Nissedal, Ribba, Julaftan: Kva er det mest «julete» stadnamnet i landet?

6 hours ago 6



I den vesle kommunen med tre nisseluer i kommunevåpenet begynner det å nærme seg jul.

Julegrana er tent og julegata er pynta til jul.

– Nå er det julestemning i Nissedal. Nå begynner det å likne veldig jul. Det einaste som manglar nå er litt meir snø, seier ordførar Ian Parry-Jones.

Lekehus i Nissedal.

Det er lett å komme i julestemning av eit snødekt leikehus i ein kommune som heiter Nissedal. Men akkurat dette namnet har ingenting med jul å gjere.

Foto: Ian Parry-Jones

Nissehølen, Julekvelden og Jultreskogen

Kartverket har dykka ned i stadnamnregisteret for å finne nokre av dei mest «julete» stadnamn- og adressene i Noreg.

Basen inneheld over ein million stadnamn.

250 av dei begynner på jul. Vel ti av dei 30.000 samiske stadnamna i registeret startar også på jul.

  • Gateadresser med jul i namnet:

    • Jultreskogen (Aure)
    • Juleveien (Steinkjer)
    • Julstien (Stjørdal)
    • Julebauen (Lillesand)
  • Andre stadnamn med jul:

    • Jolgrøsvatnet (Volda)
    • Julebygda (Sandnes)
    • Julkaffebyen (Snåsa)
    • Julekista (Grimstad)
    • Julekvelden (badeplass i Nordre Follo)
    • Juleaftegrunnen (Sande)
    • Julholmen (Molde)
    • Julkaka (Aure)
  • Andre assossiasjonar med jul:

    • Reinsdyrveien (Nannestad, Sandnes og Eigersund)
    • Akevittsvingen (Nord-Torpa)
    • Ribba (Hvaler)
    • Skomakergata ( Drammen, Dokka, Tinn og Rognan)
    • Jordmor Magdalene (Alta) • Jordmor Helga (Fosnavåg).
    • Alf Prøysen har derimot fått sin eigen veg, ikkje berre ein, men fire stader.
  • Stadnamnregisteret inneheld heile 75 nisse-namn: 

    • Nisseberget (Sandnes, Oslo, Marker, Aurskog-Høland, Enebakk, Nes, Eidskog og Sør-Varanger)

    • Nissehølet (ulike skrivemåtar i Nesodden, Flekkefjord og Indre Østfold)

    Kjelde: Kartverket

– I Trøndelag finst namnet fleire stader og kan ha samanheng med plantenamnet «jol» (kvann). Det kan også koplast mot mannsnamnet Gjurd, seier Åsmund Christenson, som jobbar med stadnamn i Kartverket.

– Har ingenting med jul å gjere

Christenson kjem sjølv frå Vest-Telemark, ikkje så langt frå Nissedal.

– Dette namnet høyrest jo veldig julete ut, men eigentleg har det ingenting med jul å gjere, seier han.

Åsmund Christenson.

Åsmund Christenson er stadnamnansvarleg i Kartverket region aust.

Foto: Iver Daaland Åse / Kartverket

Nissedal har ifølge Christenson namn etter innsjøen Nisser.

– Nisser kjem frå ordet Nidsær. Det er norrønt for Nid, som betyr nedre og sær, som er eit ord for sjø, forklarer han.

Mange stader i landet er det mange holmar og skjer som er knytt til jul og julaftan.

– Det er blant anna ein holme i Bamble som heiter Jul. Og det er eit skjer i Horten som heiter Julaftan, og eit skjer i Larvik som heiter Juledagen.

Treungen sentrum i Nissedal kommune.

Nissedal kommune har eit namn som minner om jul, og julestemning kan ein også få av bilda av Treungen sentrum med snø og lys. Men akkurat nå er det ikkje snø her.

Foto: Styrk Fjærtoft

Nissar i Nissedal

Ordføraren i Nissedal får besøk av familien frå Storbritannia og har kanskje lova dei meir enn han kan halde til jul.

– Eg har eigentleg lova dei kvit jul i Nissedal, så eg håpar vi får det til.

Ordfører i Nissedal, Ian Parry-Jones på julehandel.

Nissedal-ordførar Ian Parry-Jones seier det er snø og julestemning på heiane i kommunen akkurat nå.

Foto: Privat

Han har ikkje berre lova snø, han gir også garanti for å komme i julestemning om ein besøker kommunen.

– Det gjer ein absolutt. På heiane er det snø og god vinterstemning. Alpinbakken på Gautefall opnar på laurdag. Nå er det vinterstemning i Nissedal.

Sjølv om namnet Nissedal ikkje har noko med nissar å gjere, er det mange nissar der, seier ordføraren.

– Det er veldig mange. Både i skogen, på heia og i butikkane. Og på kontoret til ordføraren, legg han til.

– Kor mange nissar er det der?

– Det er ein sjefnisse og fleire hjelpenissar, ler Parry-Jones.

Kva meiner du er det mest «julete» stadnamnet i Noreg? Legg inn ein kommentar her:

Publisert 23.12.2024, kl. 17.49

Read Entire Article