Bremsar ikkje på raudt lys: Rekordstor produksjon av oppdretts­fisk

1 day ago 1



– Problema er framleis store. Det er eit prekært behov for å endra måten næringa blir forvalta på, seier forskingsleiar Mari Myksvoll i Havforskingsinstituttet.

Den ferske risikorapporten for norsk fiskeoppdrett i 2026 viser store utfordringar. Her er nokre hovudpunkt:

  • Dårleg dyrevelferd i oppdrettsanlegg og negative effektar av lakselus på villfisk er framleis dei største hindringane for å oppnå berekraft.
  • Høg vasstemperatur, meir fisk i sjø og hyppigare avlusing har forverra situasjonen dei siste åra.
  • Tal frå Fiskeridirektoratet viser at 67 millionar oppdrettslaks gjekk tapt i 2025. Over 54 millionar av desse døydde i merdane. Det er litt færre enn året før, men framleis høgt.

Likevel er produksjonen rekordstor. Ein auke på 200.000 tonn fisk frå 2024 til 2025 utgjer den største årlege veksten i perioden 1980-2025.

Det skjer trass i trafikklysordninga som skulle regulera produksjonen, og auken overraskar forskarane.

en gruppe mennesker i et rom med store skjermer (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Forskingssjef Mari Myksvoll under presentasjonen av risikorapporten til Havforskingsinstituttet onsdag føremiddag.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Skulle ikkje vore mogleg

Ordninga med trafikklys i oppdrettsnæringa blei innført i 2017 og tatt i bruk året etter. Den deler kysten inn i 13 område, som blir farga grøn, gul eller raud.

Fargane viser kor mykje lakselus påverkar villaks i området, og avgjer om oppdrettarane får løyve til å veksa, oppretthalda produksjonskapasiteten eller om dei må redusera kapasiteten.

To område på Vestlandet er farga raudt. Likevel aukar produksjonen også her, viser rapporten.

– Det synest me var overraskande, for me hadde forventa at produksjonen i området som har vore raudt heile perioden skulle gått ned, seier forskingsleiar Mari Myksvoll.

– Trafikklyssystemet blei jo innført nettopp fordi utfordringane var så store allereie den gongen. Og det er ikkje blitt så veldig mykje betre. Sånn sett kan me seia at det er på høg tid å få ei løysing på dette.

 NFD

Trafikklysordninga blei innført i 20217 og tatt i bruk året etter. Område 4, frå Nordhordland til Stad i Vestland, har vore raudt sidan. Likevel aukar produksjonen også her.

Grafikk: NFD

Nedtrekket i produksjonen på raudt lys går på den totale mengda oppdrettarar har lov til å produsera. Auken kan difor forklarast med at oppdrettarar har utnytta mogleg produksjon meir.

– Det skulle jo i utgangspunktet vore umogleg at produksjonen aukar når lyset er raudt. Dette er med på å forklara at me ikkje klarer å verna den sårbare villaksen, meiner leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

– Politikarane tør ikkje å ta dei naudsynte grepa overfor oppdrettsnæringa. Då fortset problema knytte til dyrevelferd og miljø.

Ordninga held fram inntil vidare

I fjor varsla regjeringa at ho ville skrota trafikklysordninga. Likevel held ordninga fram inntil eit nytt reguleringssystem er på plass, blei eit fleirtal av partia på Stortinget samde om i fjor sommar.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv i eit svar til NRK at dei er i gang med å følga opp havbruksmeldinga og dyrevelferdsmeldinga.

– Risikorapporten viser at oppdrettsnæringa framleis har store utfordringar med fiskevelferd og lakselus, samtidig som produksjonen har auka kraftig dei siste åra. Det viser kor viktig det er at vidare vekst skjer innanfor berekraftige rammer, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Forskingsleiar Mari Myksvoll ved Havforskingsinstituttet seier framtida er uviss om det ikkje blir tatt grep snart.

– Det ser ikkje veldig bra ut no. Utfordringa med lakselus breier seg også nordover. problema er berre blitt større og større i ein større del av landet. Så effekten på laks og sjøaure spesielt, som står i fjordane mykje lenger, er veldig dårleg.

Publisert 11.02.2026, kl. 10.18 Oppdatert 11.02.2026, kl. 10.37

Read Entire Article