På det vakre, gamle tunet i Jølster budde kunstnaren Nikolai Astrup. Måleria hans er kjende i heile verda, og tunet der han skapte verka sine er eit populært turistmål.
Eit visningssenter for publikum har lenge vore under arbeid. Det skal gi publikum ei unik oppleving av kunstnaren og hans liv.
Senteret er nesten fullfinansiert. Men 18 millionar kroner frå fylkeskommunen manglar. Dei lar mest truleg vente på seg.
– Ein blir jo litt bekymra sjølvsagt, seier avdelingsdirektør for kunst i Musea Sogn og Fjordane, Tor Martin Leknes.
Det er nemleg ikkje sett av ei einaste krone til prosjektet i fylkeskommunens budsjettforslag for 2026.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery løyvde 32 millionar kroner til visningssenteret og blei møtt med stor jubel.
Foto: Ann Beate Eikås / NRKManglar berre fylkeskommunen
Sunnfjord kommune har allereie sikra delar av finansieringa gjennom eigen innsats på 19 millionar kroner. I sommar gav sparebankstiftingane DnB og Sogn og Fjordane 20 millionar kroner kvar til prosjektet.
Med det var prosjektet så godt som halvfinansiert.
Slik skal visningssenteret sjå ut. «På vandring» av Erik Langdalen arkitektkontor vant arkitektkonkurransen på det nye Astruptunet i Jølster.
Foto: Erik Langdalen arkitektkontorDå regjeringa kom på bana med ei løyving på 32 millionar kroner, såg alt ut til å vere på stell.
Kulturminister Lubna Jaffery troppa sjølv opp på kunstnartunet i september med budsjettlekkasjen, berre nokre veker før valet.
– No er det berre å invitere dronninga til opninga av visningssenteret, sa Jaffery den gongen.
Statssekretær i Kulturdepartementet Trude Storheim seier til NRK at ho håpar Astruptunet rekk å få senteret ferdig til 100-årsjubileet i 2028.
Totalkostnaden er rekna til kring 130 millionar kroner, og fylkeskommunes del på 18,5 millionar i spleiselaget er avgjerande for å fullfinansiere prosjektet.
Dronninga er ein stor beundrar av Jølster-kunstnaren, og har besøkt senteret fleire gonger. Ho har også vore i London for å sjå Astrup sine verk då dei blei stilt ut i det verdskjende Dulwich Picture Gallery i London.
Foto: Stig Roger Eide / NRKBekymra for 100-årsjubileet
I 2028 er det 100 år sidan Astrup døydde, og planen er å markere det med eit ferdigstilt visningssenter.
Ordføraren i Sunnfjord er bekymra for 100-årsjubileet om ikkje alle pengane kjem på plass.
– Vi treng ei forplikting frå fylkeskommunen at dei stille seg bak sin andel, slik at vi kan starte opp neste år, seier Jenny Følling.
Kommunen håpar at fylket vil bidra seinare i budsjettprosessen, slik at arbeidet kan halde fram utan store forseinkingar.
– Vi kan ikkje leve i uvisse og ikkje vite noko før i 2027. Så vi må ha ei forplikting på at dei kjem med sin andel, seier ordførar i Sunnfjord kommune, Jenny Følling.
Foto: Ann Beate Eikås Hovland / NRKLeiar for hovudutval for kultur i Vestland fylkeskommune, Jacob Nødseth forsikrar at Astruptunet står høgt på prioriteringslista.
I økonomiplanen for dei komande åra har fylket sett av 45 millionar kroner til regionale kulturbygg fordelt på 2027, 2028 og 2029.
Sjølv om finansieringa ikkje er heilt på plass, vel avdelingsdirektør Tor Martin Leknes å ha trua på at visningssenteret blir klart til jubileet.
– Eg er optimist, sjølv om eg sjølvsagt skulle ønske at vi hadde ein klar finansieringspakke, seier Leknes.
Publisert 29.11.2025, kl. 10.27


















English (US)