Brann i sentrum av Haugesund

1 week ago 11



Klokka 05.30 fortel politiet at det ennå brenn i eit bygg i Haraldsgata i Haugesund.

Truleg er det ein einebustad som står i brann.

– Slik me forstår det foreløpig var det ikkje nokon som budde i huset då det tok fyr, seier operasjonsleiar Erik Rasmussen i politiet i sør-vest.

Naboane til bygget i sentrum av Haugesund som står i brann, blir bedne om å stenge vindu og ventilar i husa sine.

Brann haraldsgata

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Brannen byrja i dag tidleg

Om lag 04.15 kom det melding om brann i eit hus i Haraldsgata i sentrum av Haugesund. Dei første meldingane frå politit og brannvesenet gjekk ut på at situasjonen var uoversiktleg.

Om lag ein time seinare, 05.15 var meldinga at det truleg ikkje var folk i bygninga.

Publisert 04.09.2024, kl. 05.24 Oppdatert 04.09.2024, kl. 05.54

Read Entire Article