Blei plassert på dobbeltrom med ukjent mann: – Smelte igjen døra

3 hours ago 7



Lovise Skarbøvik Andresen var eit av norsk friidretts store stjerneskot i sommar. Nå er ho belønna med ein landslagsplass.

Sunnmøringen runda av sesongen med eit stemne i Ostrava i Tsjekkia i september. Men ikkje utan problem.

Andresen kom reisande frå eit stemne i Kroatia, og hadde vore på farten i 18 timar da ho kom til hotellet i den tsjekkiske byen kl. 2–3 på natta. Der venta ei overrasking.

– Eg opna døra til hotellrommet og såg at det låg ein framand gut i ei dobbeltseng der inne. Eg var sett opp til å dele rom med Thomas på 25 år. Det var jo eit spenstig val, så eg smelte igjen døra, fortel ho.

– Korleis skjedde det?

– Ein blir jo berre tildelt rom med tilfeldige folk heile tida, og denne gongen var eg litt ekstra uheldig. Eg har aldri høyrt om nokre andre som har komme på rom med ein gut før. Så det var ei veldig spesiell oppleving, seier 20-åringen.

Lovise Skarbøvik Andresen

TATT UT: Skarbøvik Andresen er ein del av det norske friidrettslandslaget for første gong kommande sesong.

Foto: NTB

Iuel: – Aldri høyrt om før

Amalie Iuel er ti år eldre, har deltatt på langt fleire stemne, men aldri opplevd noko liknande som Andresen.

Det høyrest rart ut, det høyrest ut som ein feil frå arrangørens side. Eg har aldri høyrt om det før, at ein deler rom med nokon av motsett kjønn, så eg håpar dei fekk orden på det, seier 30-åringen.

Amalie Iuel, friidrettsutøver

RUTINERT: Amalie Iuel.

Foto: Reuters

Det er ikkje uvanleg at utøvarar må dele rom, men av og til får ein komme med ønske om kven ein vil sove saman med. For det kan vere krevjande å stadig måtte stifte nye kjenningar.

Ein blir litt ekstra sliten av å måtte snakke med ein ny person kvar gong, når ein eigentleg vil slappe av. Da endar det opp med masse «small talk» med ulike utøvarar, seier Andresen.

Men det blei orden på hotellkabalen. For Andresen lukka døra raskt, og gjekk rett til resepsjonen for å byte rom – sjølv om det ikkje stod høgast på ønskelista midt på natta.

Problema til trass, gjekk ho likevel sigrande ut i stemnet og avslutta sesongen på topp.

Det har ikkje lykkes NRK å få ein kommentar frå arrangøren av stemnet.

Stjerneskot

20-åringen kom til EM i Roma som eit, for mange, ubeskrive blad, men begeistra stort ved å ta seg heilt til semifinalen.

På vegen senka ho den personlege rekorden sin to gonger, og er nå den tredje raskaste norske kvinna i historia med 12,89 på 100 meter hekk, 17 hundredelar bak rekordhaldar Isabelle Pedersen.

– Eg håpar sjølvsagt at eg kan ta noregsrekorden, men eg tar med meg at eg er skadefri og kan trene litt meir enn normalt, seier Andresen, som tidlegare har fortalt at ho har eit sjeldan, potensielt karrieretruande syndrom.

Neste år er VM i Tokyo og U23-EM på heimebane i Bergen store mål for hekkekometen. Ho konkurrerer for same klubb som Karsten Warholm, Dimna IL, og håpar ein dag å følge i hans fotspor.

– Det er jo der ein har lyst til å ende opp, og der ein vil vere. Så eg jobbar mot det målet kvar dag, seier det ambisiøse friidrettstalentet, som blir trena av Warholm gamle trenar, Arve Hatløy.

Karsten Warholm blir intervjuet.

STJERNE: Karsten Warholm.

Foto: NTB

Warholm spår rekord

Warholm har sjølv to noregsrekordar, og har trua på at Skarbøvik kan gi Dimna éin til norsk rekord.

– Eg trur det er veldig gode sjansar for det. Dei må berre halde fram med den gode jobben dei gjer, halde seg unna skade og drit, og fortsette progresjonen, så trur eg den rekorden ryk, seier han.

Warholm kjenner på lokal stoltheit av å sjå nye stjerner komme opp frå eigen klubb.

– Det er kult at Lovise også har tatt steget opp, og leverer på dette nivået. Det er kult både for henne og Dimna.

Her renner det over for den belgiske syklisten 00:28

Publisert 19.10.2024, kl. 21.42 Oppdatert 19.10.2024, kl. 21.54

Read Entire Article