Brann Kvinner fyller Stadion: – Må klype meg i armen

4 hours ago 1



– Når laga går ut på Stadion i kveld ... då må eg nok klype meg i armen. Det vert ei sterk oppleving med mange kjensle.

Mette Hammersland har i 40 år kjempa for kvinnefotballen. For å bli tekne på alvor. For at jenter og skal få draume om å bli heltar på bana.

Med misunning har ho sett på den posisjonen herrelaget til Brann har hatt i Bergen.

I kveld er det kvinnene som fyller Brann Stadion.

– Dette er ein draum eg trudde eg aldri skulle få oppleve. Torsdag kveld er kvinnene like populære som herrane, seier Hammersland, som no er arrangementsansvarleg i Brann.

Mette Hammersland

Mette Hammersland er no arrangement- og medieansvarleg for kvinnelaget til SK Brann.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Alle vil spele for Brann

Det er seriespel i Meisterligaen som står på spel når Brann møter sjølvaste Manchester United i kveld.

Brann er ikkje favorittar. Men på somme vis har dei vunne allereie.

For veteran og back Cecilie Redisch Kvamme blir kampen uansett eit høgdepunkt.

– Eg har opplevd mykje i karrieren. Men eg har aldri fått spele på eit fullsett Stadion. Det er ein draum eg aldri trudde eg ville oppleve.

Kvamme seier ho opplever at Brann går i spissen for utviklinga av kvinnefotball i Noreg.

– Eg trur, med handa på hjartet, at alle som speler fotball i Noreg skulle ønske dei spelte for Brann.

Cecilie Redisch Kvamme på Brann stadion

Brann kan ta publikumsrekorden for kvinnefotball i Noreg torsdag kveld. – Eg har aldri fått spele på eit fullsett Stadion, seier veteran og back Cecilie Redisch Kvamme.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Kjempar for rekorden

Brann har nokre hundre ståplassbillettar att å selje før stadion er fullstendig fullt.

Torsdag morgon hadde Brann selt 15.100 billettar til kveldens kamp.

Klarer dei det vil dei slå publikumsrekorden for kvinnefotball her i landet. Rekorden er 15. 700 tilskodarar under ein kvinnekamp nokosinne.

Uansett blir det bestenotering for ein klubbkamp på norsk jord.

Marianne Solheim håper den 25 år gamle rekorden endeleg vert slått.

Den daglege leiaren i Toppfotball Kvinner seier ho ikkje er overraska om det er Bergen som får ny toppnotering.

– Det har vore ei fantastisk publikumsutvikling for Brann Kvinner dei siste åra. Spesielt etter at dei flytta inn på Brann Stadion. Og Bergen er ein by som har omfamna kvinnefotballen i stor grad, seier Solheim.

en gruppe mennesker som sitter på et stadion

Cecilie Redisch Kvamme gler seg til kampen mot Manchester United.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Eg håpar at ein publikumsrekord i Bergen kan vekke til live konkurranseinstinktet i byar kor vi også har store arenaer, som for eksempel Trondheim.

Solheim seier at sjølv om det er kult med rekordar, er det viktigaste at kvinnefotballen opplever ein jamn stigning i publikumstalet.

Maraton, ikkje sprint

Gjennomsnittstalet på Toppseriekampane på Brann Stadion er i årets sesong på kring 3000 tilskodarar. Det er klart høgast i landet.

Det er framleis langt mellom kvardag og fest, herrar og kvinner.

Men å bygge interesse for kvinnefotballen er ein maraton, ikkje ein sprint. Det veit alle som har jobba lenge med den.

Men det som vert bygd opp i Brann har allereie gjort klubben meir attraktiv for dei beste spelarane.

Signe Gaupset under fotball-EM

Signe Gaupset storspeler både for landslaget og Brann.

Foto: Reuters

– Det er faktisk veldig viktig, seier stjerneskot og landsspelar Signe Gaupset. Ho kunne ha gått til større klubbar ute i Europa.

– Brann er i førarsetet for å utvikle kvinnefotballen. Det gjer at ein kan utvikle seg her. Brann og Bergen og fansen her er noko eige, seier 20-åringen.

I kveld vert ho sentral i det som kan bli ein historisk kamp for kvinnefotballen.

En gruppe mennesker på et jorde

Det er plass til rett i overkant av 16.000 tilskodarar til Meisterligakvalifiseringa.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 11.09.2025, kl. 11.29 Oppdatert 11.09.2025, kl. 11.45

Read Entire Article