Bandet som blei avkansellert

3 hours ago 5



Dei drog inn 20 millionar kroner i fjor.

På ein musikk folk slit med å sette i ein sjanger.

200 millionar straumingar på Spotify, eller 32.000 avspelingar kvar dag sidan Spotify starta i 2006.

Av eit band som blei starta for at éin av dei skulle få seg dame, der gitaristen ikkje kunne spele gitar.

Med låtar som har blitt kalla grove, sexistiske og rasistiske, og framleis går som allsong på konsertane.

I 2024.

Det er ikkje så mange åra sidan det berre var Åge Aleksandersen som ville snakke med Vassendgutane.

Klassisk Vassendgutane-show. Rune Ståle Brautaset blir iblant kalla Harald Heide Steen 2, og viser at den gamle barnesongen «Tre små lopper» kan funke godt for eit relativt vaksent publikum.

Ungkar med dobbeltseng

Ørsta, 1996:
Rune Ståle hadde eit problem. Han hadde ikkje dame. Snart 30 år gamal med oppreidd dobbeltseng, men inga dame.

Rune Ståle gjorde det kanskje mest geniale han kunne gjort. Han starta band. Med seg sjølv som frontfigur.

– Eg hadde alltid drøymt om å vere med i eit band. Eg håpa på eit band med samhald som likte å kose seg, seier han.

Han starta med gitartimar, og samla folk frå revymiljøet i grenda til øving og pølser i kjellaren på ungdomshuset. Alle kunne spele – unntatt han.

Ein trekkspelar som var lei av gamaldans, ein sekstenåring med traktor – og ein nygift bassist som tenkte å slutte med musikken for å bli vaksen.

Slik blei det ikkje.

Vassendgutanes første øving i 1996. Rune Ståle Brautaset med el-gitar og raud skyggeluve, ung Arthur J Bjørdal med kassegitar og lusekofte.

Den første øvinga til Vassendgutane i 1996. Rune Ståle Brautaset med nykjøpt elgitar, og 16 år gamle Arthur Johan Bjørdal med kassegitar og tidsriktig lusekofte.

Foto: Privat

Fire kara frå Ørsta

Det var ved Vatnevatnet det starta. Nærmare bestemt på ungdomshuset ved Vassenden av Vatnevatnet.

Mykje vatn i denne skapingsforteljinga altså.

Og det går faktisk mest i vatn no om dagen, sjølv om varemerket til bandet er øl og konjakk. I 2024 feikar dei festing. Men slik var det langt frå i starten.

For sjølv om Rune Ståle ikkje fekk så mykje ut av gitarkurset, laga han bygdefest på scena – i baris og med cowboyhatt med revehale.

Rune Ståle Brautaset i Vassendgutane med cowboyhatt med revehale, i bar overkropp, sprutar øl med munnen på scena i Valldal.

Rune Ståle i kjent positur dei siste 28 åra.

Foto: Remi Sagen / NRK

Snart spelte Vassendgutane for drita fulle grendehus rundt i Ørsta. Også på Dublin pub i sentrum, sjølv om gitarist Arthur Johan berre var 16 år – og trekkspelar Ernst Olaf var utestengd etter å ha prøvd å banke opp pubeigaren.

Festscener rundt på Sunnmøre: Hareid, Fosnavåg, Volda. Ferjefolk måtte iblant komme etter med instrument. For bandet hugsa alltid å fylle gitarkassene med øl, men kunne gløyme gitar eller miksarar.

Dei spelte ein handfull coverlåter dei sjølv likte – frå ein sjanger som låg nede for teljing.

Diggy Liggy

Høyrt på Teddy Nelson?

Det er det ikkje alle som har.

Teddy Nelson og Country Snakes — «Davy Crockett»

​​​​​​​Teddy Nelson: «Den syngande murmeister frå Bergen» blei «Noregs countrykonge» på 1970- og 80-talet.

Nelson blei stor med humor inn i norsk køntrimusikk, med hittar som «Diggy Liggy Lo», «Fest i Karasjok» og «Skilsmisseferd i Hardanger».

Men Teddy Nelson døydde tidleg, og få høyrde på norsk køntri på starten av 1990-talet. Men så kom Hellbillies. Og så kom Vassendgutane.

