Auka press mot Stoltenberg: – Skugga banen og drog på ferie

1 day ago 7



Presset aukar mot finansminister Jens Stoltenberg, som har vore alle andre stader enn i Noreg etter at budsjettbråket braut ut førre veke.

– Det er heilt absurd at finansminister Jens Stoltenberg, som er ansvarleg for budsjettforslaget frå regjeringa, har skugga banen dei siste dagane og reist på ferie for å lansere si eiga bok, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.

Medan Ap-leiinga har vore drivne frå skanse til skanse, har sjefen for budsjettet selt bøker i London, Frankfurt, København og Stockholm.

Ein godt eller dårleg tima bokturné (stryk det som passar) som fleire i opposisjonen ironiserer over:

– Den einaste som enno ikkje har innrømt og beklaga at han var med på å gi veljarane feilaktige svar i valkampen, er han som har laga budsjettet, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

– For meg verkar det som ei heilt oppsiktsvekkande prioritering, dersom han har vore i europeiske storbyar for å bli bokbada, medan alle andre har måtta rydde i rotet hans her heime.

Ho legg til:

– Eg hadde ikkje tolerert dette frå finansministeren min, dersom eg var statsminister.

  • Nikolai Astrup i dress og slips som går i gangen

    William Jobling / NRK

    Nikolai Astrup, Finanspolitisk talsperson i Høgre

    ⁠Det er sikkert hyggeleg å signere bøker og gjeste Skavlan sitt nye program i Sverige, men her heime er det fullt kaos i den økonomiske politikken.

    Sitert i E24.

  • en mann med skjegg

    Fredrik Varfjell / NTB

    Geir Pollestad (Sp), stortingsrepresentant

    Den viktigaste jobben finansministeren gjer er å lage statsbudsjettet, og han burde definitivt ha vore her (i Stortinget). Ingen finansminister er heva over norsk politikk.

  • Hans Andreas Limi (FrP)

    William Jobling

    Hans Andreas Limi, finanspolitiske talsperson i Frp

    Vi har lurt på kor han er. Det er naturleg at han som har lagt fram budsjettet i Stortinget deltar i debatten.

Inkluderingsminister for finansminister

Tysdag kveld kom Stoltenberg tilbake til gamlelandet, på same tid som Arbeidarpartiet gjorde retrett og tok gratisferjer og gjeldssletteordninga inn igjen i statsbudsjettet.

Fleire i opposisjonen såg derfor fram til å høyre Stoltenberg forklare seg i Stortinget onsdag formiddag, der det er tradisjon for at finansministeren (eller statsministeren) møter til første spørjetime etter budsjettframlegget.

I staden sende regjeringa justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen og arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Ikkje godt nok, ifølge dei som meiner at finansministeren har vore missing in action.

President eg registrerer at verken statsminister eller finansminister er i salen i tråd med vanleg praksis etter at eit budsjett er framlagd, kommenterte Bent-Joacim Bentzen, som er justispolitisk talsperson i Senterpartiet.

Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Erling Sande (Sp), seier at det «i beste fall er spesielt» at Stoltenberg ikkje møter:

– Når statsministeren, helseministeren og fleire av toppane i Ap gjev inntrykk av at dei ikkje hadde oversikt over eit statsbudsjett som var ferdig, så hadde det vore mange viktige spørsmål å stille finansministeren om budsjettprosessen.

Det er første gong på ni år at verken statsministeren eller finansministeren kjem til første spørjetime i Stortinget etter statsbudsjettet.

  • Erna Solberg sitter på et podium

    Ismail Burak Akkan / NRK

    Erna Solberg, leiar i Høgre

    Når du sit med ansvaret for økonomien i landet, så kjem det med eit særleg ansvar. Du må vere til stades, forsvare politikken og svare på spørsmål. Å vere finansminister i Noreg er ikkje ein deltidsjobb.

  • Sylvi Listhaug i svart dress

    Hallgeir Aunan / NRK

    Sylvi Listhaug, Frp-leiar

    Gårsdagens sending i Debatten fekk tydeleg fram at Støre-regjeringa ikkje er i nærleiken av å forstå kva for eit enormt tillitsbrot dei faktisk har gjort overfor folk.

  • Ordfører Ståle Refstie (Ap) i Sunndal kommune.

    Remi Sagen

    Ståle Refstie (Ap), ordførar i Sunndal kommune

    Eg reknar med at bokturneen var planlagd og godkjent lenge før statsbudsjettet blei lagt fram. Og at det da var avklart kven i regjeringa som da skulle møte i dagens spørjetime i Stortinget. Så dette meiner eg er storm i eit vassglas. Spesielt sidan manglane i statsbudsjettet nå er løyst internt i Arbeidarpartiet.

Finanspolitisk talsperson i Frp, Hans Andreas Limi, meiner det er eit spørsmål om respekt:

– Det hadde vore naturleg å vise såpass respekt for Stortinget at han gjorde det, seier han til E24.

Statsministerens kontor svarer at «det går på omgang mellom statsrådane» kven som stiller i spørjetimen, og at statsministeren og finansministeren kjem til å stille «seinare i haust».

Onsdag ettermiddag kom finansminister Jens Stoltenberg (Ap) til Stortinget for å møte pressa der.

Han seier det er beklageleg at saker Arbeidarpartiet hadde ført valkamp på blei tekne ut av statsbudsjettet.

– Det var ein alvorleg feil. Då er då på sin plass å beklage. Og så er det viktig å rette opp. Gjennom helga har vi hatt møter og samtalar som gjorde at vi måndag gjorde om desse beslutningane, og no er desse tinga lagt inn igjen.

Han vil ikkje gå inn på når kutta av gratisk ferjer og nedskriving av studiegjeld blei gjort, men seier det til sjuande og sist var Finansdepartementet som tok avgjerda.

– Kutt kjem som regel frå Finansdepartementet. Slik er det i dei fleste regjeringane.

Trygve Slagsvold Vedum et al. på TV

Tysdag ettermiddag kulminerte budsjettbråket med at Arbeidarpartiet gjorde retrett og tok gratisferjer og gjeldssletteordninga inn igjen i budsjettet.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Publisert 22.10.2025, kl. 12.29 Oppdatert 22.10.2025, kl. 12.58

Read Entire Article