Bjørn set opp straumgjerde for å halde turistane borte: – Tråkkar ned avlinga

3 days ago 14



Bonden Bjørn Helge Kristoffersen går langs det nye straumgjerdet han har sat opp.

– Om eg ikkje sperrer av marka, køyrer dei berre inn hit. Dei lagar bål og alt mogleg i marka mi. Og går på do, forklarer bonden frå Leknes i Vestvågøy kommune i Lofoten.

De siste årene har han sat opp 5–6 gjerde langs den private vegen sin. Og dei må stå til langt ut på vinteren for å halde turistane unna, ifølge han sjølv.

Ekspert i allemannsrett seier at bøndene ikkje nødvendigvis har lov til å sette opp gjerda for å halde turistar unna. Les meir om det lenger ned i saka.

Bæsjer på åkrane hans

Det er ikkje straum i gjerda til Kristoffersen og heller ingen dyr som bruker beita. Gjerda er berre for å «skremme» vekk turistane som tar over Lofoten kvart år.

– Kvifor er det så problematisk for deg som bonde?

– På denne tida tråkkar dei ned avlinga, fortel Kristoffersen.

Bjørn Helge Kristoffersen

Bonde Bjørn Helge Kristoffersen fortel at ein skal halde seg vekk frå husdyr i 48 timar om ein kjem frå utlandet. Det er for å hindre smitte.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

I tillegg seier han at dei gjer frå seg på jorda hans, speler fotball på marka, lagar bål og at det ligg att søppel etter dei.

– Når dei gjer frå seg på beitet og dyrka mark er det eit stort smittepress, sidan dei kjem frå utmark.

Og det er ikkje berre Kristoffersen som begynner å få nok av dette. Lokalbefolkninga elles blir òg plaga av turistar som tar seg til rette, seier bonden.

Bjørn Helge Kristoffersen

– Før eg fekk skiltet gjekk dei inn i oksefjøsen om porten sto open. Det høyrer ikkje heime nokon plass, seier bonde Bjørn Helge Kristoffersen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Eg trur ikkje dei forstår at dette er dyrka mark.

Bonden kan ikkje engelsk. Men han meiner at han gjer seg forstått for dei turistane som han meiner tar seg til rette.

Alle turistane «forstår norsk», når eg fortel dei kvar dei skal dra.

Det var Lofotposten som omtalte saken først.

– Verkar ikkje som at Lofoten er rusta for turistane

Lofoten har blitt ein veldig populær destinasjon. I årets tre første månader blei det sat ny rekord i antal overnattingar, viste tal frå SSB.

Men det er sommaren som er høgsesongen. Ein rapport frå Menon viste at 75 prosent av all overnatting i Lofoten og Vesterålen skjer på sommaren.

Skilt Voie Vestvågøy

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Turistane gjer også at det blir meir trengsel på vegane. I fjor måtte lofotbonden snu døgnet for å få unna arbeidet på åkrane på natta. Slik kom han unna trafikken.

– Eg har ikkje noko imot turistar, og det er bra for dei som satsar på det, men det må ikkje bli slik at ein yrkesgruppe blir ekstra ramma.

Line Renate Samuelsen i Destination Lofoten seier det er trist at turistar tar seg til rette og campar på innmarka til bonden.

– Det er kanskje ikkje så lett for for alle å forstå kva som er innmark og kva som er utmark. Men eg trur enkelte strekk allemannsretten litt langt, seier Samuelsen.

Line Renate Samuelsen

Line Renate Samuelsen i Destination Lofoten har forståing med at turistar som campar på dyrka mark er eit problem.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Bonden har etterlyst betre informasjon til turistane. Samuelsen fortel at dei manglar ressursar.

– Vi gjer så godt vi kan gjennom dei kanalane og med dei ressursane vi har. Vi treng ressursar og bidrag for å få god besøkssytring og gjere betre tiltak, slik at vi får informasjon ut til de som treng det.

Eit tiltak som har fungert godt tidligare er ikkje lengre mogleg, nettopp på grunn av mangel på folk.

– Vi har hatt god erfaring med at folk ute i felt fungerer. Vi har dessverre ikkje ressursar til det, sjølv om eg skulle ønskje det.

– Korleis kunne dykk fått meir ressursar?

Det er det berømmelege besøksbidraget som vi går og ventar på. Lofoten er eit ikon i norsk samanheng. Vi har 41 besøkande per innbyggjar i året. Ressursane vi har for å følgje opp dette er minimale, avsluttar Samuelsen.

– Kan vere ulovlege

Jurist Fredrik Holth, i firmaet Holth & Winge, er ekspert i allemannsretten og kursar mellom anna kommunar i friluftsloven.

Han fortel at det rettslege utgangspunktet i friluftsloven er at kvar ein har lov til å ferdast til fots på areal som ikkje er innmark. Innmark er til dømes hustomter, gardsplass, og dyrka jord, seier Holth.

Fredrik Holth, jurist

Fredrik Holth, i firmaet Holth & Winge, seier straumgjerder på utmark ikkje nødvendigvis er lovlege.

Foto: Kristoffer Søvik / NRK

Gjerda til lofotbonden kan vere ulovlege. Det ligg nemleg òg pliktar på grunneigar i friluftsloven.

– Då denne lova blei laga vart det òg lagt til grunn at å sette opp gjerde for dyrhald, ikkje må vere ei unødig hindring for allmennheitas ferdsel, seier Holth. I dette ligg at den som held dyr på beite må tilpasse gjerdehaldet slik at dette og tek omsyn til allmennheitas ferdsel.

Men juristen legg til at dette er berre om det ikkje er ein stor byrde for grunneigaren å gjerde inn på anna vis.

Kommunen kan innføre ferdselsavgrensing

I Noreg gjeld eit byggeforbod i hundremeters belte frå hav og fjord. Dette er sat, mellom anna, for å sikre allmenta ferdsel langs sjøen.

– Men du skal jo kome deg ned til strandsona. Her må dei gå over privat eigedom for å kome seg ned dit. Det kan du ikkje, seier bonden.

Men stemmer eigentleg dette?

At eigedomen er privat er ikkje rettsleg relevant, seier Holth. Om området turistane må gå over er rekna som innmark rettsleg sett, meiner juristen at bonden har rett.

bjørn helge kristoffersen strømgjerde

Om turistane er til ein veldig stor grad av sjenanse for bønder som Bjørn Helge Kristoffersen, kan kommunen velje å setje opp skilt eller bommer som hindrar turistane å kome forbi.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Er det rekna som utmark har han feil. Dette er alltid ei konkret vurdering, men Høgsterett har uttala at grunneigarar i strandsona må tole meir enn andre stader.

– Men kva rettar gir det då bonden som er lei av turistane?

– Om ferdselen er av ein slik grad av sjenanse for grunneigar kan kommunen til dømes innføre ferdeslsbegrensingar.

– Men då må problemet først oppstå. Ein kan ikkje forskottere problema, legg Holth til.

Publisert 04.07.2024, kl. 15.35

Read Entire Article