Cathrines idé blir brukt for å hindre legeflukt

1 month ago 20



Tenk deg at du kjem på din første arbeidsdag. Du er heilt ny og kjenner kanskje ikkje ein sjel.

Og kva skjer?

  • Ingen presenterer deg for nye kollegaer
  • Ingen fortel deg kor du kan få ein kopp kaffi eller kor toaletta er
  • Ingen seier at du kan spørje dei om du lurar på noko

Dette er kvardagen for mange unge legar som startar i spesialisering, såkalla LIS, på sjukehusa rundt om i landet.

En lege går i en sykehuskorridor

Legar i spesialisering har ofte blitt overlate til seg sjølv på sjukehusa.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Fleire av dei flyktar frå sjukehusjobbane.

Legeforeininga si medlemsundersøking, laga av Rambøll, visar at 46 prosent av dei 9614 som deltok ikkje vil eller er usikre på om dei vil jobbe på sjukehus om to år.

Det tilsvarar nesten fem tusen legar.

No er håpet at ei ny fadderordning kan vere med på å løyse problemet.

Sjukehuset i Østfold er først ute med å innføre ordninga på alle avdelingar. Arbeidet starta i september.

Mista 19 kollegaer på eitt år

Cathrine Kristoffersen heiter ho som er hjernen bak fadderordninga.

Ho starta sin legespesialisering på sjukehuset i Vestfold i 2018. Starten var ikkje god.

– Velkomsten var dårleg og jobben var strevsam. Det verste var likevel at kollegaene mine slutta heile tida.

I løpet av 14 månader mista ho 19 av 30 kollegaer.

Lege Cathrine Kristoffersen. Hun har mørkt hår i hestehale. Hun har på seg svart jakke og svart t-skjorte. Hun smiler.

Cathrine Kristoffersen er lege ved sjukehuset i Vestfold og fadderordninga si «mor».

Foto: Sykehuset i Vestfold

– For oss som blei verande blei det ekstremt mykje overtid. Og når arbeidsoppgåvene blir så mange at det hindrar læring, så fell kanskje motivasjonen for å jobbe. Det blei ein vond spiral.

Ho byrja å gruble på kva som skulle til for å få kollegaene til å bli.

Kristoffersen landa på at løysinga var å lage ei fadderordning. Leiinga sa ja, og i 2021 starta ho jobben.

Ei hand å halde i

– Eg tok tak i det eg kjende at eg mangla sjølv. Eit godt arbeidsmiljø, kjensla av å høyre til og det å ha nokon å snakke med viss det var litt vanskeleg.

I mars 2023 blei fadderordninga fødd på sjukehuset i Vestfold.

Kvar ny lege som skulle i spesialisering på avdelinga til Kristoffersen, fekk sin eigen lege-fadder som kontakta dei før dei starta i jobben.

  • Som møtte dei første arbeidsdag
  • Som viste dei rundt og presenterte dei for kollegaene
  • Som var ein dei kunne spørje om hjelp

Ein fadder viste seg å vere nett det dei yngre legane trong.

– Til no har 29 legar fått ein fadder. Berre seks av dei har slutta.

I år blei ordninga gjort til eit eige innovasjonsprosjekt i Helse Sør-Øst.

Pinleg lang tid

Då prosjektet starta i april var tanken at fadderordninga skulle innførast på halvparten av dei medisinske avdelingane i helseregionen.

– Men allereie i juni var alle dei medisinske avdelingane med, fortel Kristoffersen.

Det seier noko om kor stort behovet er, meiner Andreas Moan, som er prosjektdirektør i Helse Sør-Øst.

Andreas Moan står ved en plakat for Helse Sør-Øst. Han har på seg svart v-halset genser med en lyseblå skjorte under. Han har rødlig, kort hår. Han smiler. Han har briller uten innfatning.

Andreas Moan, prosjektdirektør i Helse Sør-Øst.

