– I Noreg er vi for naive. Vi er nøydde til å begynne å ta dette på største alvor og redusere trusselnivået, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Russiske utviklarar har gjennom ei årrekke vore sentrale i utviklinga av overvakingssystem som Equinor og andre selskap brukar på norsk sokkel, kunne NRK, avisa Gjengangeren og Nettavisen fortelje onsdag.
Systemet hjelper selskapa å halde oversikt over om skipstrafikk og anna kan skade eller true kring 70 olje- og gassriggar.
– Det at russiske utviklarar har deltatt i utviklinga av Equinors overvakingssenter er heilt bisart. Dette er heilt vilt, seier forskar Ståle Ulriksen ved Sjøkrigsskolen om saka.
– Må gjere greie for kva som har skjedd
Listhaug er overraska over at regjeringa ikkje har gått inn i saka.
– Her må ein gå ei ekstra runde. Dette er ei så viktig næring for Noreg og for europeisk energisikkerheit, seier Listhaug.
MDG-leiar Arild Hermstad meiner det er sannsynleg at det er sikkerheitshol i overvakingssystemet.
– Regjeringa må gjere greie for kva som har skjedd og kva slags vurderingar som er gjort, og kva ein eventuelt gjer for å tette sikkerheitshol, seier Hermstad.
MDG-leiar Arild Hermstad.
Foto: Frida Wattne Lindland / NRKPST vart varsla om selskapet Vissim, som har utvikla overvakingssystemet, allereie i 2015.
– Sikkerheita er i for stor grad overlate til Equinor sjølv, og verda har blitt farlegare sidan Equinor inngjekk avtalen med selskapet. Difor må det bli gått gjennom på nytt, seier Hermstad.
Går ut frå at selskapet gjer risikovurderingar
Energiminister Terje Aasland (Ap) seier Equinor, ved å vere underlagt sikkerheitslova, har tilgang på sikkerheitsgradert informasjon.
– Equnior må sjølv svare på konkrete spørsmål om programvara dei brukar, men eg går ut frå at selskapet gjer grundige risikovurderingar i alle anskaffingar som blir gjort, seier Aasland.
Han opplyser også at selskapet har god kontakt med dei ulike sikkerheitstenestene i Noreg, blant anna PST og Etteretningstjenesta.
– Dette bidreg til at dei har eit godt grunnlag for å gjere vurderingar i saker som denne, seier Aasland.
Meiner systemet ikkje er ein sikkerheitsrisiko
Equinor seier dei har gjort grundige vurderingar og meiner at overvakingssystemet frå Vissim ikkje utgjer ein sikkerheitsrisiko.
Odin Johannessen, direktør i Næringslivets sikkerheitsråd, har tillit til vurderingane Equinor har gjort i saka.
NRK har også vore i kontakt med oljeselskapet Aker BP, som også har kontrakt med Vissim. Dei har same vurdering som Equinor.
– Vissim har ikkje direkte tilgang til våre system, og vi har god dialog med selskapet, skriv pressetalsperson Ole-Johan Faret i ein SMS.
Publisert 18.06.2025, kl. 19.00