Bieber-feberen herjar framleis

4 hours ago 2



Festivalen Coachella i California-ørkenen er kanskje det største utstillingsvindauget i verda for stjerner og influensarar.

Under den andre helga av festivalen tok Justin Bieber fram låtar frå den gamle katalogen sin. Men det var augeblinken med Billie Eilish som verkeleg eksploderte.

Billie Eilish blir «One less lonely girl».

Bieber henta artistkollegaen opp på scena som sin «One Less Lonely Girl», eit konsept frå den tidlege karrieren hans der han song direkte til ei utvald jente i publikum.

– Billie var, som veldig mange andre i publikum, ein klassisk «Belieber» då ho var yngre, seier P3-programleiar Ingrid Moholt Waaler.

Sjølv hadde Eilish veggane fulle av Bieber-plakatar på barndomsrommet, og ho blei tydeleg rørt på scena.

Amerikanske Billie Eilish deltar på en begivenhet. Hun har mørkt hår, med en hårspenne i venstre side. Sangeren har på seg hvit skjorte med mørkeblå slips. Hun har en svart vest over skjorta. Bak henne er en grå bakgrunn med et mønster av runde hull. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Billie Eilish er sjølv stor Bieber-fan.

Foto: Jordan Strauss / Invision,NTB

– Det har ho ikkje lagt skjul på, noko som ein òg såg på scena, at ho blei tydeleg rørt.

For programleiaren var dei ei glede å sjå Justin Bieber på dei to Coachella-konsertane sine.

  • En ung kvinne med brunt hår og blå øyne ser mot kameraet. Hun har på seg en dongeriskjorte. Bakgrunnen er mørk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Ingrid Moholt Waaler

    • Ingrid Moholt Waaler er programleiar og fan av Bieber

– For meg er det Justin Bieber sine konsertar som står att etter Coachella i år.

Ho meiner han ser lykkelegare ut nå enn på ei god stund.

– Han har vakse opp på internett og i rampelyset, at han tar eigarskap til den reisa, det elskar eg, seier Waaler.

YouTube-stuntet

Det begynte allereie førre veke då Justin Bieber gjekk viralt for å synge sine eigne låt som karaoke rett frå YouTube, blant anna «Baby» frå 2010.

Mange lurar på om han tok ein «Taylor Swift».

Bieber selde nemleg heile musikkatalogen sin i 2023 for over to milliardar kroner, og mange lurar på om han ikkje har lov til å framføre sine eigne songar utan å betale dyre lisensavgifter.

En ung mann med briller og lilla skinnjakke står foran en svart bakgrunn. Mannen har hendene i lommene og er kledd i en hvit t-skjorte og grå jeans. Bakgrunnen har tekst som «PENCILS OF PROMISE» og «DOLCE & GABBANA». (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Justin Bieber i 2011.

Foto: Donald Traill / FR170142 AP,NTB

Nostalgibølga sende dei gamle klassikarane rett tilbake på dei globale hitlistene.

– Heile denne reisa han har vore igjennom no, der han tek den tidlegare karrieren tilbake på ein av dei største musikkhappeningane i året, er ein maktdemonstrasjon, seier Silje Borgan, manager og forfattar av bok om Justin Bieber.

Høyrer du på gammal Justin Bieber?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Madonna sjokkerte med Sabrina Carpenter

Men det er ikkje berre Justin Bieber folk snakkar om etter Coachella.

Sabrina Carpenter, kvinna bak dei store låtane «Espresso» og «Juno», hadde nemleg med seg sjølvaste popdronninga Madonna som gjest.

I matchande blonder og korsett leverte duoen ein hitparade med «Vogue» og «Like A Prayer», i tillegg til ein smakebit frå Madonnas album «Confessions II», som kjem 3. juli.

Publisert 20.04.2026, kl. 12.13

Read Entire Article