Bergen først i landet: Innfører «badstue på resept»

1 day ago 4



Bergens politikarar vedtok tysdag bybudsjettet for 2026, der totalt 59 endringar vart presenterte.

Midt mellom kutt i byrådsavdelingar, auke av parkeringsavgifter og sparing gjennom «restriktiv tilsetjing», dukkar ei heilt ny helsesatsing opp:

«Badstue på resept»

Kommunen set nemleg av 300.000 kroner til det som blir Noreg første offentlege badstueordning.

Konseptet skal legge til rette for lågterskelbruk av badstue på lik linje med andre friluftstiltak.

– Kan bli starten på noko stort

Trond Tystad, frå Bergenslisten, har stått i spissen for forslaget.

– Vi er veldige fornøgde. Får vi dette til, blir det starten på det store «badstue på resept»-prosjektet i Noreg, seier han.

Bergen er ein av få kommunar som har lagt ned frisklivssentralen.

Det er ein av grunnane til at Tystad no kjempa for å finn ei erstatning som kan gjere ein frisklivsjobb. Han sjølv er ein badstueentusiast, og støttar badstuerørsla som har vakse fram.

en mann i en sauna med hvit hatt

Trond Tystad, som sjølv er ein ivrig badstueentusiast, meiner ordninga vil bli eit verdifullt helsetilbod.

Foto: Hannah Hægeland Blom / NRK

Han har trua på dette er ein politikk for framtida.

– Eg er bombesikker på at ein av våre badstuer grip denne sjansen og at dei får til eit godt prosjekt.

Tystad meiner badstue kan fungere som eit nytt type frisklivstiltak, retta mot folk som treng å komme meir ut og få eit helseretta tilbod.

Badstulauget:– Heile Noreg bør følgje etter

– Badstue er godt for enkeltmennesket og for samfunnet. Dette er eit lite tiltak som kostar lite pengar, men som kan gi store effektar.

Det seier Stig Arild Pettersen, generalsekretær i Noregs Badstulag. Han meiner Bergen no blir ein føregangsby.

Pettersen viser til at forsking som peikar på at badstue kan ha positiv effekt på blant anna hjarte- og karsystemet, kroniske smerter, depresjon og sosiale utfordringar.

Han understrekar likevel at det ikkje berre skal vere «gratis badstue for kven som helst».

Stig Arild Pettersen, generalsekretær i Norges badstulaug

Stig Arild Pettersen meiner Bergen kan vise veg som første kommune i Noreg med «badstue på resept».

Foto: Stig Arild Pettersen / Norges badstulaug

I første gang vil dei at folkehelsekoordinatorar kan henvise menneske dei meiner har godt av det. På sikt håper dei også at fastlegar kan skrive ut badstue på «resept»

– Det må vere eit opplegg rundt det, med folk som kan følgje opp brukarar. Der skapar Bergen no ei moglegheit for å teste kva som faktisk funkar.

Badstuer i Bergen kan no søke kommunen om støtte. Pettersen håper initiativet vil hauste erfaringar som andre kommunar kan lære av.

Målet er at andre kommunar skal følgje etter.

– Som den første kommunen i Noreg som innfører dette, bør heile landet sjå til Bergen, seier Pettersen.

Pettersen seier dei har sett mot England, der dei er pionerar på å bruke badstue som ein del av sosialt resept, «social prescribing». Erfaringane derfrå meiner han viser at tiltaket kan ha stor effekt også i Noreg.

Tidlegare i år var NRK-korrespondent Gry Blekastad Almås i London, der badstue på resept er i ferd med å ta heilt av:

Kuttar i tenester

Budsjettet vart vedteke av eit fleirtal med, Høgre, Frp, Sp, Bergenslisten, INP, Pensjonistpartiet og den uavhengige bystyrerepresentanten Anne-Magrethe Bollmann.

For å frigjere pengar til nye tiltak, gjennomfører dei fleire kutt:

  • 3 millionar i byrådsavdeling for byutvikling
  • 5 millionar i byrådsavdeling for barnehage og skule
  • 5 millionar i kjøp av varer og tenester
  • 5 millionar gjennom restriktiv tilsetjing
  • 5 millionar meir i parkeringsinntekter frå nye parkeringsplassar

Samtidig vart to barnehagar, eit seniorsenter og eit bibliotek redda gjennom budsjettforhandlingane.

Også Leif (70) fekk behalde støttekontakten sin, etter det blei kjent at kommunen også verna støttekontaktordninga for utviklingshemma.

Publisert 10.12.2025, kl. 19.19

Read Entire Article