Med det har ein av Noregs beste fotballspelarar gjennom tidene gått bort.
– Har ikkje ord. Forferdeleg trist. Kva han har betydd for alle som var fotballinteresserte, seier Arne Scheie til NRK.
Tom Lund fekk 47 kampar på landslaget.
– Han var eit naturfenomen til dei grader. Det er så vondt å leve med den beskjeden me fekk i dag, seier LSK-profil Ivar Hoff til NRK.
HYLLA: Tom Lund har ein eigen statue utanfor Åråsen stadion i Lillestrøm.
Foto: Egil Sande / NRK«Hadde det ikkje vore for Tom Lund»
– Det er heilt utruleg kva han har betydd for Lillestrøm. Ikkje minst for fotballen, men også for byen. Han sette han på kartet så til dei grader, seier Ivar Hoff til NRK.
Han held fram:
– Hadde det ikkje vore for Tom Lund, hadde ikkje LSK vore i nærleiken av dei øvste divisjonane i norsk fotball i moderne tid. Historieboka om LSK i moderne tid hadde bestått av to permar utan Tom Lund.
Lund byrja karrieren i Fram, der han spela ein sesong. Etter det var det berre Lillestrøm som gjaldt.
– Då han debuterte, var me på veg ned på nivå fire, og heldt på å rykkje ned. Då han gav seg som trenar og spelar, var me blant dei beste laga i Norden.
– Han er kanskje den største vinnaren eg nokon gong har hatt med å gjere innanfor idretten. Han elska å vinne og hadde heile tida ambisjonar om å vere best, seier Hoff.
Ivar Hoff har følgt Lillestrøm i over 40 år, har vore hovudtrenar i klubben og er æresmedlem.
Foto: NTB scanpix«Eit reint paradigmeskifte i norsk fotball»
– Det er vanskeleg å forklare i dag kor god Tom Lund var. Han hadde eit steg, ein timing og ein touch som ingen andre i norsk fotballhistorie har vore i nærleiken av, seier NRKs sportskommenator Jan Petter Saltvedt.
Lund fekk tilbod frå andre klubbar, men takka nei, trass i at LSK var i 3. divisjon.
– I tillegg hadde han ei utsøkt målteft. Hadde han vilja, hadde han blitt norsk fotballs første verdsstjerne. I staden valde han tryggleiken hjå sportsklubben heime på Romerike. Ingen enkeltspelar har betydd så mykje for ein klubb som det Tom Lund gjorde for hans elska Lillestrøm. Tom Lund var eit reint paradigmeskifte for norsk fotball. Så god var han, seier Saltvedt vidare.
STATUE: statuen av Tom Lund utanfor Åråsen.
Grafikk: Elin Marthinsen / NRK– Ein av dei største
Også i sosiale medium uttrykkjer folk seg etter nyheita om Lunds bortgang kom laurdag.
– Den norske spelaren som meir enn anna viste meg skjønnheita med verdas beste idrett. Så ubegripeleg god. Og seinare ubeskriveleg smart også som trenar. Så audmjuk. Så hyggeleg. Ein av dei aller, aller største. Kvil i fred, skriv fotballekspert for Viaplay Lars Tjærnås på X.
– Ein av dei største, skriv Mini Jakobsen.
Publisert 23.05.2026, kl. 15.35 Oppdatert 23.05.2026, kl. 15.58















English (US)