Bustadmangel i distrikta: Lene og Gøran har leita i fire år

1 week ago 10



Det går mot kveld heime hos tobarnsfamilien i Kvenvik i Alta. Men her ønsker de eigentleg ikkje å bu.

Dei ønsker å flytte til Kvænangen i Nord-Troms. Jakta etter ein bustad er alt anna enn lett.

– Vi har leita i fire år, heilt sidan ungane blei født. Vi ønsker oss eit hus med litt eigedom og fjøs, seier Lene Røsberg.

Det er ikkje mangel på hus som står tomme i kommunen med vel 1.200 innbyggjarane.

Men dei er dei ikkje til sals.

– Det er ikkje mange som vil selje. Vi blir gåande på vent.

Lene og Gøran Røsberg.

Lene Røsberg og Gøran Olaussen bur i Alta, men har i fire år leita etter bustad i Nord-Troms.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

Byggjast nesten ikkje i distrikta

Ho slit med å forstå at det skal vere så vanskeleg for ein ung barnefamilie å finne seg ein stad å bu i ein distriktskommune i nord.

– Vi ønsker at ungane skal vokse opp på ein litt mindre plass. Om vi berre ville ha eit hus, kunne vi blitt buande her. Men vi trivast med å bu på ein stad kor vi kan boltre oss og gjere ting på fritida rundt huset, og skape eit liv der, seier ho.

NRK har kartlagt at det er 6.477 utleigarar på Airbnb i heile Nord-Noreg. Fleire politikarar seier at det bidrar til at folk som vil busette seg i distrikta slit med å finne seg bustad.

Vi har også spurt alle kommunane i Troms om det blir bygd nye bustadar.

Svara viser at det nærmast er byggestopp i distrikta. I åtte av 22 kommunar har det ikkje blitt starta eit einaste prosjekt. Fire kommunar kan melde om byggestart for ein bustad, mens det er starta å bygge to til tre bustadar i tre kommunar.

Vi har spurt fleire distriktsordførarar om dei opplever ein bustadmangel:

Ordførar i Lyngen kommune, Eirik Larsen

Simen Wingstad / NRK

Lyngen-ordførar Eirik Larsen

Ja, det er stor bustadmangel. Tilsette har valt å flytte pga. mangel på bustad.

Problemet med å skaffe seg bustad gjeld heile kommunen.

Ordførar Mona Benjaminsen i Karlsøy og folk på gata. Namn kjem. Alle fotos Øystein A. Antonsen NRK

NRK

Karlsøy-ordførar Mona Benjaminsen

Ja, det er bustadmangel. Eg ikkje oversikt over kor mange som har søkt om kommunal bustad, og som eventuelt står i kø. Men eg veit likevel at det er mange som ikkje fell inn under kategorien prioriterte for kommunal bustad som er på utkikk etter leilegheit/hus.

Geir Inge Sivertsen – ordførar i Senja

Pål Hansen / NRK

Senja-ordførar Geir-Inge Sivertsen

JA! Det er bustadmangel i Senja kommune, både i sentrumsområdet og ute i distrikta der næringsaktiviteten har vekst og etterspørsel etter arbeidskraft. Ein analyse Senja kommune gjorde i 2022, viste eit behov for 300–400 nye bustader fram til 2025. Sjølv om det er bygd noko sidan 2022, så er dette behovet framleis representativt fram mot 2030.

Martin Nymo

NRK

Målselv-ordførar Martin Nymo

Bustadmangelen nærmar seg. Med så mange flyktningar som vi har tatt imot, og dessutan behov for nye bustader til forsvarstilsette, så slit folk med å finne bustader.

Ørjan Albrigtsen, ordførar Skjervøy (KrF)

Erik Hind Sveen

Skjervøy-ordførar Ørjan Albrigtsen

Ja. På tettstaden Skjervøy er det stor konkurranse om dei få bustadene som blir lagde ut, mens i distriktet slit unge som ønsker å bu landleg i konkurranse med dei som ønsker ferie hus.

Hege Beate Rollmoen ordførar i Lavangen

Eirik Hind Sveen

Lavangen-ordførar Hege Myrseth Rollmoen

Ja, i periodar er det bustadmangel. I verste fall kan det bli ein konsekvens at det blir vanskeleg å rekruttere tilsette Det er tilfelle der tilflyttarar ikkje klarer å skaffe seg eigna bustad.

Troms fylke er ikkje aleine om å oppleve ein nedgang i byggeaktivitet:

Den totale nedgangen frå første kvartal i fjor til i same tid i år er på landsbasis på 2 prosent. I Troms er den på heile 65 prosent.

Det viser tal frå Boligprodusentenes foreining.