– Me hadde høyrt mykje på Teddy Nelson. Og spelte han og litt Terje Tysland på konsertar, seier bandet.

Countryfestivalar ringde og sette Vassendgutane på dei minste scenene, til ei løn på fem tusen kroner – på deling.

Men ballen rulla.

Vassendgutane på veg til scena, får highfive frå unge jenter.

Trekkspelaren, kassegitaristen og hype-mannen på veg til scena, med stjerneslåtte, unge fans ventande.

Foto: Remi Sagen / NRK

Aldri vore til bya

Så ringde det frå Muddy Waters i Oslo – ei av dei viktigaste scenene i Skandinavia. Rett nok i kjellaren.

Me fekk ikkje spele oppe, nei. Men det var no i Oslo, eg trur me kunne spelt kor som helst i Oslo og hadde syntest det var stas!

Men lokalet var nesten tomt.

– Me blei skikkeleg skuffa. Det var ikkje så kjekt å spele i Oslo som me trudde.

Stemninga var laber da bussen rulla heim til Ørsta.

Heilt til dei rulla ein rar mann i dobbeltseng ut på eit snedig NRK-program.

Unge og eldre kvinner med cowboyhatt på Vassendgutane-konsert i Valldal 2024.

Mange av fansen i dag var 0 år da Vassendgutane slo gjennom.

Foto: Remi Sagen / NRK

Gi clutch

Rundt 2005 sveiv mange billege norske musikkvideoar på NRK. Videoane viste gjerne middels artistar som mima intenst i skog, mark eller på svaberg.

Danseband-Svisj stemte folk fram låtar på SMS, og 40.000 sjåarar kunne sitte oppe utover natta.

Svisj

Jukeboks-programmet Svisj gjekk på NRK frå 2002–2012. Andelen av stemmer angitt i prosent.

Foto: Silje Ese Haugen / NRK

Vassendgutane hadde gitt ut CD med berre eigne låtar: «Ungkar med dobbeltseng».

Men det vanskelege er ikkje å spele inn plate. Det er å selje den.

Bandet var blakke og utan platekontrakt, og Rune Ståle Brautaset køyrde rundt i Ørsta med CD-ane til butikkar, gatekjøkken og bensinstasjonar.

Så kom dei på ein idé: Musikkvideo.

Det same som gjorde A-ha til verdsstjerner. Budsjettet og forma til Vassendgutane var enklare.

Dei festa hjul og fisketråd på ei gamal dobbeltseng, og drog den gjennom bygda.

Det nasjonale gjennombrot: Mannen i den rullande dobbeltsenga.

Videoen skilde seg kraftig ut.

– Da den først kom inn på Svisj, fekk den slik ein boost. Me hadde hundre prosent på grafen på skjermen, det har eg aldri sett før, seier Arthur J. Bjørdal.

Plata hadde selt betre enn hakka møkk – om folk hadde fått tak i den.

For Rune Ståle rakk ikkje langt ut av Ørsta med Audien fylt med CD-ar.

Vassendgutane framfor den gule bandbussen.

Kassegitaristen, trekkspelaren og hype-mannen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Cowboyhatt og hjortevest

Heldigvis for han hamna hypen heilt til hovudstaden.

Vassendgutane fekk plateselskap, og Rune Ståle kunne la bilen kvile. «Ungkar med dobbeltseng» fauk inn på VG-lista, til topps på både album- og singellista.

Men suksessen frå Danseband-Svisj hadde også ei slagside.

– Eg har alltid vore livredd for å bli kalla danseband. Men Danseband-Svisj var greitt, for da kom vi på TV, seier vokalist og låtskrivar Sindre Aam.

Men kva sjanger spelte Vassendgutane?

For å sitere eit debattforum:

Det minte litt om utfordringa da Tore Strømøy var på sporet av røtene til den amerikanske countrylegenda Lynn Anderson i Drangedal. Da dei to køyrde forbi raketten i hagen til Sputnik, spurde Anderson kva dette var for ein type.

– Da vart eg i stuss, og svarte «It's an artist, his playing a kind of ... eh ...», har Strømøy fortalt.

Sputnik og raketten

Noregs mestseljande kasettartist er ikkje lett å setje i bås.

