Blei kalla mann og blei hetsa for kroppen – nå får ho millionar av følgarar

1 month ago 33



For dei som ikkje følger med på sjumannsrugby, så skulle eigentleg ikkje Ilona Maher vere eit kjent namn. Men USAs rugbystjerne blir berre større og større.

I OL blei det bronse, men på Instagram har det blitt gull og vel så det. På berre få dagar auka ho talet på følgarar med langt over ein million, og det fortset berre å auke.

Etter at ho var ferdig i OL hadde talet auka med over to og ein halv million.

Ilona Maher

POPULÆR: Maher har fått millionar av følgarar. Allereie før OL hadde ho rundt 700.000.

Foto: Martine Sørhus / NRK

– For oss som kjenner henne, er Ilona det naturlege midtpunktet til festen. Ho har ei evne til å bringe fram energien til alle på laget, seier nummer 9 på laget Alena Olsen til NRK.

Men sjølv om mykje av innhaldet er humor, og følgarskaren er stor i dag, har ho slite mykje med stygge kommentarar om kroppen sin.

– Blir kalla mann

– Som de kanskje kan sjå har eg gråte litt. Eg får alltid desse kommentarane, men i det siste har det blitt mykje. Eg får kommentarar der eg blir kalla mann og maskulin og får spørsmål om eg er på steroid. Det vil alltid vere negative folk der ute, og dei puttar kvinner i ein boks. Dei tenker kvinner skal vere skjøre og små (petite) og stille. Men det er ikkje sånn det er, sa ho gråtande til følgarane sine i slutten av 2022.

– Kvinner kan vere sterke, dei kan ha breie skuldrer, og dei kan ta plass og dei kan vere store.

Portraits at the Team USA media summit ahead of the Paris Olympics and Paralympics, at an event in New York

KJENT: Maher er den mest følgde kvinnelege rugbyspelaren i verda.

Foto: Andrew Kelly / Reuters

Mange av postane hennar under OL har handla om nettopp dette, men nå publiserer ho innlegg med mykje humor.

For eksempel da ein person prøvde å komme med eit stikk om at det såg ut som at ho hadde ein BMI på 30.

– Eg trur du prøvde å disse meg, men dette er faktisk faktum – eg har ein BMI på 30. Vel, 29,3 for å vere meir nøyaktig. Eg blir faktisk rekna som overvektig. Men vel, eg skal til OL, og det skal ikkje du, svarte ho.

– 2 millionar kjem og tar deg

Paris Olympics Rugby

BRONSE: Maher smilte frå øyre til øyre etter at laget fekk bronsemedaljen i sjumannsrugby.

Foto: Tsvangirayi Mukwazhi / AP

Og framleis i 2024 dukkar det opp stygge kommentarar. Men nå har det blitt annleis.

– Eg pleidde å få desse kommentarane heile tida, folk var slemme, kalla meg mandig eller kva enn det var, sa ho til CNN.

– Men nå har eg 2 millionar venner som vil komme etter deg og ta deg viss du prøver å seie noko stygt til meg.

Men når ho får beskjed om å ignorere dei hatefulle kommentarane, svarer ho likevel.

– Så lenge folk kommenterer dumme ting, kjem eg til å halde fram med å slå tilbake og stå opp for meg sjølv. Og i tillegg så elskar fansen min det, skreiv ho på Instagram.

– Sterk påverknadskraft

Lagvenninne og romkamerat i OL, Sarah Levy, meiner det er veldig viktig at Maher svarer på hatefulle kommentarar på den måten ho gjer.

– Det er veldig viktig. Du veit aldri kven som får bodskapen hennar, så viss ho kan nå så mange folk ho kan, så er det berre positivt. Same kva det er ho gjer så må ho berre halde fram med det, seier Levy til NRK.

Rugby Sevens - Women's Pool C - United States of America vs Japan

LAGVENNINNE: Sarah Levy.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Ho beskriv Maher som ein som alltid løftar andre opp og byr på seg sjølv. Både Levy og andre lagvenninner drar dermed god nytte av å vere på lag med den nye stjerna.

– Eg trur det er derfor så mange kan relatere seg til henne og er så glade i henne, fordi dei kjenner seg inspirert av henne. Ein merkar at ho har ei sterk påverknadskraft, seier lagvenninne Alena Olsen til NRK.

Òg norske utøvarar synest det er viktig at temaet blir aktualisert i OL.

– Det er eit kjempeviktig tema. Viktig at folk snakkar om det og at ein har gode, sunne førebilete på det. Kanskje eg er heldig som er i eit miljø der det er veldig trygt og godt å snakke om sånn, men kanskje mange andre ikkje har det, og da hjelper det å ha olympiske utøvarar som er gode førebilete på dei tinga, seier den norske triatleten Solveig Løvseth til NRK.

Vektløftaren Solfrid Koanda synest Maher er «råkul».

Vi er i eit OL og så skal vi sitte og tenke på korleis vi ser ut. Det hadde vore veldig merkeleg om eg hadde sett ut som ein gymnastikk-utøvar og skal ut å løfte masse vekter. Så vi skal sjå ulike ut. Det er den essensen i OL-landsbyen, seier Solfrid Koanda.

Vektløftaren fortset:

– Du ser høge folk. Du ser låge jenter. Det er så stor skala av kroppar. Kvifor skal ei sterk jente vere så mykje annleis enn noko anna? Eg synest det er kult at vi kan samlast her og vere ulike og vise at vi er gode i ulike ting, seier Koanda.

Viral OL-utøver hylles av verdensstjerner 00:48

Publisert 11.08.2024, kl. 12.26

Read Entire Article