Bygger betong-bomberom i russisk storby

1 month ago 21



I den russiske regionen Kursk er dei i gang med å installere dei første av fleire tilfluktsrom i betong.

Det skriv guvernøren i Kursk, Alexei Smirnov, på Telegram.

Tilfluktsromma skal beskytte sivile mot ukrainske åtak mot regionen, etter at Ukraina brått og overraskande gjekk inn i Kursk 6. august.

Vil ikkje ta Kursk by

Det er byane Kursk by, Zheleznogorsk og Kurtsjatov som skal få slike tilfluktsrom. Dei skal stå ved busstopp og andre plassar der det vanlegvis samlar seg mange folk, ifølge Smirnov.

Men ukrainske styrker er ikkje i nærleiken av Kursk by. Dit har dei heller ikkje tenkt seg, trur sjefsforskar Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskningsinstitutt (FFI).

– Ukraina tek berre område som er taktisk nyttige for dei no. Dei har ingen planar om å halde på dei. Og å ta Kursk med sine 450.000 innbyggarar, er ikkje taktisk lurt, og knapt nok mogleg – det vil berre koste dei dyrt.

Tor Bukkvoll om Ukraina

Tor Bukkvoll er sjefsforskar ved FFI og ekspert på ukrainsk og russisk forsvarspolitikk.

Foto: Hanna Johre/NRK

Heller ikkje luftåtak treng innbyggarane i Kursk å vere særleg redde for, trur Bukkvoll.

– Det er ingen av partane i krigen som greier å bruke fly på den måten heller, fordi det er så mykje luftvern på begge sider.

Panikkreaksjon

Bukkvoll trur det kan vere to grunnar til at russiske styresmakter no set opp bomberom i byen likevel.

– Det kan hende det er ein panikkreaksjon. Russland blei fullstendig tatt på senga av den ukrainske invasjonen, dei hadde ikkje førebudd seg på noko vis, seier han, før han legg til:

– Eller så kan det vere at dei vil skape ei kjensle av tryggleik for befolkninga i byen.

Men det kan slå begge vegar. Å bygge tilfluktsrom i panikk no, kan gi folk inntrykket av at Kursk står i fare.

Eit flyfoto viser skog, bilveg og ti murbygg ovanfrå. Røyk stig frå to av bygga, som er trefte av eit luftåtak.

Røyk stig etter ein eksplosjon i Glusjkovo i Kursk, etter ei ukrainsk åtak. Biletet er delt av sjefen for det ukrainske luftvernet, Mykola Oleshchuk.

Foto: UKRAINE'S AIR FORCE COMMANDER MYKOLA OLESHCHUK / Reuters

Den nye normalen

Ukrainas president Zelenskyj har sagt at måla for invasjonen av Kursk er å trekke russiske styrker frå Donbas i Ukraina tilbake til Russland, og å lage ei buffersone langs grensa for å hindre russiske åtak mot ukrainsk side.

Til no har russarane sett inn avgrensa med styrker i Kursk, og fokusert på å avgrense invasjonen, heller enn å slå tilbake.

Men kor lenge kan president Putin tole at ukrainske styrkar er inne på russisk territorium?

– Det kjem an på kor lenge han greier å kontrollere folkemeininga, trur Bukkvoll.

Ein ukrainsk soldat går forbi eit byhus i landsbyen Sudzha i Kursk. Ein forlatt bil står ved sidan av huset, som har skothol og sot på seg.

Ein ukrainsk soldat i den russiske landsbyen Sudzja, som ukrainarane har tatt kontroll over. Å ta ein by er noko heilt anna, seier Tor Bukkvoll.

Foto: AP

Ifølge den uavhengige nettavisa Meduza, trur kjelder inne i Kreml at den ukrainske invasjonen kan halde fram i månadsvis.

Dei ønsker å overtyde russarane om at dette er den nye normalen, og at fienden vil bli overvunne – men at dette vil ta tid, skriv Meduza.

Men dette er altså den største invasjonen av russisk territorium sidan 2. verdskrigen.

– Det er klart at dette ikkje ser pent ut frå Putin si side. Om han ikkje greier å overtyde folket om at han har kontroll her, kan han ikkje sete og sjå på dette i lang tid, seier Bukkvoll.

Interessert i utanriksstoff? Høyr ein fersk episode av utanriksredaksjonen sin podcast:

Publisert 22.08.2024, kl. 20.46

Read Entire Article