ChatGPT kan ikkje erstatta pensumbøker

2 days ago 3



KRONIKK: Det er fullstendig skivebom når ein forelesar oppfordrar studentar til å bruke pengar på ChatGPT i staden for å kjøpe pensumbøker.

Ved å bruke KI i staden for å lese kvalitetssikra tekstar risikerer vi å redusere kognitive ferdigheiter som konsentrasjon, kritisk tenking, førestillingsevne og kreativitet. Foto: Shutterstock
  • Marte Pupe Støyva

    Stipendiat i utdanningsvitskap og humaniora ved Nasjonalt Lesesenter, UiS

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er ingen tvil om at kunstig intelligens kan forkorte og forenkle vanskelege tekstar, men kva skjer dersom det faglege grunnlaget for framtidige sjukepleiarar er basert på informasjon enkelt forklart til seg, «som eit barnehagebarn»?

Problematiske språkmodellar

Det er ikkje nok med forenkla oppsummeringar av fagstoff i møte med kompliserte utfordringar. Ta sjukepleiarar, til dømes. Dei må vere i stand til å ta vanskelege etiske avgjerder i yrket sitt, utvise fagleg skjønn, yte medmenneskeleg omsorg og handtere ein stressande jobbkvardag. Dei må analysere utfordrande situasjonar og evne å kome opp med løysingar på avanserte problem.

For å få til dette må dei ha solid fagleg og teoretisk tyngde i botn, ikkje berre overflatisk kunnskap. Vi bør vere svært kritiske til å overlate studentar til ChatGPT og andre språkmodellar som er utvikla av dei store, utanlandske teknologi-gigantane. Språkmodellane er ikkje nøytrale, særleg ikkje når det gjeld akademia. I USA ser vi til dømes at utdanningsinstitusjonar ikkje lenger får statlege pengar til emne knytt til mangfald, likeverd og inkludering.

Det er naivt å tru at slike politiske ståstadar ikkje blir reflektert i dei store språkmodellane. Ein sjukepleiarstudent som bruker ChatGPT vil treffe på andre haldningar og etiske verdiar enn kva som blir lagt vekt på i ei norsk, fagfellevurdert pensumbok. Dessutan kjem det å lese lange, samanhengande tekstar med fleire viktige fordelar.

Kvifor gidde å lese pensumboka?

Ei pensumbok som er skriven for ditt fagfelt gir deg truverdig, påliteleg innhald som har vore gjennom strenge kontrollar. Ho gjev deg djuptgåande og grundig kunnskap som er formidla på ein måte som er tilpassa ditt felt og ditt nivå. Vi bør sjølvsagt vere opne for digitale nyvinningar når det gjeld norske fagbøker, men på ein måte som både sikrar den faglege kvaliteten på innhaldet og forfattarane sine rettigheiter.

Samstundes må vi ikkje gløyme at papirboka har nokre unike kvalitetar som studentar bør nyttiggjere seg av. Ho er ein robust teknologi som effektivt legg til rette for konsentrert fordjuping over tid. Ho har ingen andre, freistande distraksjonar lett tilgjengeleg. I tillegg gir papirboka deg ei konkret og fysisk oversikt som kan hjelpe deg med å få kontroll over innhaldet.

Det å bruke tid og krefter på å lese lange tekstar er med på å utvikle evna vår til å reflektere grundig over fagleg innhald. Det trener oss opp til å trekke eigne konklusjonar og sjå informasjon i ein større fagleg samanheng. Ved å bruke KI i staden for å lese kvalitetssikra tekstar risikerer vi å redusere kognitive ferdigheiter som konsentrasjon, kritisk tenking, førestillingsevne og kreativitet.

Effektivt?

Dette er ferdigheiter som vi blir heilt avhengige av for å løyse dei store utfordringane vi som samfunn står overfor i framtida. Til studenten som sa: «Eg brukar mykje ChatGPT, fordi det er veldig lett. Ein treng ikkje lese i fleire timar for å finne den vesle informasjonen ein treng», vil eg seie følgjande: det å lese sjølv handlar ikkje berre om å leite seg fram til korte bolkar med informasjon. Det handlar om å utvikle evne til kritiske refleksjonar, til å kunne analysere og tolke innhald og til å sjølv avgjere kva som er mest relevant for deg i din unike situasjon.

I dag er vi så opptekne av effektivitet at det ikkje er rart at vi lar oss lokke av lovnadane frå dei store språkmodellane. Tenk så digg at KI kan «lese» for oss, så slepp vi å lese sjølv! Men om vi alltid prøver å oppnå best mogleg karakter med minst mogleg innsats, risikerer vi å gjere oss sjølve ei stor bjørneteneste. Vi treng studentar som ikkje berre får gode karakterar på eksamen, men som får den kunnskapen og det faglege grunnlaget som blir nødvendig i framtida. Vi skal sjølvsagt bruke ny teknologi på smarte, gjennomtenkte måtar i høgare utdanning. For å få til dette er det på sin plass å vurdere endringar i dagens lovverk kring opphavsrett og boklova. Men enn så lenge er det å erstatte pensumbøkene med ChatGPT ei dårleg løysing.

Publisert:

Publisert: 22. oktober 2025 19:19

Read Entire Article