Foto: Javier Auris / NRK

Ifølge Vassendgutane var også Norsk Countryforbund usikre på om dei høyrde heime hos dei.

– Det kom tre karar med høge boots og stive, kvite hattar til oss. Dei hadde liksom greie på det, og likte ikkje oss. Country skulle vere slik Jim Reeves og Buck Owens, og i dei kretsane var ikkje me heilt godkjende, fortel Vassendgutane.

Sjølv kallar dei sjangeren for festkøntri. Eller som dei seier:

– Musikk som du skal drikke og ha det kjekt til.

Men det var fleire enn Countryforbundet som ikkje syntest Vassendgutane var kjekt.

Køyr mej heimatt

Konsertane var smekk utselde år etter år, men dei blei knapt spelte på radio.

Medan avisa Møre-Nytt melde:

«For tida er Vassendgutane mestseljande i Noreg. Meir populære enn Håkan Hellstrøm, Deep Purple og Justin Bieber.»

Samtidig i VG:

VG-2012

«Vassendgutane bestemte seg for å (...) bli det mest harry countryinfluerte dansebandet i Norge.»

«Siden da har harryheten hatt en selvforsterkende effekt.»

«Musikken er liksom både slapp og stiv, melodiene uoriginale, og får en i beste fall til å sette enda mer pris på Hellbillies.»

Vassendgutane toppen av VG-lista

Det blei ein gjentakande melodi.

VG lista 2015 Vassengutane på topp

Nummer 1 på VG-lista og terningkast 2 i VG.

Vassengutane var veldig kjente – og veldig lite anerkjente.

Norske musikk-kritikarar har aldri sett på det som si oppgåve å vere einige med folk flest, seier Sven Ove Bakke, kulturjournalist og musikksjef i Dagbladet på denne tida.

Han meiner at Vassendgutane nærmast kryssa Hellbillies med russemusikk i tekstane.

– Om ein sat i Oslo som standard kritikar var det vanskeleg å forhalde seg til slike folkelege uttrykk. Det er ein gjennomgangstone i norsk kultur ... i alle sjangrar, seier han.

Det skulle snart bli tydeleg.

Festival do

På Countryfestivalen i Vinstra i 2006 spelte kjente amerikanske artistar som Marty Stuart og Carlene Carter (bonusungen til Johnny Cash). Dagen etter stod det i avisa:

«Likevel var det Vassendgutane frå Ørsta som fekk 7000 countryfans til å juble høgast.»

Faksimile Gudbrandsdølen Dagningen, mandag 10. juli 2006. Vassendgutane overgikk stjernene.

Faksimile: Gudbrandsdølen Dagningen, 10.7.2006

Da Vassendgutane gav ut albumet XO i 2008 var salet på førehand like stort som det største rockebandet i landet, Madrugada.

Men bandet blei ikkje nominerte til Spellemannprisen i kategorien country.

Det blei langt mindre seljande Ida Jenshus, Ila Auto, Rita Eriksen og Roy Lønhøiden.

– Det fanst vel ein formel dei som nominerte gjekk ut frå, som me aldri forstod oss på, seier Aam og Brautaset.

Dei blei likevel inviterte til Oslo Spektrum, som pauseunderhaldning.

– Men det kom ikkje med på tv-sendinga. Det var vel ein måte å ha oss der, utan noko meir.

Vassendgutane i Oslo med instrumenter.

Oversett i Oslo? Her har dei instrument, og ikkje øl, i kassene – og møter tilfeldig ein som liknar veldig på ein kollega/konkurrent: Arne Hurlen i Postgirobygget.

Foto: Helge Mikalsen / Scanpix

I storstua i Oslo følte dei seg både uglesett og oversett.

– Dei såg ikkje på oss i gangane. Det var mange som var sånn overlegne, seier dei.

Da bygdegutane sat for seg sjølve i pauserommet, banka det på døra.

Det var Noregs største rockelegende.

Ros og varme

– Hovudårsaka til at eg gjekk inn i garderoben deira, var at eg lukta nokre av problema dei hadde ved å kome frå bygda, som eg sjølv hadde kjent. At dei kanskje ikkje var fine nok i det selskapet der, seier Åge Aleksandersen.

Sjølv kjem han frå småbyen Namsos.

