Arne Bye skal ha latt vere å fortelje kvinna om diagnosen: – Eg blir mildt sagt forbanna

4 hours ago 3



Det var vondt, men eg tenkte at eg måtte gjennom dette for å få den tilvisinga.

Det seier kvinna som gjekk fleire gonger til Arne Bye i håp om å bli tilvist på grunn av ein smertefull tilstand ho mistenkte at ho hadde. Ho er ei av dei 94 fornærma kvinnene i rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta kommune.

Hos den tidlegare fastlegen sin skal ho ha fått beskjed om at plagene kunne skuldast at det var lenge sidan ho hadde hatt samleie.

Han sa at det var det same som når konene fekk heim fiskarane sine frå sjøen. Då kunne det bli litt irritert, forklarar kvinna om forklaringane ho fekk frå tiltalte.

Dette bekreftar Bye at han har sagt til kvinna.

Kvinna fortalde at ho var desperat etter å finne ut årsaka til smertene ho hadde.

– Eg gjekk dit veldig mange gonger for å få det påvist, men så fekk eg aldri det. Så eg gjekk dit på nytt og på nytt, forklarar ho.

Etter at ho bytta lege og oppsøkte spesialist fekk ho mistanken bekrefta og påvist den smertefulle tilstanden.

I ettertid har kvinna lest journalen sin. Og der har legen likevel notert diagnosen fleire stader.

Og då blir eg jo mildt sagt forbanna. For då skjønar eg jo at eg har gått i mange år og prøvd å få hjelp og så har eg ikkje fått høyre dette, seier kvinna i retten.

Bye: Eg tilviste til spesialist

Etter at kvinna har forklart seg i retten seier tiltalte at han er ueinig i at han ikkje informerte ho om tilstanden.

– Allereie etter første gynekologiske undersøking tilviste eg vidare til spesialist, seier Bye.

Tiltalte viser til journalnotat han skreiv etter at kvinna hadde vore på legetime hos han – dei same notata kvinna seier ho blei forbanna av å lese.

– Eg refererer til ei tidlegare undersøking og beskriv jo at tilstanden kan vere det.

Bye seier at han tok kvinna på alvor, men at det ikkje er grunn til å så tvil om hennar oppleving av at han ikkje tok ho på alvor.

– Eg registrerer at pasienten er misfornøgd med informasjonen som er gjeve og det har eg full respekt for. Informasjon og kommunikasjon er ein ting som eg ikkje er god nok på.

Bye erkjenner ikkje straffskuld, verken for valdtekt eller for å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang overfor kvinna.

Eg visste ikkje at han var så rutinert på å valdta folk

Tidleg i rettssaka har Bye fortald at han filma med opptil tolv kamera under gynekologiske undersøkingar.

Også denne kvinna er filma både medan ho sit på ein flat undersøkingsbenk og i gynekologstol.

– Eg synest det er helt forferdeleg at det finst ein sånn video.

Då kvinna fekk sjå videoen av seg sjølv frå legekontoret i forbindelse med rettssaka blei ho sjokkert over kor rutinert tiltalte verka.

– Først og fremst då eg såg videoen syntest eg det var heilt grotesk. Det ser jo ut som ein pornovideo. Så gjekk det liksom inn på meg kor rutinert det var – at han flytta på kamera og flytta på stolen for at han skulle få fullt innsyn.

– Eg visste ikkje at han var så rutinert på å valdta folk, legg ho til.

Han er svært lite overbevisande

Kvinna sin bistandsadvokat, Mette Yvonne Larsen, seier at ho ikkje er overtydd over forklaringa til Bye.

Han prøver å forklare det meste med sine medisinske vurderingar og termar. Han er svært lite overbevisande, sånn som eg ser det.

Larsen er bistandsadvokat for ei av dei 94 kvinnene i det ho beskriv som ei veldig alvorleg sak.

Heilt historisk alvorleg med så mange ofre som han er tiltalt for å ha valdtatt. Det er utan sidestykke og det har ingen av oss erfaring med frå før, i alle fall ikkje her i landet.

Advokat Mette Yvonne Larsen i Trøndelag tingrett i forbindelse med Frosta-saken.

Mette Yvonne Larsen er bistandsadvokat for kvinna.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Bistandsadvokaten fortel at kvinna har kvidd seg veldig til å vitne i rettssaka mot sin tidlegare fastlege.

– Men ho har også vore sterk undervegs. Ho har vore veldig klar på at ho ville ha han til stades i saka, seier Larsen.

Erkjenner stadig fleire valdtekter

Gjennom rettssaka har Bye erkjent stadig fleire valdtekter.

Erkjenningane grunngjev han i at kvinnene både var ute av stand til å motsette seg det som skjedde og at han ikkje informerte om kva han skulle gjere. Nokre gonger har han forklart at han erkjenner valdtekt basert på kvinna si forklaring i retten.

Før rettssaka begynte erkjente han tre valdtekter og 40 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å oppnå seksuell omgang.

No, etter at 83 av 94 kvinner har forklart seg i retten, erkjenner Bye å ha valdtatt 21 kvinner og å ha misbrukt stillinga si overfor 44 av dei.

Saka mot Arne Bye går for retten fram til 18. februar.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 10.01.2025, kl. 17.20

Read Entire Article