for. Det er behov for å gjere justeringar i antal barnehageplassar i veldig mange kommunar i Noreg, men vår erfaring, etter samtalar med mange kommunar, er at dette blir løyst gjennom samarbeid, seier ho.

Også Private barnehagars landsforbund, PBL, meiner samarbeid er ei god løysing.

– Det er heilt klart ein fordel om desse spørsmåla kan løysast med eit endå tettare og betre samarbeid mellom kommunane og dei private barnehagane, seier kommunikasjonsdirektør Marius Iversen.

Også KS ønsker samarbeid.

– I lag med PBL har vi difor foreslått at kommunane og dei private kan ha eit tettare og betre samarbeid om dimensjonering enn i dag, for eksempel i arbeidet med kommunen sin samfunnsplan, seier Kristin Holm Jensen.

Planlegg fakkeltog

Medan politikarane diskuterer prøver foreldra i Storesund å redde barnehagen sin.

Kjersti Tho Sjursen har ei jente på fire år som går i barnehagen. På fanget til mor sit Inger Nathalie som etter planen skal byrje i lag med storesøster på nyåret.

– Ho kjenner allereie dei tilsette og ungane her. Men viss barnehagen blir stengt skal ho først ha tilvenning i denne barnehagen og så ny tilvenning i ein annan barnehage. Det blir ikkje kjekt, seier Sjursen.

Tina Isberg Kallevik, Kjersti Tho Sjursen og Irene Hetland, på fanget til Kjersti er vesle Inger Nathalie Sjursen på 10 måneder.

Tine Isberg Kallevik (til venstre) Kjersti Tho Sjursen, Inger Nathalie Sjursen (10 md..) og Irene Hetland meiner det blir problematisk for fleire foreldre som ikkje har førarkort å komme seg til ny barnehage om dei mistar denne.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Foreldra er i gang med underskriftskampanje og skal levere underskriftene til politikarane i Karmøy når saka først skal opp i hovudutvalet for oppvekst og kultur 30. oktober.

Før det skal dei gå i fakkeltog. For Merete Hagenberg blir det andre gong ho går i fakkeltog for å redde barnehagen sin.

– Det er ganske tidkrevjande og tar vekk hovudfokuset vårt som er ungane. Nå heng denne nedlegginga over oss igjen og det er ganske tøft, seier ho.

Merete Hagenberg, pedagogisk leder Storesund barnehage

Merete Hagenberg håpar kommunen sparer barnehagen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Publisert 18.10.2024, kl. 05.15

Read Entire Article