– Eg trur nok at me frå andre plassar av landet ofte har kjent på den Oslo-arrogansen.

Sommerfestivalen - Åge Aleksandersen og Sambandet

Det e langt til Oslo frå Namsos, men til sommaren skal Åge Aleksandersen spele for 50.000 tilskodarar på Voldsløkka.

Foto: Hans H. Bjørstad

– Og at, sjølv om den kanskje ikkje er så tydeleg uttalt, vil eg nok tru at Vassendgutene har kjent på hånlatteren, seier Noregs mest kjente Åge.

For sjølv om bandet var så godt som kansellert av radiosjefar og meldarar i hovudstaden, fyltest lokala grisgrendte strok.

Vassendgutane toppa dei største countryfestivalane i landet, medan bh-ar og truser blei kasta på scena.

– Han var heilt på line med oss, han Åge Aleksandersen. Han visste kva vi styrte med. Og det var jækla kjekt, altså, seier Gutane i dag.

Sjølv om Åge ikkje akkurat applauderte for stuntet deira i 2018.

Eit liv på telehiv

For me må snakke om tekstane til Vassendgutane.

Titlane er gjerne samansette, om ikkje akkurat komplekse.

Plateomslag Vassendgutane

Gjerne av eit par ting Ørsta-gutane liker:

«Pylse og konjakk», «Stein, grus og torv», «Cowboyhatt og hjortevest», «Juletre og fenalår» og «Russerbart og hue».

Album Vassendgutane 2011

Eller par som ikkje høyrest ut som kjempematch:

«Sirup og snus», «Riskrem og entrekått», «Bevernylonjakke og tights» og «Hjertestartar og statoilkopp».

Album Vassendgutane 2005

Dei har uttrykk som av éin eller anna grunn har gått inn i det norske språket:

«Ungkar med dobbeltseng»

Album Vassendgutane 2008

og «Sillikon i tatti».

Album Vassendgutane 2013

Og dei brukar rim:
«Daude saude», «Julefest i vest», «Eit liv på telehiv» og «Ronny Ponny»

Album Vassendgutane 2015

– og naudrim: «Milf og pils»

«Ho e treogførti, men he lyst å vere tjue/Gjenge på fjellet i ei grøne strikka hue».

Album Vassendgutane 2018

Og – mest kontroversielt –

ordspel: «Du & Ej & MeToo»

Greitt å vere n****

I starten var orda deira mest om bygdeliv og originalar.

Men i 2011 kom politikk seilande inn, i låta «Greitt å vere n****»:

«I Molde e det mange, i Ålesund e det to
Dei scora mange mål og dei e visst veldig god

Det e greitt å være n****i Norge i dag
Viss du spelar fotball på eliteserielag
Men hvis du e n
****, som ikkje gjer det bra
Så sende me deg heimatt te Afrika»

Vassendgutane sponser Åmdalen IL sitt A-lag på draktene til fotballlaget har bandet logoen sin.

Vassendgutane på fotballkamp. Men ikkje Molde eller Ålesund, derimot på Åmdalen IL, som dei sponsar.

Foto: Frederik Ringnes / NRK

Bassist Sindre Aam hadde ein god kollega på propellverkstaden han framleis jobbar på, men venen fekk ikkje opphaldsløyve og blei sendt ut av landet. Nærmast i sinne skreiv Sindre ei låt om det han meinte var dobbeltmoral, at reglane kjendest annleis på fotballbanen enn elles.

Bodskapet var tydeleg. Og sympatisk, vil mange seie. Men så var det dette N-ordet.

– Me voks opp ei tid det var lov å seie det, og det på barne-tv og i visa til Thorbjørn Egner. Det er noko som har komme i seinare år, at dette er ikkje lov, seier Brautaset.

Bassist Aam legg til:

– Men me forstår at dette er eit ord ein ikkje skal bruke.

Så skulle ein kanskje tru at dei gjorde som Hellbillies – og kutta ut N-låta frå konsertane.

Men nei da. Her er det framleis allsong, også på utselde konsertar i Oslo.

Vassendgutane på Vulkan i Oslo i oktober: «Granada», «Greitt å vere n****», allsong og fest.

Du & ej & MeToo

Kort tid etter at metoo-rørsla kom til Noreg, kasta Vassendgutane seg på bølga.

