Birøktarar fortvil over mystisk biedød

3 hours ago 2



– Her er det heilt tomt.

Leiar i Skien birøktarlag, Henrik Rosenvold, har opna ein av bikubane sine, men det er eit trist syn.

Her skulle det ha vore rundt 15.000 bier no på vinteren, men dei er borte.

– Det er jo ein frykteleg følelse å få, rett og slett, når eg kjem til ein tom bikube. Eg føler det heilt meiningslaust. Eg har jobba med desse biene heile sommaren og hausten, og så er det plutseleg tomt. Det går veldig innpå meg, eigentleg.

  • Leder i Skien Birøktarlag, Henrik Rosenvold

    Henrik Rosenvold

    leiar i Skien birøkterlag 

Berre i Skien har 10–12 birøktarar opplevd tomme bikubar sidan i haust.

Birøktarar i ei rekke andre kommunar i Telemark er også ramma.

– Ein birøktar har mista 80 av 100 kubar. Han vil slutte med bier, han vil ikkje meir. Eg har aldri vore borti eit slikt omfang.

Døde bier ligger på snøen foran bikuben

Nokre få døde bier kan vere det einaste som ligg igjen utanfor dei tomme kubane.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Må importere

Kva konsekvensar får dette for meg, lurer du kanskje på?

Svaret er at Noreg må importere meir honning, seier birøktar Roar Ree Kirkevold.

Og det er ikkje sikkert at det er den same honningen som du kjenner til frå den lokale birøktaren din.

– Det blei gjort eit forsøk i Sverige i fjor som viste at all importert honning som det vart tatt prøver av, var tukla med. Det var mykje sukker i den, mellom anna.

  • Roar Ree Kirkevold

    Roar Ree Kirkevold

Forsøket han viser til, er ein DNA-test av 40 honningprodukt som den svenske birøktarforeininga «Biodlingsföretagarna» gjennomførte.

Testen viste at 36 av desse var importerte, og at alle var fortynna med andre ting enn honning.

Testmetoden foreininga har brukt er ikkje godkjend i EU. Metoden som er godkjend viser at honningen er ekte, skriv Nationen, som omtalte saka i september i fjor.

Men ifølgje ein EU-rapport frå 2024, inneheldt 46 prosent av den importerte honningen sirup.

– Biene kjem i utakt med naturen

Styreleiar Jens Nybole i Birøkterlaget i Østfold seier at ein person i eit lokallag har rapportert om tap av ein god del kubar.

I tillegg har kanskje to–tre andre mista nokre kubar.

– Sidan i fjor haust er det likevel ingen alarmerande situasjon i Østfold.

Han meiner problemet er samansett, men peiker på at varmen som har kome tidleg i mai dei siste åra, har framskunda blomstringa.

– Biene kjem i utakt med naturen, og det kjem til å ta nokre år før vi får tilpassa biene til desse endringane.

– Vi er urolege

Bier bestøvar planter, og utan dei ville matproduksjonen vår bli kraftig svekka.

Opp mot 30 prosent av maten vi et er direkte eller indirekte avhengig av biene.

Samtidig er ein tredel av dei norske bieartane trua av utrydding, og raudlista.

Dei siste åra har Norges birøkterlag sett at talet på bier som døyr i løpet av vinteren, har blitt høgare, særleg på austlandet.

Død bie ligger på snøen

Bier klarar seg ikkje åleine, men må sitte tett saman i kuben for å halde varmen om vinteren.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Sidan i haust har Norges birøkterlag fått melding om tomme bikubar spesielt i Telemark, men også i Vestfold og Østfold.

Men det kan også vere slik fleire stader, for det er ikkje plikt om å rapportere.

At bikubane er tomme, er derfor litt mystisk.

  • Kvinne står foran vegg med figurer i sort av bier

    Camilla Sundby

    avlsansvarleg i Norges birøkterlag 

– Ja, det er jo det. Vi er urolege. Dette er noko litt nytt og litt skremmande. Vi jobbar med forskingsmiljø over heile verda for å prøve å forstå, for vi veit faktisk ikkje heilt kva dette er, seier avlsansvarleg i Norges birøkterlag, Camilla Sundby.

– Kan ikkje stole på at vinteren ryddar opp

Klimaendringane, med kortare og mildare vintrar, kan ha gitt ein spesiell midd betre vekstvilkår.

Varroamidden kom til Noreg på 1990-talet, og har spreidd seg til store delar av Sør-Noreg. Den svekker biene og overfører virus.

Norges birøkterlag trur utfordringa med varroamidden ikkje kjem til å bli mindre framover for dei 4.500 medlemmane.

An adult female of Varroa destructor, a mite parasiting the domestic bee (Apis mellifica). Frontal view, on the head of a bee nymph.

Varroamidden finst no i store delar av Sør-Noreg. Den svekker biene og overfører virus som inneheld sjukdommar.

Foto: Gilles San Martin / Gilles San Martin

Dei har derfor sett i gang ei vidareutdanning med fokus på avl på bier som toler denne midden.

– Birøktarar må bli flinkare. No er det ikkje berre å stole på at vinteren kjem og ryddar opp. Dersom dei ikkje tek problemet med varroamidd på alvor no og gjer tiltak, er det ikkje sikkert dei er birøktarar om fem år, seier Camilla Sundby.

angrepne bier, deformerte vinger

Varroamidden angrip biene, og kan føre til at dei blir fødde utan venger.

Foto: Norges Birøkterlag

Håpar det er liv til våren

For eit par år sidan mista Henrik Rosenvold i Skien sjølv 20 kubar på grunn av midden.

No som det enno er vinter skal bikubane få ligge i ro, håpet er at det framleis er liv der inne når våren kjem.

Men sikker kan han ikkje vere.

– Nei, det kan eg ikkje. I mars når eg sjekkar kubane, kan alt vere tomt rett og slett.

Leder i Skien Birøktarlag, Henrik Rosenvold med en tom bikube

Henrik Rosenvold håpar det framleis er liv i bikubane når han opnar dei igjen i mars.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Publisert 15.02.2026, kl. 08.05

Read Entire Article