Bruker gamle Sovjet-bomber i Kharkiv: – Terro­riserer folk

2 days ago 9



Midt i Kharkiv sentrum står ei bustadblokk i tverrsnitt. Noko kraftig har trengt seg inn gjennom taket, og rive med seg golv og vegger i alle fire etasjar.

Dette er effekten av ei russisk glidebombe.

Bombene har ei enorm eksplosjonskraft, etterlet seg store skader på menneskelege organ og eit krater på heile 15 diameter der dei treff.

Olga Djakovetska var inne i leilegheita si då ei slik bombe trefte bygget sist veke. Ein person vart drepen, og ni vart såra.

Olga Djakovetska

Djakovetska og mannen hennar overlevde angrepet. Men ein av naboane vart drepen.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

– Då eg såg ut vindauget i stova, såg eg mange øydelagde bilar og skadde menneske. Eg forstod at det hadde skjedd ein eksplosjon, seier ho til NRK.

– Eg mobiliserte meg sjølv i det augneblikket. Eg tenkte på korleis eg skulle hjelpe mannen min og katten. Den sterke frykta kom dagen etterpå.

Bruker bomber frå den kalde krigen

Eit gammalt russisk ess i ermet skapar enorme øydeleggingar i Ukraina.

Russarane har nemleg henta fram gamle, tunge bomber frå Sovjet-tida.

På ein fabrikk utanfor Moskva får bombene på opp til 3000 kilo eit moderne navigasjonssystem med høgt presisjonsnivå. Dei får også små venger som verte aktiverte i lufta.

Russisk glidebombe

Det russiske forsvarsdepartementet har offentleggjort bilete av glidebomber som vert brukte mot mål i Ukraina.

Foto: Russlands forsvarsdepartement

Med desse effektane kan bombene gli på skrå nedover mot måla sine, og påføre ukrainske mål enorme skader på god avstand – til og med inne frå russisk luftrom.

Desse har vorte eitt av Russland sine viktigaste våpen i Ukraina-krigen, fordi dei er svært kraftige, etter forholda billige, og finst i hundretusenvis på russiske lager etter den kalde krigen, ifølge BBC.

Russia Ukraine War Scorched Earth

Det russiske forsvarsdepartementet har sjølve sendt ut ein video av ei glidebombe som vert skoten ut frå eit fly. Det er ikkje kjent kvar eller når videoen er filma.

Foto: AP

Glidebombene har snudd situasjonen ved fronten. Ein rapport frå Centre for European Policy Analysis (CEPA) slår fast at dei var avgjerande for at russarane greidde å ta kontroll over nøkkelbyen Avdiivka i den okkuperte Donetsk-regionen i februar.

Og no bruker russiske styrker bombene mot Kharkiv i nordaust. Ukraina slit med å overvinne dei.

Handlesenter

For litt over ein månad sidan vart dette kjøpesenteret i Kharkiv angripe. 18 menneske vart drepne, og fleire titals såra.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

– Terroriserer folk i Kharkiv

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa i helga at Russland hadde skote ut 800 bomber av denne typen i løpet av veka som var.

Mange av dei treff Kharkiv fylke og Kharkiv by.

Dei NRK har snakka med fortel at dei er redde, fordi dei aldri veit kvar eller når glidebombene vil slå ned. Dei seier det er ein form for terror frå russisk side.

– Heile tida skjer det eksplosjonar frå store bomber. Folk døyr. Det er mange som er såra, seier ein av dei, Oleg Shnurenko.

– Vi kan ikkje jage vekk flya deira, for vi har ikkje luftvern. Dei brukar dette for å terrorisere folk i Kharkiv og i heile fylket.

Oleg Shnurenko

Shnurenko seier at dei som bur i Kharkiv er i ein «sørgeleg situasjon».

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

Om lag 30 kilometer unna ligg den russiske grensa. Dei harde kampane rasar altså berre 15 til 20 kilometer frå der Shnurenko står.

No ønsker Zelenskyj seg fleire luftvernsystem for å stå imot dei russiske bombeangrepa. Etter lovande utsegn frå USAs forsvarsdepartement i natt, kan det sjå ut som at ønsket vert innfridd på Nato-møtet i Washington neste veke.

Bombeangrep «kvar dag»

«Kharkiv er uovervinneleg», står det på ein stor plakat i sentrum av byen, som er dobbelt så stor som Oslo. Men folka som bur her merkar svært godt at krigen er nærme.

Nattehimmelen vert lyst opp av eksplosjonar ved fronten kvar kveld. Flyalarmen går opp mot ti gongar i døgnet. Med få dagars mellomrom fell bombar som øydelegg store område av byen.

– Kvar dag vert vi råka av bombeangrep, fortel unge Anastasia Kustava til NRK.

– Vi høyrer eksplosjonar frå fronten heile tida. Det er skremmande å bu her. Sivile lid, og det er svært synd.

«Kharkiv er uovervinneleg», heiter det på plakaten.

Skiltet står ved eit bygg som er i ferd med å restaurerast. Men byen vert stadig råka av nye angrep.

Foto: Jan Espen Kruse / NRK

NRK møter også studenten Vitalij Kurshunmov (18). Også han er prega av det som skjer.

– Eg blei fødd i ein landsby i nærleiken, som no vert skoten mot av russiske soldatar kvar dag. Eg er redd for kampane, og det er forferdeleg å leve her.

Til å vere ein by med om lag ein million innbyggarar, ser ein lite folk i gatene. Mange held seg heime og håpar dei er tryggare der.

– Ingen kan sjå for seg kor frykteleg det er, seier Djakovetska.

Publisert 03.07.2024, kl. 10.21

Read Entire Article