Tidlegare denne veka vart det kjent at to menn frå Møre og Romsdal er tiltalt for ulovleg omsetting av fugleegg, som ein del av eit større nettverk.
Om lag 56.000 fugleegg har blitt beslaglagt, og totalt 16 menn i alderen 32 til 82 år frå heile landet blei sikta i saka.
I beslaget fann politiet mellom anna egg frå fuglearten hortulan, ein trekkfugl som er i nær slekt av gulsporven.
Nye tal viser at den no er antatt utdøydd i Noreg.
– Vi har ein mistanke, og vil be politiet om tilgang til desse egga etter kvart, slik at vi kan sjå om det har ei kopling til nedgangen av hortulan.
Det seier Jo Anders Auran, som jobbar som seniorrådgjevar ved viltseksjonen i Miljødirektoratet.
Ein allereie sårbar bestand
Hortulan var ein vanleg fugl før i tida, men bestanden gjekk drastisk ned på 1950-talet.
Auran forklarer at det er fleire faktorar som har medført tilbakegangen hos arten.
Auran peiker på fleire årsaker til at bestanden har gått ned.
Foto: Privat– Det har vore ein langvarig nedgang hos fleire artar. Det skuldast i hovudsak intensivering av landbruket over tid sidan 1950-talet. Men det er også fordi det har vore ein langvarig nedgang i insektmengda.
Svein Dale, professor ved NMBU, har tidlegare peikt på at ein brukte kvikksølvbeisa såkorn på 1950- og 60-talet, og at det råka bestanden hardt.
Kan vere siste dropen
Jo Anders Auran seier at kriminelle nettverk som sel fugleegg kan vere siste dropen for utryddingstrua artar.
– Vi er ikkje framand for tanken om at eggsamlemiljøet kan ha hatt påverknad på bestanden for hortulan eller andre kritisk trua artar.
Vidare forklarer han at når bestanden blir låg, blir det endå meir interessant for kriminelle nettverk å skaffe seg egg, fordi prisen aukar.
Ida Sletsjøe er politiadvokat i Økokrim, og jobbar med saka mot dei to tiltalte frå Møre og Romsdal.
Politiadvokat i Økokrim, Ida Sletsjøe, seier egg frå trua artar skaper ein større etterspurnad i marknaden.
Foto: PolitietHo seier at dei to til saman har gjort elleve handlar av hortulan-egg. Det at hortulan er raudlista, har truleg vore ein motivasjon for dei tiltalte.
– Dei reklamerer med at hortulan er kritisk trua i kommunikasjonen der dei vil selje egg. Det blir brukt som salsargument.
Vidare forklarer ho kvifor det er attraktivt for eggsamlarar å skaffe utryddingstrua egg.
– Det blir vanskelegare å få tak i dei. Om ein saknar det egget i samlinga blir det meir komplisert å få tak i det.
Publisert 11.12.2025, kl. 13.14

















English (US)