– Bustad er blitt ein flaskehals

Kvænangen er ein av kommunane som opplever byggekollaps.

Ordførar Kai Petter Johansen (SV) synest det er trasig at unge som vil flytte til kommunen ikkje finn seg bustad.

– Det hemjar utviklinga i samfunna våre når vi stadig vekk opplever at vi manglar hender i skole, barnehage, helse og andre samfunnskritiske oppgåver vi skal løyse. Det påverkar alle delar av samfunnet når vi ikkje klarer å få folk busett.

Kai Petter Johansen

Ordførar i Kvænangen, Kai Petter Johansen.

Foto: Pål Hansen / NRK

Han seier at halvparten av bustadane i Nord-Troms-kommunen blir brukt som fritidsbustadar. Det var da kommunen skulle ta imot flyktningar frå krigen i Ukraina, at dei oppdaga kor stor bustadmangelen er.

Sjølv om nabokommunen Nordreisa har fleire nybygg på gong, beskriv også ordførar Hilde Nyvoll (Ap) ein situasjon med bustadmangel.

– Bustadutfordringane i distriktet har blitt ein flaskehals, seier ho.

Boligbygging på Karlsøy

Dette er for tida eit sjeldan syn i Troms.

Foto: Pål Hansen / NRK

Ønsker å ta større risiko

Begge kommunane brukar lokale verkemiddel for å få nytilflytting.

Kvænangen har mellom anna gratis hustomter fleire stader.

Nordreisa bygger omsorgsbustader for at eldre.

Dei har både gratis barnehage og andre godar gjennom tiltakssona for Nord-Troms og Finnmark.

Men det hjelp lite utan bustad.

– Kva ville du ønska deg om du tok bustadmangelen opp med finansministeren?

– At ein må få på plass ordningar som gjer støtte til dei som bygger utleigebustader for folk som vil busette seg i distrikta, seier Nyvoll.

Hilde Anita Nyvoll ordfører Nordreisa

Ordførar i Nordreisa, Hilde Nyvoll.

Foto: Hans L. Andreassen/NRK

– Vi ville bedt han om å stryke verkemidla og ordningane vi har gjennom Husbanken. Dei må gjere kommunane i stand til å gi gode vilkår for bygging. Kommunane burde sjølv kunne ta ein større del av byrda og risikoen med bustadutbygging, seier Johansen.

Årsaka er enkel:

Det kostar det same å bygge i Kvænangen som i Tromsø. Men når du skal selje, har bustaden gjerne falt i verdi, mens den aukar i byane.

Vedum vil bruke meir pengar i distrikta

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier at det nasjonalt har vore lite bustadbygging dei siste åra.

Derfor er han einig med ordførarane i Nord-Troms. Han seier at regjeringa ser på nokre av tiltaka dei ber om.

– Vi ser både på tilskot for meir bygging, og vi har gjort justeringar for reglane til Husbanken. No har vi reglane for private bankar ute på høyring. Vi ber om innspel frå alle lokalsamfunn på korleis reglane bør vere framover for bustadutlån, seier han.

Trygve Slagsvold Vedum

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Foto: Torkil Stoltz / NRK

Når han høyrer om paret i Alta som ikkje finn seg bustad i Kvænangen, seier han at regjeringa jobbar aktivt med bustadpolitikk.

– Staten kjem til å ha fleire verkemiddel for bustadbygging i distrikta i åra framover. Vi kjem til å bruke meir ressursar på bustad i budsjettet for 2025.

Samtidig minner han om at høg rente og dyrtid kan ha betydning for om folk tør bygge akkurat no.

– Noreg er mangfaldig, og vi treng bustadbygging i heile landet. Vi må klare å få opp bustadbygginga også på dei mindre stadane, seier han.

Draumar om et småbruk

Tilbake i Alta fortsett draumen til familien om småbruket dei skal skape livet sitt i.

Portrett av Lena Røssbakk i Kvenvik i Alta. Bak ser vi leker og ei trapp.

Lene Røsberg og familien draumar om eit småbruk.

Foto: Johan Isak Niska / NRK

– By er fint. Men i Kvænangen har vi fjell og vann. Du kan dra på fisketur, bruke naturen og mykje meir. Eg trur mange ønsker seg ein større eigedom kor ein kan bruke og leve med meir enn å berre bu, seier ho.

– Vi gir ikkje opp. Men finn vi ikkje noko, må vi begynne å sjå på andre stader, seier Røsberg.

Hei!

Hei! Har du noen tanker eller innspill på det du har lest, send gjerne meg en e-post. Har du eller kjenner du noen som opplever boligmangel i distriktet, tips oss gjerne om dem.

Publisert 04.09.2024, kl. 06.28

Read Entire Article