Foto: Helse Sør-Øst RHF

– Eg har aldri sett noko innovasjonsprosjekt som har spreidd seg så fort.

Han seier det er pinleg at det har tatt så lang tid før sjukehusa har forstått at nye legar må bli tatt skikkeleg imot.

Viktig signal

Leiaren for dei yngre legane i Legeforeininga, Ingeborg Henriksen, seier dei òg ofte høyrer om legar som kjenner seg aleine når dei startar på sjukehusa.

Ho meiner det er på høg tid at eit tiltak som fadderordninga kjem.

Ingeborg Henriksen, leiar av Yngre legers forening, står ute. Hun har langt, lyst hår og briller uten innfatning. Hun har på seg grønn kjole. Vi ser henne fra brystet og opp.

Ingeborg Henriksen, leiar for dei yngre legane i Legeforeininga.

Foto: Sturlason / Yngre legers forening

– At arbeidsgjevar og Helse Sør-Øst anerkjenner behovet og vil prioritere det er eit kjempeviktig signal.

Samstundes seier ho at fadderordninga ikkje på nokon måte erstattar arbeidsgjevar sitt ansvar.

Først med fadder til alle

Òg ved sjukehuset på Kalnes i Østfold har nye legar blitt overlate til seg sjølv. Fram til no.

Fadderordninga starta på medisinsk avdeling, og Sophie Asperud er ein av legane som har fått ein fadder. Ho byrja i jobben for berre nokre få veker sidan. Ho veit korleis det er å bli overlaten til seg sjølv.

Birgitte Brandt og Sophie Asperud, to kvinnelige leger står og snakker sammen i en gang på sykehuset i Østfold. De har kaffekopper i hendene. Begge har legeuniform på seg. Birgitte har lyst hår til kjeven, Sophie har mørkt, oppsatt hår. Begge smiler. Sophie har briller med mørk innfatning.

Birgitte Brandt er utdanningskoordinerande overlege. Sophie Asperud er lege i spesialisering.

Foto: Sykehuset Østfold

Det har ho opplevd det på andre sjukehus. På Kalnes er det annleis.

– Kjensla av litt angst trong ein ikkje ha. Her såg ein fram til å bli møtt, og at det var eit tydeleg opplegg for dei første dagane.

Sophie blir langt frå den einaste nye legen på sjukehuset som får fadder.

Birgitte Brandt som er overlege og ansvarleg for at spesialistutdanninga til legane fungerer som ho skal, fortel at ordninga skal innførast på alle avdelingane.

Det gjer sjukehuset i Østfold til det første i Helse Sør-Øst kor alle nye legar skal få fadder.

Gamal legekultur

Så kvifor har det tatt så lang tid før noko har blitt gjort for dei nytilsette legane?

– Det har med tradisjon å gjere. Legar har berre fått inngangskortet i handa og blitt kasta rett ut i jobben.

Det fortel Helge Stene-Johansen.

Mann med grått kort hår står i en av gangene på Sykehuset Østfold. Har på seg lyseblå skjorte og blå dressjakke. Han har identitetskortet sitt rundt halsen.

Helge Stene-Johansen, administrerande direktør ved sjukehuset i Østfold, seier unge legar skal få ein betre start.

Foto: Sykehuset Østfold

Han er administrerande direktør ved sjukehuset i Østfold, og har sjølv vore lege i mange år.

Men no tek altså sjukehuset hans tak i dei gamle, og truleg dårlege, tradisjonane.

– Ein har blitt mykje meir klar over at yngre legar treng god rettleiing for å trivast i jobben sin.

Og det ser ut til at fadderordninga og rettleiinga allereie fungerer. Sophie seier nemleg at ho har det så bra at trur ho blir verande.

Hei

Takk for at du har lese saka. 

Ta gjerne kontakt om du har tankar om artikkelen eller har andre saker du meiner eg bør ta tak i. 

Publisert 16.10.2024, kl. 21.25

Read Entire Article