Banne-doping: – Eg treng litt ekstra sinne for å løfte tunge vekter

2 hours ago 1



– Før det tunge settet treng eg litt ekstra sinne for å få det til. Eg seier «faen» eit par gonger.

Det seier Haakon Abrahamsen (28). Han trenar seks gonger i veka på treningssenteret og er oppteken av å gjere det bra.

Då pleier han å tenkje på noko som gjer han irritert og sint. Banning er ein del av det.

– Når eg treng litt ekstra sinne for å løfte tunge vekter, då kan eg banne litt til meg sjølv, seier 28 åringen.

en mann med blå skjorte som smiler til kamera

Sinne og irritasjon motiverer Abrahamsen.

Foto: Nicole Klatzka / NRK

Banning gir auka sjølvtillit

Ein ny studie, publisert i det vitskapelege tidsskriftet American Psychologist, viser at banning gir auka sjølvtillit.

Det gjer at ein klarer å halde ut lenger på trening.

– Det ser ikkje ut som det faktisk endrar seg så mykje kroppsleg, men at vi blir meir gira på å prestere. Forskinga viser at banning har ein effekt på flyt, distraksjon og sjølvtillit, seier Arthur Laja, doktorgradsstipendiat på nevrovitskap ved Ruhr-Universität Bochum.

  • Et portrett bilde av en mann som ser seriøs mot kamera med blomster ved øret

    Arthur Laja

    Doktorgradsstipendiat på nevrovitskap ved Ruhr-Universität Bochum.

Laja har ikkje sjølv delteke i studien, men kommenterer ut frå kompetansen sin.

Grunnen til at banning faktisk hjelper oss, er at kroppen aktiverer seg meir. Ein ser auka vaknegradsrespons, og av og til ser ein effekt på hjarteraten, fortel Laja.

I studien har forskarane sett på samanhengen mellom styrke og banning. Sjølv om forskarane ser ein statistisk samanheng mellom dei to, påpeikar forskarane at fleire faktorar kan spela inn.

Banner du på trening?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Å seie «au» eller å distrahere seg har også vist seg å ha ein smertelindrande effekt, så det kan ha noko med forventningane ein byggjer når ein slår seg. Ved å seie «au» har du anerkjent at du har det vondt.

Den same funksjonen gjeld banning, meiner stipendiaten.

Blir ein immun mot banning om ein gjer det heile tida?

– Folk som bannar ofte, ser ut til å ha mindre effekt av det, seier stipendiaten.

Kjenner seg igjen

Venninneduoen Nehir Yalvac (19) og Mina Evju (19) trenar alltid saman og kjenner seg igjen i kva Laja seier.

To jenter på tredemølle

Venninnene motiverer kvarandre.

Foto: Nicole Klatzka / NRK

– Når det byrjar å bli veldig tungt, er det godt å få ut noko. Nokon vel å skrike, og nokon vel å banne. Og då kjem alltid det siste vesle pusha, seier Evju.

Det kjem nokre «faen» ut under økta.

– Eg veit ikkje om det er bannordet som gjer at det hjelper. Det er meir at ein liksom får ut litt energi, seier Yalvac.

Innanfor å banne

Sidan Embla Barragan (32) byrja som personleg trenar, har kulturen på treningssenter endra seg.

  • En portrett bilde av en dame med sort langt hår som smiler til kamera

    Embla Barragan

– Treninga handla før mykje meir om kanskje prestasjon og å bli sterk, medan vi no har forstått meir av viktigheita av fysisk aktivitet. Det har fått meir vanlege folk til å trivast med trening, seier Barragan.

Ho høyrer ikkje så mykje til banning, men gjerne grynting. Om folk bannar eller lagar lyd, varierer ut frå kor teknisk krevjande øvinga er.

en dame som trener på et treningssenter, hun gjør en bulgarsk splittknebøy

Bulgarsk utfall er øvinga Barragan har lagt merke til at dei fleste bannar eller gryntar til.

Foto: Nicole Karin Klatzka / NRK

Barrangan fortel det er viktig å fokusere på pusteteknikk når du trenar. Viss banning hjelper deg, er det heilt innanfor å banne på treningssenteret.

– Eg har tidlegare vore profesjonell thaiboksar, og der blir du spesifikt lært opp til å lage lyd når du bevegar deg i øvingane. Det er ein teknikk for alltid å hugse å puste, og det fungerer her òg ved å lage litt lyd, seier trenaren.

Publisert 30.01.2026, kl. 11.08

Read Entire Article