Bjørnen river av jura mens sauen enno lever: – Det er spesielle greier

1 week ago 8



– Dei dukka plutseleg opp heile gjengen. Det er nok sannsynlegvis fordi dei har blitt jaga av bamsen. Då kjem dei heim, seier bonde Niels-Henrik Andresen i Hattfjelldal i Nordland.

I sommar har det skjedd mange gongar.

Plutseleg kjem sauene, som eigentleg er på fjellet, heim til garden. Det seier bonden betyr at bamsen er i nærleiken heile tida.

Juret til en sau har blitt angrepet av en bjørn.

Bjørnen reiv sannsynlegvis av juret på denne søya tre dagar før ho blei funne.

Foto: Nils Henrik Andresen / privat

SNO har dokumentert skadar av bjørn på over 20 sauekadaver i Grane, Hattfjelldal og Saltdal.

Likevel vil ikkje Statsforvaltaren la dei felle bjørnen.

Kvifor?

Fordi det er politisk bestemt at det skal vere bjørn i området.

Men bøndene meiner det ikkje er plass til både bjørn og sau.

– Klarer ikkje å balansere forvaltninga

Heilt sidan dei slapp ut sauene i vår har dei funne kadaver. Dei har til og med funne bjørnehi.

Ifølge bøndene har det gjort at dei mister ein sau om dagen til bjørn.

– Han et berre jura og lét sauen gå vidare etterpå. Det er spesielle greier.

Bilde av et avrevet og spist jur på sau som har blitt angrepet av bjørn.

Dette er det som er att av jura til ein av sauane til bøndene i Grane. I fjor mista dei 270 dyr, men dei fann berre om lag 25 kadaver. Årsaka er at beiteområdet er stort og at det er dårleg sikt fleire stader

Foto: Nils Henrik Andresen / Privat

– Korleis er det å vere sauebonde i regionen?

– Å vere sauebonde er verdas beste yrke. Difor er det synd at dei ikkje klarer å balansere rovdyrforvaltninga.

Niels-Henrik Andresen i Hattfjelldal i Nordland meiner mykje kunne vore løyst om dei hadde hatt eit kjapt uttak av skadedyr som bjørn og gode erstatningsordningar for bøndene. Det synest han ikkje dei har i dag.

Et avrevet jur ligger i en grøft ved planter og jord. Tatt av Steinar Sirijord som er leder av lokalt skadefellingslag.

Dette er eit bildet av eit jur. Bonden fortel at dei fekk inn melding om ei søye som hadde sprunge over vegen rett før ein bil. – Plutseleg mista ho rett og slett juret, seier Andresen.

Foto: Steinar Sirijord / privat

– Erstatninga sin utbetaling hadde òg blitt redusert om ein hadde tatt ut den eine bamsen som går her og tar jamt og trutt, meiner han.

Statsforvalteren i Nordland: – Løysinga er ikkje god

I 2023 blei det påvist 178 ulike bjørnar i Noreg, men berre éin hannbjørn i Nordland, ifølge NINA.

Tore Vatne, seksjonsleiar i Statsforvaltaren i Nordland fortel at målet i Nordland er éin årleg yngling av bjørn. Då treng regionen mange fleire enn berre éin bjørn.

– Vi er langt unna det målet, seier han.

Tore Vatne

Tore Vatne, seksjonsleiar i Statsforvaltaren i Nordland seier de dekker tap på 60–70 prosent av sauene det blir søkt om.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Dette er ein del av ein todelt målsetning. For det skal òg vere låge tap av husdyr.

Vatne seier at omkring 3000 sau i Nordland blir erstatta i året. Totalt beiter 170.000 dyr.

– Vi må vurdere om tapssituasjonen er så omfattande at det er rett å tillate felling av kanskje den einaste bjørnen vi har. Der har vi ikkje vore i sommar, seier Vatne.

brunbjørn-loop-levende-stillbilde

Ei binne får ungar annakvart år. Viss Nordland skal ha eit kull med bjørnungar i året, trengst både unge og vaksne bjørnar av begge kjønn.

Foto: Torgeir Beck Lande / NRK

– Er det plass til både bjørn og sau i desse områda?

