Lettar på sløret om jakta på VM-base i USA: – Vi prøver å vere strategiske

1 day ago 11



– Eg kan ikkje seie kor vi har vore.

Det seier Truls Dæhli, som er prosjektleiar i fotballforbundet til NRK. Han har saman med to andre reist rundt i USA for å finne det som skal bli Noregs base under fotball-VM.

Men han held korta tett til brystet. Han snakkar med NRK på telefon for ikkje å avsløre kor dei har vore.

Sjølv ikkje landslagssjefen har så god koll på kor den norske delegasjonen har reist.

– Eg har ikkje masa så mykje på dei. Det er derfor dei er der. Dei er der for å finne dei alternativa vi har, og når vi har dei kjem eg og Brede inn i bildet. Vi tar og spelarane med på råd, seier Solbakken til NRK.

Derfor har NRK på eige initiativ oppsøkt nokre av dei aktuelle stadene for den norske VM-basen.

– Prøver å vere strategiske

Noreg skal spele to kampar i Boston og éin kamp i New York neste sommar.

Det er tre potensielle basar i området rundt New York. I Boston er det berre éin base i Fifas oversikt.

Tysdag reiste NRK rundt til basane i området rundt New York.

Éin av basane, Somerset Hill, bekrefta til NRK at Noreg verken hadde vore på synfaring eller hadde planlagt ei synfaring. Det er det truleg ein god grunn til:

treningsbane ved Somerset Hill.

Fine treningsfasilitetar ved Somerset Hill.

Foto: Fifa.com

Når Fifa skal tildele basar, tar dei utgangspunkt i kva pulje Noreg var i da VM-trekkinga blei gjord. Noreg var i pulje tre av fire. Med andre ord er det ei lang rekke lag som står framfor Noreg i køen. Blant dei er Frankrike, England, Brasil og Senegal.

På hotellet og treningsbanen ved ein skole kalla Pingry, har fleire andre land frå pulje 1 og 2 allereie vore på besøk.

– Vi prøver å vere litt strategiske i forhold til kva vi trur og kva vi får litt tilbakemeldingar på. Det er jo nettopp kva pott éin truleg kjem til å velje. Så vi må prøve å gjere fornuftige val med tanke på det, seier Dæhli til NRK.

– Ein liten joker

– Men så er det ein liten joker inne i bildet her. Alle nasjonar står jo fritt til å gå utanfor katalogen og velje eigne stader som dei finn sjølv, seier Dæhli.

Fifa garanterer at alle treningsfasilitetar skal halde same standard som banane til kampane på basane deira. Nasjonane som ikkje vel å ikkje gjere dette vil framleis få ei økonomisk støtte frå Fifa, men ein mistar altså garantien på banane.

– Det er ikkje aktuelt for oss. Det medfører altfor mykje kostnader og usikkerheit. Så det ser vi bort frå, seier Dæhli.

Treningsbanen ved Rutgers University.

Strokne forhold på treningsbanen på Rutgers University.

Foto: Fifa.com

Idrettsuniversitet med gigantisk stadion

Kva såg med dei to andre stadene rundt New York?

I Brunswick, 50 minutt å køyre frå Manhattan, ligg Rutgers University. Det er eit gigantisk anlegg med idrettsbanar overalt. Golf, fotball, amerikansk fotball og basket er blant idrettane.

På veg inn på området møtest du først av eit gigantisk stadion. Universitetet har nemleg eit amerikansk fotballag som speler på øvste nivå i college-idretten. Stadionet er større enn alle fotballstadion i Noreg, med ein kapasitet på over 50.000 menneske.

Men det er ikkje der inne Noreg eventuelt skal trene. Det er på fotballbanen på den andre sida av idrettsbygget på anlegget.

Inne i idrettsbygget på Rutgers University.

Slik ser det ut inne i idrettsbygget på Rutgers University.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

Sjølve treningsanlegget har to fulle fotballbanar, ei stroken grasmatte og ligg delvis skjerma for innsyn.

Til denne basen følger hotellet The Heldrich berre nokre minutts køyretur unna. Hotellet ligg midt i det som står fram som ein mellomstor norsk by, med barar, teater og restaurantar.

Da NRK var innom desse to stadene, var det ingen ansvarlege som var tilgjengelege for å snakke med pressa. Dei har ikkje svart på på førespurnadene våre om Noreg har vore, eller skal, på synfaring der.

