Blodig alvor for Noreg sitt EM-håp: Angrepet av hund på trening i USA

2 hours ago 1



– Eg veit at konsekvensane er store. Dette var ein gardshund, og dei såg veldig bekymra ut då eg fortalde det på apoteket.

Ola Stunes Isene hugsar godt kva som skjedde i Oklahoma nyleg.

Nordmannen var i gang med førebuingar til eit kastestemne i USA med norsk rekord i sikte. Det hadde sikra han plass i sommar-EM.

Men på treninga dagen før konkurransen gjekk det gale.

– På oppvarminga klarte eg å bli angripen av ein hund medan eg jogga, og eg blei biten i leggen, fortel Isene til NRK.

hunden som bet ola stunes isene

BEIT: Dette er hunden som angreip Ola Stunes Isene.

Foto: Ola Stunes Isene

ola stunes isene

EM-HÅP: Ola Stunes Isenes store mål er EM denne sesongen. Her er han avbilda under EM i Roma i 2024.

Foto: Lise Åserud / NTB

Angreip da han snudde ryggen til

Undervegs i oppvarminga la han merke til to aggressive hundar i nærleiken. Han merka at den eine hunden hissa opp den andre.

Til slutt bestemte han seg for å gå bort til kastebana, for 31-åringen trudde ikkje hundane ville følgje han dit.

– Idet eg snudde ryggen til, då angreip den eine hunden, fortel Isene.

Ola Stunes Isene

I ÅKEREN: Ola Stunes Isene avbilda heime på familiegarden.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Hunden fekk godt tak, merka Isene i etterkant.

– Eg såg på den eine delen at hjørnetennene til hunden har møtt kvarandre, så han har tatt tak. Men eg lét buksa vere på. Det var litt kaldare den dagen, så kanskje buksa tok litt av det.

– Eg trur ikkje det var så mykje. Det var meir at det begynte å svi litt, så skjønte eg at her bør eg gjere noko med det, seier Isene.

Spylte med energidrikk

Han hadde ikkje noko vatn tilgjengeleg på treninga, og spylte såret med det han hadde tilgjengeleg.

Vasskrana på banen i Oklahoma var dessutan ute av drift.

– Vi hadde ikkje noka høve til å vaske såra. Vi hadde ikkje noko vatn, vi hadde berre med energidrikk. Så eg prøvde å vaske bort den verste møkka med det.

Etter økta drog Isene til sjukehuset for å høyre kva han burde gjere.

– Då måtte eg sette ei stivkrampe dagen før eg skulle konkurrere, fortel 31-åringen.

Men Isene hadde i utgangspunktet lyst til å vente med å ta sprøyta fram til konkurransen var over. Det likte derimot ikkje hans næraste.

– Eg hadde veldig lyst til å droppe det og vente til konkurransen var over. Eg fekk tydeleg pushing heimanfrå, frå trenar og andre, på at den sprøyta måtte eg ta. Då gjorde vi det. Eg angrar ikkje, altså, seier han.

Ola Stunes Isene sammen med to hester på gården på Lier

HEIME: Ola Stunes Isene er nå tilbake i Noreg, her saman med to hestar på familiegarden.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Lengste kast på sju år

Dagen etter var det tid for konkurranse i Oklahoma i USA. Isene hadde håp om å kaste 65 meter.

Han fleska til med 66,29 – det lengste kastet til nordmannen på sju år.

– Det var mitt lengste kast i konkurranse på sju år. Det er også mitt tredje lengste kast bak persen min og då eg tok OL-kravet i Stockholm. Då var eg veldig fornøgd. Eg var veldig letta, fortel Isene.

Den norske kastarens foreldre bur på gard og han glad i dyr. Nå vel han å sjå positivt på hendinga.

– Hadde eg gått litt vidare med det, så hadde han hunden blitt avliva. Men det er ikkje noko eg ønsker. Eg kjente det var dei to saman som hissa opp situasjonen.

Og det synlege beviset kom kanskje på veg heim igjen frå trening – same dag som Isene hadde blitt bite av ein hund.

– Vi stoppa to gonger for å redde to skjelpadder. Eg gjorde på ein måte opp for hunden som beit meg med å redde to andre.

Ola Stunes Isene sammen med en hund hjemme på gården i Lier

GLAD I DYR: Den norske diskoskastaren Ola Stunes Isene avbilda på familiegarden på Lier saman med hunden Ottar.

Foto: Anders Engeland / NRK

Publisert 03.05.2026, kl. 07.46

Read Entire Article