– Målsetjinga er at vi skal ha nokon område for beitedyr og nokon for rovvilt. Det har vi prøvd å få til i Nordland, men med eit langt og smalt fylke er det vanskeleg, seier han og legg til:

– Så løysinga vi har i Nordland er ikkje god. Det er det nok ingen om synest.

Vatne seier det er ei utfordring for demokratiet korleis ein skal vege desse omsyna opp imot kvarandre.

Tidlegare har løyver dei har gitt til å felle bjørn blitt omgjort av Miljødirektoratet.

– Det er sterke styringssignal som vi tar med oss i år, seier Vatne.

– Kan ikkje utelukke fleire bjørn i området

Øyvind Skogstad i Statens naturoppsyn i Nordland (SNO) fortel at dei i fjor kunne bevise at det berre var éin bjørn i området.

– I år kan vi ikkje utelukke om det er fleire enn ein bjørn i området.

I år som i fjor samlar dei inn hår- og skitprøvar kvar gong dei får tips om bjørn. Analysesvara i år kjem i løpet av vinteren.

– Mellom anna er bjørnen i Saltdal er sannsynlegvis ein annan bjørn, seier Skogstad.

Øyvind Skogstad, Statsforvalteren i Nordland

Øyvind Skogstad i ¨Statens naturoppsyn (SNO) fortel at dei tar prøver frå alle stader der det er meldt om kadaver, skit eller hår frå bjørn for å finne ut kor mange bjørnar det er i Nordland i år.

Foto: Statsforvalteren i Nordland

Andresen meiner det er eit problem at dei ikkje kan etterprøve jobben Statens naturoppsyn og Statsforvaltaren gjer. I tillegg meiner han tiltaka dei set inn er for dårleg.

– Så det er eigentleg kjempedårleg jobb av Statsforvaltaren med rovdyrforvaltninga.

For bøndene ligg mykje av utfordringa i at dokumenteringa deira ikkje blir trudd, seier Andresen.

Sau er bitt over nesa av en bjørn. Sauen står sammen meg mange andre sauer i et beiteområde. I bakgrunn synes en hund. Tatt av Steinar Sirijord som er leder av lokalt skadefellingslag.

Dersom bøndene kan dokumentere skade på nesa eller ryggen til sauen i tillegg til på jura, er det meir sannsynleg at det blir godkjent som skade gjort av bjørn.

Foto: Steinar Sirijord / Privat

Fleire avrivne jur er ikkje dokumentert som skader av bjørn. Det er nemleg ikkje nok. Men om bjørnen i tillegg har bite i nesa blir det dokumentert.

– Det er ingen andre som flerrer av juret på same vis som bjørn, seier bonden.

Gir fôrstønad

Vatne i Statsforvaltaren i Nordland forstår at situasjonen er frustrerande for bøndene, men seier at deira rolle i demokratiet er å sørge for at politikaranes avgjerd blir sat ut i live.

Han fortel at dei òg er uroa for at det blir færre bønder i Nordland.

Difor ser dei på alternative løysingar for å legge til rette for landbruket. Det bruker dei om lag 10 millionar kronar på.

– No bruker vi middel på at gardbrukarar får sanke dyra tidlegare og får tilskot til fôr i staden, seier Vatne og legg til at prosentdelen på sauetap har gått ned dei siste åra.

Bilder av sau som har fått juret revet av av bjørn med to simler. Tatt av Steinar Sirijord som er leder av lokalt skadefellingslag.

Andresen fortel at det er ein tøff jobb for bonden å avlive sau med avrivne jur. Ni av kadavrane var i år funne i Grane, ni var funne i Hattfjelldal og to i Saltdal.

Foto: Steinar Sirijord / Privat

Sjølv om bonden i Hattfjelldal har mista sau til bjørn både i år og i fjor, gir han ikkje opp heilt enno. Han elskar nemleg jobben sin.

– Vi får tru at nokon vaknar opp til slutt, anten politikarane eller i forvaltninga eller begge, seier Andresen.

Publisert 07.09.2024, kl. 20.26

Read Entire Article