Forventningane var lågare drivstoffprisar etter avgiftskuttet ved midnatt onsdag, då avgiftene på bensin blei kutta med 4,41 kroner per liter, og diesel med 2,85 kroner.
Slik blei det ikkje overalt.
I denne saka kan du lese om:
- At fleire opplever at prisane ikkje svara til forventningane
- Kva opposisjonen meiner
- Kva bensinstasjonskjedene svarer
- Kvifor drivstoffprisane har blitt dyrare
– Ikkje ein aprilspøk?
På ein bensinstasjon i Asker steig prisane raskt opp igjen.
– Eg synest det er heilt absurde prisar, seier Deni som NRK treffer på Circle K natt til onsdag.
Han og kameraten Isa skal fylle diesel på bilen før ein tur til Haugesund. Men dei synest det er dyrt.
Deni og Isa var innom for å fylle tanken ved midnatt.
Foto: Gunnar Bratthammer / NRKDå dei to mennene får høyre at avgiftskutta gjeld frå 1. april, kjem reaksjonen raskt:
Ved Circle K i Asker gjekk prisen opp ved midnatt.
Video: Gunnar Bratthammer / NRK– Seriøst? Det er ikkje ein aprilspøk?
Nei, det er ikkje ein aprilspøk. Likevel endra ikkje prisane seg så mykje ved denne stasjonen.
- Klokka 23.15: Bensin 26.29 og diesel 29.27
- Klokka 23.59 var prisane litt lågare: Bensin 21.88 Diesel 26.42
- Klokka 00.00 gjekk dei opp igjen: Bensin 26.29 og diesel 29.27
Kutta frå politikarane held ikkje, meiner Deni.
– Prisen bør ned til 17-19 kroner. Det er greitt, synest eg.
Fleire stader ligg prisane på same nivå som før kuttet:
Bensinstasjon i Alta.
Foto: Jan-Erik Steine / NRKBensinstasjon i Alta.
Foto: Jan-Erik Steine / NRKBensinstasjon i Fredrikstad
Foto: Philip Andre Johannesborg / NRKBensinstasjon i Fredrikstad.
Foto: Philip Andre Johannesborg / NRKBensinstasjon i Fredrikstad
Foto: Philip Andre Johannesborg / NRKBensinprisane i Svinesund
Foto: Philip Andre Johannesborg / NRKFrå Ryen i Oslo
Foto: Magnus Thorén / NRKFoto: Magnus Thorén / NRK
Bilete frå Follebu i Gausdal kommune
Foto: Niklas Aas SkovdahlFrå ein YX-stasjon i Førde sentrum i Vestland. Dieselprisen er øvst på tavla.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKFrå Circle K på Kopstad i Horten
Foto: Andreas Jacobsen Molvig / NRK
Meiner det er lureri
Ved ein bensinstasjon i Førde kosta diesel 24,99 kroner per liter klokka 23.40.
Klokka 05 hadde prisen stige til 26,81 kroner.
Ein av dei som reagerer, er Arne Nistad, som eig Nistad Transport i Sunnfjord.
– Dette er lureri, rett og slett. I går sette dei dieselprisen opp til nesten 30 kroner, og no er prisen høgare enn han var tidlegare på dagen. Det verkar som ein dårleg aprilspøk, seier han.
Drivstoffpriser på Sogn i Oslo og Høvik i Bærum natt til onsdag.
Foto: Gunnar Bratthammer/NRKSlik svarar bensinstasjonskjedene:
Hanne Wilhelms / NRK
Tom Borgersen, dagleg leiar i YX
YX avviser at prisane har auka i samband med avgiftskuttet.
– Prisane følgde vanleg prosedyre. Ein har gjerne eit prisløft nokre gonger i veka, før dei går ned igjen. Det skjedde også i går.
YX meiner at prisane har gått ned tilsvarande avgiftene, og peikar på at fleire forhold påverkar dette.
– Prisane blir påverka av den internasjonale kostprisen, valuta, transport, driftskostnader og konkurranse.
Magnus Thorén / NRK
Kristin Gulliksen Mala, leiar for kundeservice i Esso
– Vi bekreftar at våre prisar blei reduserte tilsvarande endring i avgifter ved midnatt natt til onsdag 1. april. Avgift-reduksjonen skal komme kundane våre til gode. Samstundes er det slik at pumpeprisane blir avgjorde av fleire faktorar enn avgiftene, for eksempel internasjonale produktprisar, som har stige mykje dei siste fire vekene.
Ho legg til:
– Utover dette har vi ingen fleire kommentarar.
Circle K, ST1
NRK har vore i kontakt med desse, men har ikkje fått svar enno.
Frp: – Det er uakseptabelt
Leiaren i det største opposisjonspartiet, Sylvi Listhaug (Frp) reagerer på prisutviklinga.
– Det er uakseptabelt dersom ikkje avgiftsreduksjonane kjem forbrukarane til gode. Frp forventar at prisane blir sette ned tilsvarande avgiftskuttet, inkludert moms. No må drivstoffkjedene kjenne si besøkstid, seier ho til NRK.
Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Foto: Hans Philip Hofgaard / NRKFrp var ein del av fleirtalet som stemte for å kutte avgifta.
– Kan ekspertane ha hatt rett i at drivstoffkuttet er eit lite treffsikkert tiltak for å betre økonomien til folk flest?
– Nei, vi forventar at prisane blir sette ned med ein gong.
NRK har sendt ein førespurnad om kommentar frå regjeringa.
Krigen i Midtausten gjer drivstoff dyrare
Idet påska startar 1. april, blir vegbruksavgifta på drivstoff sett til null.
Onsdag i påskeveka er ein av dei travlaste dagane i påsketrafikken, ifølge Statens vegvesen.
Det er på grunn av krigen på Iran at drivstoff har blitt dyrare.
Mellom anna fordi Hormuzsundet, kor mykje olje vanlegvis blir frakta gjennom, er stengt.
Senterpartiet sikra fleirtal for hastebehandling av eit Høgre-forslag om billigare bensin. Alle dei andre raudgrøne partia stemte imot.
Endringa er mellombels og gjeld frå 1. april til 1. september.
Sjølv om avgifta blir kutta, så kan prisane likevel stige som følge av andre faktorar.
Trur prisane vil stige igjen
Forskar meiner prisane fyrst kan falle, før dei gradvis aukar igjen.
– Eg trur pumpeprisane fell tilsvarande avgiftsreduksjonen i byrjinga, før dei så går sakte oppover att, seier forskingsleiar Alexander Schjøll ved Forbruksforskningsinstituttet SIFO til NTB.
Han peikar på at bensinstasjonskjedene må dekke inn eigne kostnader.
– Det er kostnader bensinstasjonskjedene må få tilbake. Dei har ein auka kostnad fordi verdien har auka, og det må dei også bli kompensert for, seier Schjøll.
Samstundes understrekar han at utviklinga er usikker.
– Vi veit eigentleg ikkje kva som vil skje, sidan vi ikkje har erfaring med å kutte avgifter på denne måten, legg han til.
Alexander Schjøll, forskingsleiar Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
Foto: OsloMetPublisert 01.04.2026, kl. 03.11 Oppdatert 01.04.2026, kl. 11.44














English (US)