Det er ikkje noko hemmelegheit at Trump har lyst til å kjøpe verdas største øy.
Måndag sa den påtroppande presidenten i USA at folket på Grønland ville «tene enormt på det dersom, og når, dei blir del av nasjonen».
Men etter at han nekta å utelukke ein militær aksjon, har fleire land protestert.
Danmarks Radio, Berlingske og danske TV 2 erfarer at Danmark sin statsminister, Mette Frederiksen, kallar partileiarane inn til eit hastemøte om saka torsdag kveld.
Partia vil då bli orienterte om kvar regjeringa står til desse siste utviklingane, melder Berlingske.
Grønland er eit uavhengig territorium som høyrer til Danmark, og fekk sjølvstyre i 1979. Den danske statsministeren har informert Trump om at det ikkje er til sals.
– Eg kan forstå at mange av medborgarane våre er bekymra, seier regjeringsleiaren på Grønland, Múte B. Egede, til grønlandske KNR.
– Difor tenker eg at vi må stå saman. Der ligg styrken vår.
– Treng dei for den økonomiske tryggleiken
Det var på ein times lang pressekonferanse tysdag at Trump kom med kommentarane.
– Eg kan ikkje forsikre dykk om nokre av dei to, sa han på spørsmål om han kom til å bruke militærmakt eller økonomisk press for å ta Grønland eller Panama-kanalen.
– Men eg kan seie dette: vi treng dei for den økonomiske tryggleiken.
Han sa også at han hadde tenkt til å bruke «økonomisk makt» for å gjere Canada til ein del av USA.
Kort tid etterpå reiste den eldste sonen hans, Donald Trump Jr., til hovudstaden på Grønland til det han kalla for eit «privat besøk».
Men statsminister Frederiksen sa til danske TV 2 på tysdag at ho ikkje trudde Trump ville prøve å ta Grønland med militær makt.
– Eg har ikkje fantasien til å sjå føre meg at det nokon gong kjem til å gå så langt, sa ho.
EU-leiarar reagerer
Frankrike sin utanriksminister, Jean-Noël Barrot, har reagert på Trump sitt utspel i eit intervju med fransk radio.
– Det kjem ikkje på tale at EU let andre nasjonar i verda, uansett kven dei er, angripe sine uavhengige grenser.
Han seier vidare at han ikkje trur USA «vil invadere» Grønland, men reflekterer at verda har gått inn i ei ny epoke der «dei sterkaste rår».
Den tyske forbundskanslaren, Olaf Sholz, fortel at «fleire europeiske statsleiarar, og regjeringar, og presidenten av Europarådet» har gjort det tydeleg at landegrenser, under folkeretten, er ukrenkelege.
– I mine samtalar med våre europeiske partnarar, har det vore ei merkbar uforståelegheit, seier han vidare.
Stoltenberg: – Ein del av kongeriket Danmark
Tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg seier han er einig med den danske statsministeren om at Nato-allierte USA ikkje vil truge Danmark militært.
– Det amerikanarane er opptekne av er tryggleiken i nord. Det er viktig for heile Nato, seier Stoltenberg til NRK.
Han held fram med at han er trygg på at ein kan finne praktiske ordningar for utplassering av utstyr, som eksempel radarar, for å verne om fleire land sine interesser.
– Europa, og eg som representerer tryggingskonferansen i München, bør bruke tid i Washington for å maksimere sannsynet for at det blir ei god utvikling framover.
Antony Blinken, som er utanriksminister i USA fram til 20. januar, seier at idéen om å gjere Grønland til ein del av USA «ikkje er ein god ein».
– Det kjem openbert ikkje til å skje, meiner han.
Publisert 08.01.2025, kl. 19.11 Oppdatert 08.01.2025, kl. 19.36