No skal «Albertine» på langtur: – Det er ei fantastisk storhending

3 hours ago 4



Forsiktige hender løftar Christian Krohg sitt måleri «Albertine i politilægens venteværelse» ned frå veggen i Nasjonalmuseet i Oslo.

Det 2 gonger 3 meter høge måleriet skildrar korleis ei skamfull Albertine må oppsøke politiet sin lege etter å ha blitt valdteken av ein politimann.

Romanen om Albertine og måleriet skapte ein stor debatt her i Noreg på slutten av 1880-talet.

I 1887 førte dei to kunstverka til at den offentlege prostitusjonen blei forboden.

No er det kjende måleriet på veg vekk frå den trygge veggen i Oslo og skal fraktast til Musée d`Orsay i Paris.

Bileta skal stillast ut der frå 25. mars til 27. juli.

Der skal sofistikerte franskmenn få sjå dette og fleire verk av Christian Krohg. Det franske museet sjølv skildrar det som ei viktig utstilling dei no skal stille ut.

Krohg budde sjølv i paris frå 1901 til 1909 der han underviste ved Académie Colarossi.

Albertine

Det å flytte verdifulle måleri er ein kunst i seg sjølv.

Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet

– Spennande samarbeid

– Det er ei fantastisk storhending.

Det seier Ingrid Røynesdal som er direktør ved Nasjonamuseet.

Ho trekker fram at dette også er ei veldig viktig markering av Christian Krohg som kunstnar utanfor landegrensene.

– Dette er ein sjanse vi ikkje lèt gå frå oss. seier Røynesdal.

Den kjende museet i Paris har tidlegare også stilt ut kjende verk av Harriet Backer og Edvard Munch.

– Det er mykje fokus på norsk kunst for tida. Vi får til gode spennande samarbeid, meiner direktøren.

Det er ikkje berre-berre å flytte eit så stort og kjend kunstverk som «Albertine».

Biletet er sentralt i Nasjonalmuseet si faste utstilling og har nesten aldri vore på utlån før.

Ramma til Albertine

Mange tilsette er i sving når maleriet skal flyttast.

Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet

Måtte stoppe rykte

Tilsette ved museet balanserer måleriet ned frå veggen og over på ei vogn.

– Forsiktig! blir det ropt før vogna blir trilla vidare til ein konserveringsverkstad.

Der skal «Albertine» få ein naudsynt sjekk før det og dei andre måleria blir frakta vidare til Frankrike og Paris.

Ramma er for tung og må bli igjen i Noreg.

– Eg trur desse måleria talar veldig til mennesket og dette har skapt nysgjerrigheit hos dei franske kuratorane, seier Ingrid Røynesdal.

Det gjekk lenge rykte om at Edvard Munch hadde malt ein av figurane på måleriet «Albertine».

Men for å avkrefte dette skreiv Christian Krohg på baksida:

«Eg og berre eg har komponert og malt dette bildet»

Publisert 10.01.2025, kl. 21.33

Read Entire Article