Demonstrasjonar: IDF-soldatar arresterte for grove overgrep mot palestinsk fange

1 month ago 30



– Vi er her for å la folket vite at ingen får ta soldatane våre, våre brør i krig.

Det seier Jen Frieman, ein av fleire hundre israelarar som måndag prøvde å ta seg inn i interneringsleiren Sde Teiman, der tusenvis av palestinarar har blitt sende i løpet av krigen.

Grov mishandling

Dei demonstrerer mot arrestasjonen av ni IDF-reservistar, som er arresterte for grov mishandling av ein palestinsk fange i interneringsleiren.

The Guardian skriv at arrestasjonen skal ha blitt annonsert gjennom Det israelske forsvarets radiokanal. Det blei informert om at mishandlinga skal ha skjedd i fengselet i Sde Teiman for tre veker sidan.

Den palestinske mannen skal ha blitt utsett for omfattande seksuelt misbruk, og blitt brakt til eit sjukehus med svært alvorlege skadar, mellom anna i anus, skriv israelske medium.

Israels finansminister Bezalel Smotrich er blant dei som har reagert på arrestasjonen. «IDF-soldatar fortener respekt» og skal ikkje «behandlast som kriminelle», sa Smotrich i ein video måndag, ifølge Times of Israel.

Menn i grå joggedressar ligg på feltsengar. Tydeleg prega i ansikta. Ein har sår på beina.

Palestinske fangar etter å ha blitt lauslatne av israelske styrkar i desember. Biletet viser ikkje fangen som skal ha blitt misbrukt av IDF-reservistane.

Foto: Said Khatib / AFP

I tillegg til sivile, var også medlemmar i den israelske nasjonalforsamlinga med på å bryte seg inn i leiren, skriv den israelske avisa Ynet. Mellom anna den israelske politikaren Zvi Sukkot i Det religiøse sionistpartiet. Partiet er leia av finansminister Smotrich.

Ministrar kritiserer pågripinga

Justisminister Yariv Levin er også kritisk til arrestasjonen av israelske soldatar. Han seier det var sjokkerande å sjå bilete av soldatar bli arresterte «på ein måte som ein arresterer farlege kriminelle».

Økonomi- og industriminister Nir Barkat oppmodar justisministeren til å «sette ein stoppar for denne avskyelege rettssaka».

Israels statsminister Benjamin Netanyahu har fordømt demonstrasjonane mot pågripinga, men har ikkje kommentert arrestasjonen.

Demonstrantar i grønne klede og grønne finlandshette med våpen.

Demonstrantane ville bryte seg inn i militærretten for å lauslate dei ni israelske reservistane.

Foto: Oren Ziv / AFP

Ein frammøtt demonstrant er overraska over at militæret har arrestert israelske reservistar.

– Vi trur dette skjer fordi regjeringa, og særleg det juridiske apparatet, prøver å sjå bra ut framfor domstolen i Haag, seier Gillard Ach.

Politiet fekk fjerna demonstrantane frå interneringsleiren.

Seinare på kvelden prøvde demonstrantar å ta seg inn i militærbasen Beit Lid, der militærretten ligg, i tru om at det er der dei arresterte reservistane oppheld seg.

Varslarar rapporterer om psykologisk tortur

Tusenvis av palestinarar er blitt sendt til Sde Teiman i løpet av krigen. Leiren er ein kombinasjon av eit feltsjukehus og eit fengsel.

Menneskerettsorganisasjonen Physicians for Human Rights Israel (PHRI) har gjort ei kartlegging av forholda i leiren.

Historiene som har komme derfrå er grufulle.

Ei jente klemmer ein mann med tåre i augene. Han held rundt ho. Rundt dei står dei mange folk.

Ein palestinsk mann blir tatt imot av familie og venner etter å ha blitt lauslaten av israelske styrkar 1. juli.

Foto: Bashar Taleb / AFP

PHRI rapporterer om fangar som sit fastbundne og med bind for auga under heile opphaldet. Mange er der i over ein månad før dei blir køyrt tilbake til Gazastripa.

CNN har snakka med tre israelske varslarar som har arbeidd i interneringsleiren. Ingen av varslarane tør å stå fram med namn, i frykt for represaliar. Dei fortel at dei stadig måtte amputere føter og hendene til fangane, fordi dei sit for lenge bundne fast.

– Dei (fangane red. anm.) blir strippa for alt som liknar menneskelegdom, seier ein av varslarane som arbeidde som helsepersonell ved interneringsleiren.

To palestinske menn viser sår på kroppene sine.

Palestinske menn på Gazastripa viser fram kroppane sine etter å ha blitt lauslatne av dei israelske styrkane.

Foto: Bashar Taleb / AFP

Også i april sende ein lege ved feltsjukehuset i Sde Teiman eit varslarbrev til Israels helseminister. Legen skildra umenneskelege forhold, og viste til at fangane blir mata med sugerøyr, brukar bleie og er svært avgrensa fysisk.

Det israelske forsvaret har bekrefta at fangane som sit lenka fast, må bruke bleie.

Legen skildra amputering av hender og føter som rutinemessig.

Publisert 30.07.2024, kl. 09.43 Oppdatert 30.07.2024, kl. 09.48

Read Entire Article