Eller dei kasta seg kanskje mot den.

Me too – du må faen ikkje prøve dej
Du ska ikkje bestøve mej du
Me too – ikkje sjå på, ikkje ta på
Og ikkje prøv deg bakfrå du – me too

Jubelen sto ikkje i taket hos den ferske sjefen hos plateselskapet til Vassendgutane, Tonje Hovde.

– Da tenkte eg: Nei, kva er det her for noko, seier ho.

Jente på skuldre lagar hjartesymbol under Vassendgutane-konsert.

Dette var ikkje platedirektør Tonje Hovde sin reaksjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Du he miniskjørt og tights for å få
Merksemd når du går
Og silikon i tatti det fylde du på her i vår

– Det handla om timinga, det var fem dagar etter kvinnedagen. Og akkurat da hadde heile medie-Noreg fokus på kvinnene og dei misbrukte, seier Tonje Hovde.

Ej tru me too kampanja va bra
Men no he det gått for longt
Eit skeivt ord på natta på fest
Du måkje ta det så tungt

Forholdet mellom plateselskapet Tylden og Vassendgutane rauk, for som platedirektør Hovde skreiv.

– Dette kan føre til karrieremessig sjølvmord.

Fullt av jenter på Vassendenkonsert i Valldal

Fullt av jenter på Vassendgutane-konsert i Valldal.

Foto: Remi Sagen / NRK

Pisse bakom nåva

Oslo-pressa elska ikkje metoo-albumet til bandet frå Ørsta.

Gjennomført håpløst og tonedøvt, skreiv VG.
Ærlig talt, dette er grunne greier, skreiv Dagbladet.

Heller ikkje Åge Aleksandersen var imponert.

– Eg synest ikkje det var det luraste dei har gjort, det må eg seie.

Han tenkte at Vassendgutane trakka seg ut i ei myr som mange før dei hadde slite med å kome seg ut av. Som da Plumbo plumpa med eit plumpt ordspel på Spellemann. Eller Hans Rotmo, etter ei låt om folk frå «fjerne himmelstrøk» som lukta «hasj og løk».

– Her var Vassendgutane på ein god veg ned i folkedjupet. Og der er det ting som eg ikkje liker, det må eg berre innrømme, seier Åge Aleksandersen, før han humrar lett:

– Men så viser det seg at det er tusenvis av Vassendgutar i landet.

For dei er ikkje kansellerte. Ikkje eingong i Oslo. Det siste året har «Gutane» fylt opp Vulkan arena i Oslo tre gonger til allsong av «Greitt å vere n ...» og «Du & ej & MeToo».

Oslo står stille når Vassendgutane har konsert.

Oslo står stille når Vassendgutane har konsert. Nei da, men sjølv om det nok er mest sunnmøringar på Oslo-konsertane, er det betydeleg mange andre dialekter også.

Foto: Erik Haukenes / NRK

Festi ekje slutt

Kulturjournalist Svein Ove Bakke meiner at Vassendgutane på mange måter lever i sitt eige økosystem, med eigne musikkutgivingar og fans – og mot woke-kulturen

– Det blir jo noko motkulturelt og protestaktig, ein lang langefinger til alt som er av etablissement. Det er nesten litt punk, seier Bakke.

Og som Åge Aleksandersen seier om Vassendgutane:

– Dei nok har følt på hånlatteren. Men den stilnar fort, veit du, når lokala fyllest og pengane strøymer inn. Da blir dei litt argumentlause, dei derre fisefine.

Vassendgutane sponser Åmdalen IL sitt A-lag på draktene til fotballlaget har bandet logoen sin.

Vassendgutane sponsar Åmdal IL – i 6. divisjon.

Foto: Frederik Ringnes / NRK

For såpass godt går Vassendgutane A/S at dei er hovudsponsor for fotballaget i bygda. Såpass godt at dei speler 61 konsertar i år, og drog inn 20 millionar kroner i fjor.

Og såpass folkelege er dei – at låtskrivarane Arthur Johan Bjørdal og Sindre Aam framleis køyrer gravemaskin og jobbar på propellfabrikken mellom konsertane.

Kva er din favorittlåt av Vassendgutane?

Publisert 25.10.2024, kl. 21.35

Read Entire Article