The Heldrich Hotel hvor lagene som skal trene på Rutgers University skal bo.

The Heldrich Hotel kor laga som skal trene på Rutgers University skal bu.

Foto: Fifa.com

NRK nekta tilgang

Den siste aktuelle staden i området rundt New York er New York Red Bulls nye treningsbane og The Ridge Hotel.

Da NRK spurde the Ridge om å få komme på besøk, svarte dei følgande:

– Fasilitetane våre er unike i og med at det fungerer som eit privat konferansesenter og ikkje er ope for publikum. Vi ønsker å halde ein låg profil. Derfor ønsker vi ikkje å bidra med å vise fram fasilitetane våre.

Eksklusiv stad, der altså.

New York Red Bulls nye treningsbane.

Store valmoglegheiter for kva treningsbane laga som skal bruke New York Red Bulls nye treningsbane som base under VM.

Foto: Fifa.com

På treningsbanen rundt 20 minutt unna, er det foreløpig meir kaos enn det er VM-banar. Anlegget er i ferd med å bli pussa opp og er derfor ikkje tilgjengeleg for journalistar frå Noreg. Utanfrå ser det ut som om fasilitetane, når dei står ferdige, vil halde topp internasjonal klasse, med ei rekke bygg med ulike treningsfasilitetar, i tillegg til ein nybygd bane.

NRK veit ikkje kva dei ulike basane kostar, men ifølge NFF er prisforskjellane enorme.

– Eg har ikkje sett heilt nøyaktig på det, men eg trur du kan doble prisen, om du tar det som er det billigaste og det som er det dyraste. Kanskje meir enn doble det òg. Vi må prøve å gjere fornuftige val med tanke på økonomien òg, seier Dæhli.

Hotellet The Ridge kan by på en grønn lunge inne på sitt hotellområde.

Hotellet The Ridge kan by på ei grøn lunge inne på sitt hotellområde.

Foto: Fifa.com

Vurderer å sjå på fleire basar

Noreg det laget med nest kortast reiserute mellom stadionane dei skal spele på i VM. Køyreturen mellom New York og Boston er på snautt fire timar. Egypt i gruppe G speler kampane sine i Seattle og Vancouver, ein køyredistanse på rundt 2,5 timar.

Men:

Det er fleire andre nasjonar som speler kampane sine i området. England, Tyskland, Frankrike og Brasil skal alle spele VM-kamp i New York og området rundt.

Med andre ord er det langt frå sikkert at Noreg får ein base i New York eller den ved Boston. Derfor ser dei på totalt ni basar, også nokon lenger unna der Noreg faktisk skal spele kampane sine.

Truls Dæhli i Washington

Truls Dæhli, som er prosjektleiar i fotballforbundet, har vore på rundreise og lett etter base for Noreg under VM neste sommar.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

– Når vi har gjort det, så skal vi sette oss ned og summere opp. Og evaluere det vi har vore gjennom. For å vurdere om vi skal ytterlegare gå vidare og sjå på fleire, seier Dæhli.

– Betyr det at de ikkje er heilt fornøgde med det de har sett til nå?

– Dette er eit utval vi gjorde før vi sette i gang, som vi har bestemt oss for å gjennomføre uavhengig av kva vi møter. Så når vi har vore på alle desse stadene, så vil vi vurdere om vi treng å reise på fleire, fortel Dæhli.

Det er uansett ikkje sikkert at Fotballforbundet ønsker å gå for ein base rett ved der dei skal spele kamp.

– Vi må vurdere nærleik til kamparena opp mot det vi trur er best reint trivselsmessig. Og kor ein skal bu lenge. Det kan jo hende at ein vel å reise litt i staden for å bu nært. Det er jo to ting som ein må vurdere mot kvarandre heile tida.

– Vi kjem ikkje til å bu så vi må fly eller køyre veldig langt, men om vi må sitte to timar i buss eller fly 45 minutt til kamp så er ikkje det noka krise. Vi er fleksible på den base campen, han må ikkje vere heilt inne i Boston, seier landslagssjefen sjølv.

9. januar må dei sende inn ønska sine til Fifa. Ei veke seinare får dei svara på Haaland, Ødegaard og Nusas sommarplanar i 2026.

Publisert 11.12.2025, kl. 18.36

Read Entire Article