– De har tvinga meg til å vitne, vel viten om at eg ikkje veit noko som kan hjelpe etterforskinga dykkar, skriv tidlegare utanriksminister og presidentkandidat Hillary Clinton på X.
Der publiserte ho opningstalen ho heldt i Representanthuset torsdag, då ho vitna om relasjonen sin til Jeffrey Epstein.
Høyringane er lukka, men blir filma og transkriberte.
Også ektemannen hennar, Bill Clinton, skal vitne framfor same panel fredag.
Kontrollkomiteen i Representanthuset leiar undersøkingane i Epstein-saka, og har kravd at Hillary og Bill Clinton vitnar.
Verken Hillary eller Bill Clinton er skulda for kriminelle handlingar.
Bill Clinton i eit boblebad med minst éin annan person. USA sitt justisdepartement har stadfesta at denne personen er eit av Epsteins ofre.
Foto: Epsteins files / Department of JusticeBill Clinton, Ghislaine Maxwell og ei kvinne med et sladda ansikt i eit innandørsbasseng.
Foto: Epsteins files / Department of JusticeBill Clinton saman med ein person med sladda ansikt.
Foto: Epsteins files / Department of JusticeBill Clinton til bords med Ghislaine Maxwell (andre frå venstre) og popstjerne Mick Jagger (i midten) saman med ukjente gjestar. Informasjon om omstenda rundt bildet er ikkje kjente.
Foto: HANDOUT / AFP / NTBBill Clinton saman med ei ukjent kvinne på fanget.
Foto: USAs justisdepartement / NRKBill Clinton saman med Jeffrey Epstein (t.v.) og ein annan person i matchande silkeskjorter.
Grafikk: USAs justisdepartement / NRKBill Clinton saman med Ghislaine Maxwell.
Foto: USAs justisdepartement / NRK
Skal ha besøkt Det kvite hus 17 gongar
Bill Clinton har vore open om sitt kjennskap til seksualforbrytaren Epstein, men hevdar kontakten tok slutt tidleg på 2000-talet.
Epstein skal ha besøkt Det kvite hus minst 17 gongar då Bill Clinton var president, skriv National Review som har analysert besøksloggen.
Flyloggar frå Epsteins privatfly – kjent som Lolita-ekspressen – viser at Clinton har vore med på fire internasjonale reiser i 2002 og 2003, skriv ABC News.
Bill Clinton har reist til Bangkok, Rwanda, Russland og Kina med seksualforbrytar Epstein sitt privatfly.
Foto: US Department of JusticeGhislane Maxwell, Epstein sin ekskjærast, skal ha halde kontakten med Clinton familien fram til 2013. Ho blei straffedømt for seksualbrotsverk i 2021.
Ingen av offera i Epstein-saka har skulda Bill Clinton for upassande oppførsel.
Kva med Donald Trump?
Lenge har ekteparet nekta å stille opp i utspørjing i Kongressen om Epstein-dokumenta.
Likevel snudde dei i begynninga av februar.
Ifølge leiaren i kontrollkomiteen, republikanaren James Comer, snudde dei etter at Kongressen trua med stemne dei, skriv Time.
Kongressen har nemleg rett til å krevje at personar vitnar.
– Donald Trump må svare på spørsmål om Epstein frå dykk kvar dag. Clinton har ikkje svart på nokon så vidt eg veit, sa James Comer til AP News.
Han talte til pressa før Hillary Clinton si høyring.
James Comer leier tilsynskommitten i Representanthuset. Komiteen er ein av dei mest innflytelsesrike og mektigaste panela i Representhuset i USA
Foto: DAVID DEE DELGADO / AFP / NTBHillary Clinton hevdar derimot at ho blir brukt for å ta merksemda bort frå Trump sine forbindingar med Epstein.
– Dei drar oss inn i dette for å ta bort merksemda frå president Donald Trump, sa Hillary Clinton i eit intervju med BBC førre veke.
Dette gjentok ho i opningstalen sin framfor panelet torsdag.
Clinton-paret har bede om at vitnesbyrda deira blir offentleggjorde.
– De har ikkje hatt nokon offentlege høyringar, nekta media å delta i høyringane, inkludert i dag, trass i å ha anerkjent behovet for openheit, seier Hillary Clinton i opningstalen sin til panelet, publisert på X.
Fleire vitne
Dei siste vekene har fleire andre personar blitt stemna til å vitne, blant anna Epstein sin rekneskapsførar Richard Kahn og Epsteins advokat Darren Indyke, skriv Bloomberg Law.
Ghislane Maxwell og milliardær Lex Wexner har alt vitna om banda sine til Epstein.
Berre Ghislane Maxwell og Jeffrey Epstein har så langt blitt dømde for menneskehandel av barn og rekruttering av barn til overgrep.
Er du interessert i meir utanriksstoff?
Publisert 26.02.2026, kl. 22.43 Oppdatert 26.02.2026, kl. 22.51













English (US)