Dansk rapport meiner fleire kunne vore redda frå «Scandinavian Star»

5 days ago 8



I 2022 konkluderte ein dansk rapport med at den danske Søfartsstyrelsen ikkje hadde kontrollert «Scandinavian Star» før den første turen med passasjerar i april 1990.

Fredag kom ein ny rapport om brannen om bord i danskebåten frå ein kommisjon som blei sett ned av det danske Folketinget og Justisdepartementet i Danmark.

Dei konkluderer med at liv kunna vore redda om den obligatoriske hamnekontrollen hadde blitt gjennomført, seier kommisjonsleiar Kristina Siig til NRK.

– Sidan det er slege fast at det skulle ha vore hamnekontroll, kan vi konkludere med at dersom han hadde blitt gjennomført, hadde besetninga fått brannøvinga som kunne sett dei i stand til å hjelpe passasjerar til å redde seg sjølve.

Avviser økonomisk motiv

159 menneske døydde av kullos og blåsyregass etter fleire påsette brannar om bord i «Scandinavian Star» i 7. april 1990, ei veke etter at reiarlaget overtok skipet.

Teoriane bak mordbrannen på danskebåten har vore mange i dei over 30 åra som har gått. Blant anna at det kunne vere snakk om sabotasje eller eit økonomisk motiv.

Den danske kommisjonen har sett nærare på desse to teoriane, men har ikkje kunne finne haldepunkt for at dette kan ligge bak brannen.

– Vi konkluderer med at det ikkje kan vere eit økonomisk motiv for å sette fyr på skipet. Måten kontrakten er sett opp på, gir ikkje støtte til at det var eit økonomisk motiv, seier Siig.

Heller ikkje at sabotasje skule ha ført til at store mengder dieselolje gav næring til brannen, er det grunnlag for å hevde, seier ho.

– Vi har ikkje kunne lage nye branntekniske undersøkingar, fordi vi ikkje har nok data. Men teorien om dieselolje, kan vi avvise. Det kunne i alle fall ikkje skjedd på den måten mange trur.

Ho viser blant anna til at oljen som er funne låg på asken, og difor må ha lekka ut etter brannen.

Trur ikkje vi får endelege svar

Etter over 30 år er mange spørsmål rundt brannen som framleis manglar svar på. Blant anna kven som tende på.

Fleire dokumentarar og bøker har prøvd å finne svar. I tillegg har politiet i Oslo hatt nye gjennomgangar av saka, og i 2017 kom rapporten frå granskingskommisjonen Stortinget sette ned for å granske brannen, som også avviste sabotasje og økonomiske motiv.

Siig trur vi aldri vil kunne få klare svar på kven som stod bak.

– Vi har ikkje nok fakta. Det er for mykje dokumentasjon som manglar. Det betyr at vi kjem til å sitte med ulike sanningar. Det kan vi ikkje gjere noko med. Det er for seint.

Publisert 13.09.2024, kl. 15.40

Read Entire Article