Bedragerirettssaka mot Espen Teigen gjekk som tilståingssak då ho starta tysdag.
Det skjer etter at han tilstod at han laug då han sa at han budde hos ein kamerat i Trøndelag for å få gratis pendlarbustad medan han var politisk rådgjevar for dåverande justisminister Sylvi Listhaug (Frp).
Teigen skatta ikkje av fordelen, og sparte ifølge tiltalen nesten 400.000 kroner på dette.
– Det var veldig godt å få lagt alle korta på bordet, og vere ærleg og oppriktig på saka, og berre innrømme alt, sa Teigen til NRK etter at retten var heva.
Ba om elleve månader i fengsel
Aktor Susanne Åsheim Ihlebæk meiner Teigen misbrukte vervet eller stillinga si, og at bedrageriet difor er å rekne som grovt.
Ho meiner også at det Teigen har gjort, kan bli samanlikna med det tidlegare stortingsrepresentant Mazyar Keshvari gjorde då han leverte fiktive reiserekningar.
Han blei i 2020 dømd til elleve månader i fengsel for bedrageri overfor Stortinget.
Straffa til Teigen bør ligge på same nivå, sjølv etter strafferabatt, meiner Ihlebæk.
– Storleiken på beløpet, det at vi meiner det har vore misbruk av ei tillitsbasert ordning og annan praksis blant anna knytt til misbruk av reiserekningar, gjer at vi meiner dette er rett påstand.
Ho peikar også på at tilståinga kom svært seint, og at ho ikkje har hatt noko å seie for etterforskinga. I tillegg er det skjerpande at Teigen var politisk rådgjevar då lovbrotet skjedde.
– Vi meiner det gjer at saka er med på å svekke tilliten til politikarane våre. Og det er med på å svekke demokratiet. Slik sett er dette ei alvorleg sak.
Vil ha mildare straff
Teigens forsvarar Øystein Storrvik meiner aktor tek for kraftig i når ho ber om ei så lang fengselsstraff, og at det feil å samanlikne det Teigen har gjort med juks med reiserekningar.
– Eg meiner det er ein heilt annan situasjon. Han var 23 år, og kom inn i ein situasjon som han skildrar som ein ukultur, der dette blei sett på som eit fortent privilegium enn eit bedrageri. Det er ein veldig stor forskjell.
Dei siste åra har det blitt avdekt at fleire politikarar på Stortinget har hatt pendlarbustad, utan at dei hadde rett på det, og fekk ein skattesmell.
Fleire klaga på vedtaket frå Skatteetaten, og fekk nyleg medhald i Skatteklagenemnda.
Storrvik meiner påtalemakta burde gi Teigen større rabatt når han har valt å legge korta på bordet.
– Eg synest det er for strengt som utgangspunkt, og for liten rabatt for tilståing. I eit terreng der det har vore mange saker, der alle sakene har rent ut i sanden, utanom hans, meiner eg at det at han er ærleg må bli lønna betre enn det aktor har gjort.
Meiner det har vore ein ukultur
Teigen seier til NRK at han opplevde å vere i ei boble då han fekk pendlarbustad på feil grunnlag.
Han seier det var heilt normalt å be om dette.
– Det har vi sett. Det har vore mange saker på Stortinget og elles, der det har vore folk som har bustad i same by som dei får pendlarbustad. Det har utan tvil vor ein ukultur i norsk politikk. Eg håper det blir rydde skikkeleg opp.
– Opplever du det som urettferdig at du er den einaste som står igjen som tiltalt?
– Det er iallfall veldig spesielt. Så får andre vurdere om det er rettferdig.
Teigen er i dag journalist i Document.no. Han seier han er klar til å ta straffa si og gå vidare. Men han synest aktors påstand er for streng.
– Eg meiner det bør bli teke høgde for at eg er i jobb. Eg har eit veldig håp om at eg kan bidra og jobbe mest, og unngå ei lang straff, slik at eg kan bidra og betale skatt.
Det er venta at dommen i saka skal komme onsdag.
Publisert 17.12.2024, kl. 13.46