Denne gjengen tar ein ny vri på trenden

3 days ago 12



Det florerer med løpegrupper landet over. I Bergen har denne løpegruppa tatt grep for å få fokuset vekk frå prestasjon og over på løpeglede.

BALANSE: Løpegruppa «Runs and Buns» gjer det dei kan for at løping skal vere gøy og lågterskel. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 30.12.2024 21:35

– Det handlar om balanse, seier Lea Sofie Strandman Breivik. 

I juli 2023 oppretta ho og to venninner løpegruppa «Runs and Buns». 

Gruppa vaks fort. Frå å vere tre medlemmer i starten, er dei no alt mellom åtte og 30 personar som er med på løpetur. 

– Det er ingen tvil om at springing er ein trend, seier Breivik, og legg til at dei ofte møter på andre løpegrupper når dei er på tur. 

Men det er kanskje ikkje berre springinga som gjer denne gruppa populær. 

For mens rundt 15 medlemmer spring nedover gågata i typisk bergensvêr, er det ikkje berre betre kondisjon som skaper motivasjon. 

– Når eg spring nedover gata, så tenker eg på at no nærmar det seg bolle, seier Synnøve Torgersen. 

Glede over prestasjon

Ein dag i månaden sørgjer nemleg løpegruppa for ei rosin i pølsa, eller i bollen om du vil. 

Då enda dei nemleg løpeturen på ein ny kafé, i håp om å finne byens beste bolle. 

– Vi vil vise at ein kan gjere begge deler. Ein kan både springe og ete bollar, seier Torgersen. 

– Det at vi har gjort løpegruppa til ei litt tøysete greie med bollar, det gjer at springinga blir meir lågterskel, seier Breivik. 

Ho er opptatt av at springing ikkje skal assosierast med slit og strev, men med løpeglede og trivsel. 

– Springing skal vere gøy, sosialt og noko ein tilpassar etter dagsforma. Vi har ikkje noko prestasjonsfokus. Det trur eg gjer at folk har lyst å vere med, seier Torgersen. 

Hylla av ekspert

Personleg trenar, kosthaldsrettleiar og skribent, Desiree Andersen, synest opplegget til «Runs and Buns» er ein kjempefin idé. 

– Når ein blir hekta på springing, blir det fort mykje springing. Dette er ein fin måte å finne ein balanse på. 

Ho seier det er viktig å ikkje gløyme at mat og trening går hand i hand, og at det er lov å kose seg. 

– I tillegg er det sosiale aspektet veldig viktig, særleg i ein så digital kvardag, seier Andersen. 

Tydeleg trend

Andersen er ikkje tvil om at løpegruppetrenden berre blir meir populær, og ho seier det er ingen grunn til å tru at dette vil snu med det første. 

– Vi er heilt klart i ei løpebølge og løpegrupper er ein soleklar trend.

 Privat
LØPETREND: Desiree Andersen er personeg trenar og forfattar, og har sjølv starta løpegrupper. Foto: Privat

No er det blitt nokså vanleg at firma, store merkevarer, løpeklubbar, treningssenter og privatpersonar opprettar eigne løpegrupper. 

– Det er ein veldig tilgjengeleg mosjonsform. Det viktigaste er berre å gjere det på sitt nivå. 

Nytt år, nye moglegheiter 

Når ein no går eit nytt år i møte, er det tradisjonen tru mange som også vil sette seg nye mål for året. 

Andersen meiner det mange gjer feil når dei set seg nye nyttårsforsett, er at dei gapar over for mykje på ein gong og prøver å gjere alt samtidig. 

– Det største fella folk går i, er at dei prøver å gjere alt samtidig. Ein er kjempemotivert fordi det er januar, men så mistar ein motivasjonen ganske rakst. 

Då har PT-ein særleg eitt tips til dei som ønsker å etablere nye vanar som varar. 

– Mitt viktigaste råd er å starte med ein ting. Viss du til dømes ønskjer å trene meir og ete sunnare i 2025, vel ein av dei først, seier Andersen. 

Det same tipset gjeld dei som ønskjer å bli med i løpegrupper. 

– Fordi springing er så lett og tilgjengeleg, så tenker mange det berre er å ta på seg skoa og springe så fort ein kan. Då dalar motivasjonen raskt. 

I staden anbefaler ho å starte med ei økt i veka, i eit roleg tempo. Når du har fått kontinuitet i den vanen, så kan du auke med ei økt til. 

– Blir du glad i å springe, så blir det fort ein stor del av kvardagen og noko ein har mykje glede i utover god form, seier Andersen. 

Held fram i 2025 

For løpegruppa «Runs and Buns» er planen å fortsette jakta på byens beste bolle i 2025. 

I tillegg ønskjer dei å oppretthalde løpegleden og det sosiale aspektet ved klubben. 

– Vi har kapasitet til å snakke saman medan vi spring, fordi vi ikkje spring med 190 i puls og blodsmak i munnen. Det er i alle fall nøkkelen for min del for at løpegleden varar og har vara i mange år no, seier Breivik. 

Read Entire Article