Denne hytta ligg i Øvstabødalen, ikkje Hunnedalen

1 hour ago 2



 Øvstabødalen fjellstove, Øvstabø fjellstove eller Høgaleite fjellstove. Foto: Fredrik Refvem

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Journalistar i Aftenbladet bør bruka rett namn når de skriv om ting som skjer i Øvstabødalen.

Hunnedalsvegen går frå Vaulabrua i Gjesdal og til Svartevatn i Sirdal. Vegen går gjennom fleire «dalar» Frå Byrkjedal til Tverråna heiter dalen Øvstabødalen. Dalen skiftar namn ved Tverråna til Hunnedalen.

Eg har fleire gonger peika på at Aftenbladet brukar feil namn på dalen. Ein journalist lova at Aftenbladet over tid skulle gå over til Øvstabødalen om området som ligg i Gjesdal. Det gjorde vedkomande i fleire artiklar der det blei nytta uttrykk som: «-- i Øvstabødalen som de fleste kallar Hunnedalen.»

«De fleste», som seier Hunnedalen er menneske frå Stavanger som har fått byggja hytte i dalen. På «Hunnedalens velforeining» si nettside står det: «De fleste hytter ligg i Øvstabødalen». Det viser at «de fleste» veit kva det rette namnet på dalen er. Men i avisa for 12. januar går ein annan journalist tilbake til «gamle synder» og skriv Hunnedalen når vekommande skriv om den nye hytta til Stavanger Turistforening i dalen. Sjølv om eg veit at redaksjonar i aviser ikkje er: «plikta til etter lova til å bruke vedteken skrivemåte», bør journalistar i Aftenbladet skriva det som er rett.

Eg er så gammal at eg minnest at Stavanger Aftenblad og Stavanger Turistforening konsekvent skreiv «Prekestolen» sjølv om det rette, var «Preikestolen». Turistforeningen har alltid vore konservative når det gjeld namn. Dei er gode til å ta vare på naturen i områda, men svært dårlege når det gjeld kulturen. Det har nok sin bakgrunn i at det var dei « «velsituerte» i byen som kunne bruka tid på å gå rundt i heiane utan å gjere noko «produktivt».

Skulle eg tipsa Turistforeningen om namn til den nye hytta, hadde eg hatt tre forslag: Øvstabødalen fjellstove, Øvstabø fjellstove eller Høgaleite fjellstove.

Om Turistforeningen tek imot forslag, veit eg ikkje, men eg håpar at journalistar i Aftenbladet vil nytta rett stadnamn.

Publisert:

Publisert: 10. februar 2026 17:22

Read Entire Article