Asfalt har blitt meir miljøvennleg – CO2-utsleppa halvert

1 month ago 23



– Skal vi vere konkurransedyktig er det heilt naudsynt at vi omstiller oss, seier Thor Kvam, områdesjef asfalt for entreprenøren NCC i Trøndelag.

Klokka nærmar seg midnatt, men for asfaltarbeidarane på E6 har arbeidsdagen berre så vidt starta.

Asfalten dei legg slepp ut 46 prosent mindre CO₂ enn for fire år sidan.

Dei neste åra trur Vegvesenet dei skal kunne kutte enda meir.

Asfalt må bli varma opp til omtrent 160 gradar før han blir lagt på vegen.

Henning Levold

Konkurrerer på utslepp

I løpet av sommaren skal Statens vegvesen leggje omtrent ein halv million tonn asfalt på riksvegane i landet.

Fleire entreprenørar konkurrerer om å vinne kontraktar for Vegvesenet. Før konkurrerte dei berre på pris, men sidan 2020 har det ikkje vore nok å berre gjere jobben billig.

Asfalteringsarbeid på E6 ved Åsen

Formann Anders Betten Pedersen og resten av arbeidarane arbeider om natta for å påverke trafikken minst mogleg.

Foto: Henning Levold / NRK

– For å vinne kontraktane våre må entreprenørane gjere jobben klimavennleg, seier Thor Asbjørn Lunaas, sjefingeniør i Statens vegvesen.

For kvart kilo med CO₂ entreprenørane kjem til å sleppe ut, legg Vegvesenet på 7,50 kroner til anbodet dei leverer.

Slik er det dei som kan gjere jobben både billig og miljøvennleg som vinn oppdraget.

– Bransjen har respondert veldig godt på dette, seier Lunaas.

– Dei som ikkje satsar på å finne meir miljøvennlege løysingar set seg sjølv på sidelinja. Dei vinn ikkje våre kontraktar.

Asfalteringsarbeid på E6 i Åsen.

I løpet av natta blei det lagt 32 lastebillass med asfalt. Det gir omtrent halvannan km med motorveg.

Foto: Henning Levold / NRK

Blir tvungen til å omstille

– Krava frå Statens vegvesen er veldig strenge, men det gjer at vi faktisk må utvikle oss, seier Kvam.

Han fortel at dei har klart å redusere utsleppa mellom anna ved å ombruke gamal asfalt og ved å bruke meir miljøvennlege energikjelder til produksjonen.

Ofte er asfalten sliten berre i hjulspora fortel Kvam. Når dei sliper ned vegen får dei restar som kan bli brukt igjen.

– Vi kan lage ny asfalt av noko som tidlegare var avfall. Det sparer mykje utslepp.

I tillegg fortel han at dei bruker restar frå treindustrien som energikjelde i asfaltproduksjonen. Også det gjer mindre ressursbruk og lågare utslepp.

Thor Kvam på E6 i ås. Asfaltering.

Thor Kvam fortel av dei må fortsette å finne måtar å kutte utsleppa på, elles er han redd dei blir sette på sidelinja.

Foto: Henning Levold / NRK

Sikker på å nå 70 prosent

Statens vegvesen har brukt metoden med å vekte CO2-utslepp i kontraktane sine sidan 2020.

I tillegg bruker mange fylkeskommunar og større kommunar den same metoden når fylkes- og kommunale vegar skal bli asfaltert, fortel Lunaas.

– Dette er ein metode som har gitt svært gode resultat. Jo fleire som brukar han, jo større effekt gir det.

Han peikar på at samarbeidet med asfaltbransjen har vore veldig godt og at det enda er mogleg å kutte meir.

– No har vi som mål å kutte 70 prosent innan 2030. Det er eg overtydd om at vi klarer!

Asfaltarbeid på E6 i Åsen.

Vegvesenet sin metode har gitt gode resultat på kort tid. Fleire fylkeskommunar og kommunar brukar same metode.

Foto: Henning Levold / NRK

Ønsker mindre asfalt

Vi er glade for kvart tonn CO₂ som ikkje blir sleppt ut, seier Anja Bakken Riise, leiar for miljøvernorganisasjonen Framtida i våre hender.

Ho seier resultata Statens vegvesen har oppnådd ved å stille krav til leverandørane er til inspirasjon for andre innkjøparar.

Samstundes er det viktig å seie at det som ville kutta mest utslepp, hadde vore å ikkje legge ny asfalt i det tempoet vi gjer i dag.

Riise peiker på at asfalt må prioriterast til trygge bruksvegar og ikkje motorvegprosjekt.

Men den oppgåva er det regjeringa og Stortinget som skal løyse, ikkje Statens vegvesen.

Publisert 05.06.2024, kl. 16.06

Read Entire Article