Christiania Taxi blir kasta ut av Helse Bergen etter gransking: – Alvorlege feil

3 hours ago 2



I dag køyrer framleis Christiania Taxi Bergen sine bilar på pasientar som treng transport til og frå behandling i Helse Bergen.

Men det vil helseføretaka ha slutt på no.

Frå 1. oktober skulle taxiselskapet ta del i den nye avtala for pasientreiser saman med tre andre selskap.

Men fem dagar før avtalestart mottok Christiania Taxi Bergen eit avvisingsbrev.

Grunngjevinga er at dei skal ha brote rekneskapslova.

Avvisinga peikar på «alvorlege feil» som sår tvil om selskapet sin «yrkesmessige integritet».

Christiania Taxi Bergen har klaga på avgjersla.

Manglar i rekneskapen

4. juli i år fekk Norgestaxi, Bergen Taxi, Taxi1 og Christiania Taxi Bergen tildelt nye delkontraktar for pasienttransport i Helse Bergen, med ein total verdi på om lag 341 millionar kroner.

Men då Sykehusinnkjøp HF mottok eit varsel med mistanke om at Christiania Taxi Bergen har brote rekneskapslova, granska dei saka og valde å avvise selskapet frå dei nye avtalene.

Ein bil frå Christiania Taxi står parkert utanfor Haukeland universitetssjukehus

Inntil klagen frå Christiania Taxi Bergen er behandla køyrer dei framleis pasientar til og frå behandling i Helse Bergen.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

NRK har fått innsyn i avvisinga. Der står det at selskapet ikkje har fått rekneskapane sine kontrollert av ein revisor, slik rekneskapslova krev.

Det trass i at både inntekter og årsverk ifølge Sykehusinnkjøp er «betydeleg over grensene» for revisjonsplikta.

Sykehusinnkjøp peiker på at avtala for pasientreiser krev «ei høg grad av samarbeid» og «ein påliteleg og lojal samarbeidspartnar som er til å stole på».

Det vurderer dei at Christiania Taxi Bergen ikkje er.

Taxiselskapet er ueinige i avvisinga og har klaga den inn til KOFA.

– Vi har stor tru på at klagen vil føre fram, og ventar på utfallet før vi kan kommentere saka ytterlegare, seier Daniel Velle, driftssjef i Christiania Taxi Bergen.

Velle vil ikkje svare NRK på kvifor rekneskapen ikkje har blitt revidert, eller kva klagen går ut på.

Meiner rutinane er gode nok

Det måtte eit varsel til før Sykehusinnkjøp oppdaga at Christiania Taxi Bergen ikkje oppfylte krava.

Den offentlege innkjøparen legg nemleg til grunn at dei kan stole på opplysingane tilbydarane sjølv leverer inn i konkurransen.

Men er då rutinane for å sjekke at tilbydarane driv etter lovverket gode nok?

– Dette hadde nok ikkje blitt avdekka utan at vi hadde gått nærare inn i saka. Men eg tenker at rutinane er gode nok, seier Julie Rinde, avdelingsleiar i Sykehusinnkjøp HF.

Haukeland sjukehus

Sykehusinnkjøp HF kjøper inn tenester for transport av pasientar tilknytt Helse Bergen.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Trass avvisinga av Christiania Taxi i Bergen er det ikkje sikkert at Sykehusinnkjøp vil ettergå taxiselskapet andre stadar i landet.

– I første omgang konsentrerer vi oss om anskaffinga som gjeld Helse Bergen. Så må vi vurdere om dette får betyding for andre avtalar. Både her og andre stadar, seier Rinde.

Framleis uavklarte avtalar for pasienttransport

Elleve av seksten delkontraktar er inngått og sett i verk frå 1. oktober i Helse Bergen.

2. oktober mottok dei tre andre selskapa beskjed om at dei er tildelt delkontraktane som Christiania Taxi Bergen opphavleg fekk.

Men inntil klagen frå Christiania Taxi Bergen er behandla, held taxiselskapet fram å køyre på pasientar i bergensområdet.

No ventar dei andre taxiselskapa på svar om dei får ein større jafs av avtala, eller ikkje. Dei resterande kontraktane har ein verdi på om lag 123 millionar kroner.

  • ei gruppe biler parkert på ei gate

    Jon Bolstad

    Taxi1

    Dagleg leiar Robert Aasmul i Taxi1 reagerer på at brotet på krava først vart avdekka etter det vart sendt inn varsel på Christiania Taxi Bergen.

    – Anboda krev ei rekke eigenerklæringar. Det er overraskande at Sykehusinnkjøp ikkje kontrollerte desse.

    Aasmul seier Taxi1 er klare for å ta på seg ei auka oppdragsmengde, men meiner Sykehusinnkjøp har brukt unødig lang tid på prosessen.

  • Jan Valeur 2

    Christian Lura

    Bergen Taxi

    Dagleg leiar Jan Valeur seier Bergen Taxi er positive til å få ein større del av avtala og er klare til å levere.

    Valeur vil ikkje kommentere detaljane rundt avvisinga av Christiania Taxi Bergen, men seier det er uvanleg.

    – Det er ikkje ofte at ein tilbydar blir diskvalifisert etter at kontrakten er tildelt. Vi opplever at prosessen har tatt lang tid, men har likevel blitt godt orientert.

  • Oslo 20141027. Bil/logo frå drosjeselskapet Norgestaxi. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB Scanpix

    Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

    Norgestaxi

    Line Rå, regionsjef i Cabonline Vest, betre kjent som Norgestaxi, er glade for at dei kan få ein større del av pasienttransporten til Helse Bergen.

    – Vi opplever ein veldig god dialog med Helse Bergen, og har fått informasjon om at oppstart ikkje vil vere aktuell før klagen frå Christiania Taxi Bergen til KOFA er behandla, og det er fatta ei avgjersle.

Sykehusinnkjøp seier pasienttransporten går som normalt inntil klagen er behandla og dei nye avtalene er avklarte.

– Det kan ta inntil to månadar, men sidan vi avventar signering av kontraktar så er det ei prioritert sak hos KOFA, opplyser Rinde.

Publisert 26.10.2025, kl. 11.08

Read Entire Article