Bransje med frynsete rykte blir sett i korta

8 hours ago 1



Skatteetaten, Politiet, Arbeidstilsynet, Nav og Tolletaten har dei siste åra halde eit ekstra godt auge med den norske varebilbransjen, og dokumentert fleire lovbrot.

Ein felles rapport frå 2023 avdekka indikasjonar på svart arbeid i nesten kvar tredje kontrollerte varebil.

Rapporten viser at mange av sjåførane var nye i landet og mangla kunnskap om rettane sine. Dette utnytta kriminelle bakmenn til å presse fram lange arbeidsdagar og uforsvarleg låg lønn.

I tillegg har Statens vegvesen avdekka tekniske feil, overlast eller manglande førarkort på nærmare sju av ti kontrollerte køyretøy.

Vert ikkje sjekka godt nok

Regjeringa innførte eit generelt krav om HMS-kort i varebilbransjen ved nyttår for å få bukt med problema. Kortet skal identifisere kven sjåføren er, og kven som faktisk er arbeidsgjevar.

Men det hjelper lite med påbod dersom ingen sjekkar dei.

Derfor strammar Arbeids- og inkluderingsdepartementet no grepet ytterlegare og flyttar ansvaret over på oppdragsgjevaren.

I praksis betyr det at verksemder som leiger inn varebilar for å frakte varer til forbrukarar – som elektronikkjeder og matkasseleverandørar – må sikre at HMS-korta er på plass allereie når dei skriv kontrakten.

Regjeringa har som mål at dei nye reglane skal tre i kraft i løpet av sommaren.

– Målet er at oppdragsgjevarar skal velje seriøse leverandørar når dei bestiller varetransport, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng til NRK.

Ho innrømmer at styresmaktene har mangla oversikt over kor tøffe forholda faktisk har vore for mange av sjåførane, nettopp fordi bransjen har vore så uregulert.

Grafisk brukergrensesnitt

– Kampen mot arbeidslivskriminalitet må kjempast på mange frontar samtidig, men eg trur dette kan vere eit veldig viktig verkemiddel, seier Stenseng.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Vert prisa ut av marknaden

I Bergen sit ein av dei som ønskjer dei strengare reglane velkomen.

Bennech Christer Husebø Lyngbø er dagleg leiar i RB Logistikk AS og har sett seg lei på useriøse aktørar som dumpar prisane.

– Før var det berre å kjøpe seg ein varebil og byrje å køyre. Skal du køyre lastebil, må du gjennom kurs i yrkeskompetanse, lastesikring og bedrifta må ha løyve. Varebilsjåførar har ikkje trengt noko av dette, seier Lyngbø.

Han fortel om konkurrentar som ikkje følgjer spelereglane.

– Vi kan gje eit tilbod som vi meiner er i tråd med marknaden, og så får vi plutseleg beskjed om at ein annan aktør har teke det.

Sondre Olsen, fungerande regiondirektør for NHO Vestland, fortel at medlemsbedriftene er opptekne av å sikre ordningar som slår ned på ulovlegheiter.

– Dette vil bidra til at det blir enda litt vanskelegare å drive useriøst, og sikrar jobbar til de seriøse bedriftene som har ting på stell, seier Olsen.

Sjølv om han understrekar at det norske næringslivet stort sett er veldig kontrollert og ryddig, meiner han det nye grepet med å flytte ansvaret over på kontraktskjøparen har mykje for seg.

  • Josefine Wærstad

    Yrkestrafikkforbundet (YTF)

    Josefine Wærstad, leiar av juridisk avdeling i YTF

    Det er oppdragsgjevar og bestillar som må haldast ansvarlege, for det er dei som sit med makta. Varebilbransjen eksploderte under korona, og i dag aksepterer vi at ein kan delegere bort arbeidsgjevaransvaret ved å bruke underleverandørar. Krav om HMS-kort lappar berre på delar av problemet. Vi må angripe dette frå fleire sider og få langt fleire kontrollar på vegane

  • Ottar Lillestøl (eigar av Lillestøl Transport, Nordfjord/Sunnmøre)

    Lillestøl Transport

    Ottar Lillestøl, eigar av Lillestøl Transport, Nordfjord

    Vi har hatt kundar som sender varer med oss som har etterspurt om vi har HMS-kort. Det har fungert heilt greitt å vise fram. Her i vårt område har det vore veldig ryddig dei siste ti åra. Eg ser berre bedrifter og sjåførar som har halde på lenge og har alt på stell, så vi ser berre positivt på at dette kjem på plass

  • Blond kvinne med rød jakke

    Lars Martin Hunstad / NRK

    Kjersti Stenseng, arbeids- og inkluderingsminister

    Målet vårt er rett og slett at oppdragsgjevarar skal velje seriøse leverandørar når dei bestiller varetransport. Det at du får eit oppdragsgjevaransvar, gjer at heile verdikjeda blir ansvarleggjord i mykje større grad. Eg trur dette kan vere eit veldig viktig verkemiddel i kampen mot arbeidslivskriminalitet

  • Bennech Christer Husebø Lyngbø

    Privat

    Bennech Christer Husebø Lyngbø, dagleg leiar i RB Logistikk

    Før var det berre å kjøpe seg ein varebil og byrje å køyre. Du trengde inga kompetanse utover førarkort klasse B. At kundane no får eit juridisk ansvar for å sjekke korta, meiner eg er på høg tid. Det betyr at dei som har alt i orden, ikkje har noko å frykte. Dei som kjøper transport, får aktørar som er seriøse, og kan rekne med at dette går føre seg på riktig måte.

  • Sondre Olsen, fungerande regiondirektør i NHO Vestland

    NHO

    Sondre Olsen, fungerande regiondirektør for NHO Vestland

    Dette vil bidra til at det blir enda litt vanskelegare å drive useriøst, og sikrar jobbar til dei seriøse bedriftene som har ting på stell. HMS-kort sikrar seriøsitet og kontroll i bransjen. Det gjer det enklare å identifisere kven som jobbar på oppdrag for bedriftene, og vi legg til grunn at dette vil fungere bra.

  • Ove Boga,

    Ronald Hole Fossåskaret / NRK

    Ove Boga, leiar av A -krimsenteret i Vestland

    Vi sjekkar dei app-baserte matleveringstenestene på Vestlandet, og inntrykket er at dette verkar å vere organisert. Risikoen er svart arbeid, utnytting og ulovleg arbeid. Vi ser til dømes døme på at fleire personar kan arbeide på éin og same identitet, medan den som faktisk eig denne identiteten ikkje eingong er i landet. Vi har avdekka mistanke om svart arbeid.

Ein del av ei større opprydding

Det er ikkje berre varebilbransjen som slit med sosial dumping, lønnstjuveri og juks.

Tidlegare har det vore store utfordringar med såkalla kabotasjekøyring – der utanlandske transportselskap tek oppdrag innanfor Noreg på vilkår som utkonkurrerer norske selskap.

I 2024 vart det innført strengare reglar for utanlandske turbussar, som no berre får køyre i Noreg i maksimalt 20 dagar samanhengande.

Arbeidsministeren understrekar at kampen mot arbeidslivskriminalitet må kjempast på mange frontar samtidig.

– Eg trur vi må gjere mange ting, og derfor har vi ein handlingsplan som inneheld veldig mange ulike tiltak. Men eg trur dette kan vere eit viktig verkemiddel.

– Det at oppdragsgjevar får eit ansvar, gjer at hele verdikjeda blir ansvarleggjord i mykje større grad, seier Stenseng.

Publisert 22.05.2026, kl. 10.35

Read Entire Article