Det er vanskeleg å vite sikkert kor mange som har døydd i brannane, sidan det er umogleg å ta seg inn for å undersøke mange stader, seier styresmaktene.
Men ein av dei ti som har blitt funne, er 83 år gamle Rodney Nickerson. Han var heime i senga si då Eaton-brannen raste gjennom Altadena.
– Vi fann kroppen hans. Heile skjelettet var intakt, seier dottera Kimiko til lokale KCAL News.
Nickerson kjøpte huset i Altadena for berre fem dollar i 1968, fortel dottera. Ho, bror og son hennar har alle vakse opp i det same huset.
– Sonen min prøvde å få han til å reise vekk, og naboane, og eg, men han sa: «Det kjem til å gå fint med meg. Eg er her når de kjem tilbake.»
– Det var det siste han sa til meg: «eg kjem til å vere her i morgon».
Har byrja å få kontroll
Los Angeles brannvesen seier dei har byrja å få kontroll på delar skogbrannane etter fire dagar med stor spreiing.
Det har blitt fleire skogbrannar i delstaten California som følge av klimaendringane, men denne blei særleg forsterka av sterke vindar og tørt terreng.
Området som har brent, er fredag kveld på storleik med Miami, og 6 kilometer mindre enn Oslo by.
Det er varsla at vinden endeleg vil minke seint fredag kveld, og ein av dei store brannane, Kenneth, er no under kontroll.
Dei to største, Palisades og Eaton, er framleis høvesvis 92 og 97 prosent ute av kontroll.
Politiet har fredag innført eit portforbod i områda som er råka av Palisades- og Eaton-brannane, frå klokka 18 i kveld lokal tid til klokka 6 i morgon tidleg.
– Du kan ikkje vere i desse råka områda. Dersom du er det, kan du bli arrestert, seier fylkespolitisjef Robert Luna.
Årsaka er å verne om private eigedommar og hindre plyndring i dei evakuerte områda.
Sender framleis ut evakueringsvarslar ved feil
Medan NRK sin korrespondent køyrer gjennom Los Angeles, dukkar det opp fleire høglytte naudvarslar på mobilen. Der står det:
SKOGBRANN FLYTTAR SEG I HØG HASTIGHEIT I DITT OMRÅDE. EIN EVAKUERINGSORDRE HAR BLITT SENDT UT TIL DITT OMRÅDE. FORLAT DET NO.
På dette tidspunktet er ikkje NRK i eit evakueringsområde.
Fylkesadministrasjonen skriv på sine nettsider, på både engelsk og spansk, at dei har blitt kontakta av fleire personar som har fått varslinga ved ein feil.
– Vi beklagar forstyrringa. Vi jobbar med Det føderale byrået for naudrespons (FEMA) for å undersøke problemet, heiter det vidare.
Dei ber folk om å heller bruke det digitale kartet for evakueringsområda på AlertLA.org.
Biden: – Minner om ei krigssone
USA sin president Joe Biden la fredag kveld ut ein video på X, der han seier at «alt blir gjort på føderalt nivå» for å sørge for at brannoffera får «alle ressursar dei treng».
Biden seier vidare at han har godkjent guvernør Gavin Newsom sin søknad om å klassifisere brannane som ein stor katastrofe.
Dette gjer at dei som er mest råka har rett på kontantstøtte til ting som daglegvarer, morsmjølkerstatning og medisinar.
– Det minner meg meir om ei krigssone, der du har visse mål som har blitt bombarderte, seier Biden om Los Angeles fredag kveld, ifølge AFP.
Han fortalde vidare at han har sett «tydeleg bevis på plyndring» mellom ruinane, og åtvara mot å spreie feilinformasjon om det som har skjedd.
I tillegg lovar han at administrasjonen skal hjelpe til med å bygge opp igjen Los Angeles, når den tid kjem.
Fleire selskap prøvar å talfeste kor mykje ei slik gjenoppbygging vil koste. Ein av rekningane dei har kome fram til, er på 150 milliardar dollar, skriv AFP.
Vassmangel eit stadig større problem
Allereie på tysdag, medan brannmannskapa kjempa mot den største av brannane i Pacific Palisades, kom dei første meldingane inn om at brannhydrantane var tomme for vatn.
Desse er utplasserte slik at ein raskt kan få tilgang på vatn ved brann i eitt eller fleire hus. Men systemet er ikkje laga for å sløkke hundrevis samtidig.
– Brannmannskapa er der, men det er ingenting dei kan gjere, sa utbyggar Rick Caruso, som blant anna eig Palisades Village kjøpesenter, på lokalt TV tysdag.
– Vi har nabolag som brenn, heimar som brenn, arbeidsstader som brenn. Det skal aldri skje.
Traco Park, som jobbar i byadministrasjonen og representerer Pacific Palisades, skulda onsdag på dårleg planlegging.
– Den kroniske mangelen på investering i byen Los Angeles, i vår offentlege infrastruktur og partnarane som står for samfunnstryggleik, er tydeleg for alle som ser, sa ho.
Torsdag blei det igjen mogleg å drive sløkkearbeid med fly som frakta sjøvatn. Byen sitt brannvesen sa då at dei hadde stoppa heilt å bruke brannhydrantane.
Dei tre enorme vasstankane som leverer vatn til desse, hadde då våre tomme i over eit døgn.
Publisert 10.01.2025, kl. 20.08