Ansatte i Nasjonalmuseet ut mot egen ledelse: Kunst- og kulturinstitusjonar er ikkje nøytrale

1 month ago 49



Foto: Annika Byrde, NTB

Når verda brenn, bør kunsten og institusjonane som forvaltar og formidlar den, spele ei rolle. Om ikkje, kven er vi da?

Publisert: 11.05.2024 20:00

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Over 70 tilsette i Nasjonalmuseet og meir enn 1950 andre har i skrivande stund signert eit opent brev til museumsdirektør Ingrid Røynesdal.

Her ber ein blant anna om at museet:

  • sluttar seg til opprop om våpenkvile på Gaza
  • bidrar til å verne om og formidle palestinsk kunst og kulturarv, som òg er å finne i museets samling
  • sluttar opp om kunstnarar og tilsette som uttrykker støtte til Palestina
  • boikottar kunstfaglege og økonomiske samarbeid med israelske institusjonar

Fleire medium har fatta interesse for saka. Til NRK seier Røynesdal: «Styrets og ledelsens hovedlinje som Nasjonalmuseum er ikke å ta stilling til geopolitiske konflikter. Nasjonalmuseets visjon er å gjøre kunsten tilgjengelig for alle og enhver enkelt.»

Hadde det berre vore så lett. Og hadde ein berre kunne forkaste den andre delen av visjonen til museet etter eige behag.

Når kunsten ikkje blir vist

Nasjonalmuseets fullstendige visjon seier at museet «gjør kunsten tilgjengelig for alle og hver enkelt og reflekterer samfunnet og tiden vi lever i». Kva betyr dette? Kva tid lever vi i no? Vi trur at vi lever i ei tid da kunsten kan spele ei viktig og samlande rolle, og vi ber museets leiing om å legge til rette for det.

Museumsleiinga ved Røynesdal og styreleiar Maria Moræus Hanssen har vidare presentert sitt syn i eit debattinnlegg i Aftenposten. Der set dei fram påstanden om at museet si hovudoppgåve er «å være en arena for kunstneriske ytringer, ikke en politisk aktør», og at ein elles vil risikere å «innskrenke dette ytringsrommet».

Vi skal være en arena for kunstneriske ytringer, ikke en politisk aktør, skrev direktør Ingrid Røynesdal (t.v.) og styreleder Maria Moræus Hanssen i Nasjonalmuseet i et debattinnlegg i Aftenposten 6. mai. Foto: Rodrigo Freitas, NTB

Ei slik tru på musea som nøytrale arenaer gjer at leiinga står fram i utakt med kunstfeltet. Det vitnar òg dei talrike signaturane på det opne brevet om.

I innlegget har Røynesdal og Moræus hugsa resten av visjonen, å «reflektere samfunnet og tiden vi lever i», og dei legg dessutan til «gjennom kunsten». Men korleis skal kunsten få tale når den ikkje blir vist?

Eit farleg terreng

Vi ser med bekymring på at museets linje har ført til at fleire forslag til formidling av ei palestinsk drakt frå Nasjonalmuseets samling er blitt avslått. Som om det å vise fram ei folkedrakt i seg sjølv kan bli oppfatta som å «ta stilling» og gjere at nokon ikkje føler seg velkomne. Da hamnar vi i farleg terreng.

Ingen skal føle seg redde av å sjå eller lære om palestinsk kunst og kulturarv. Om nokon føler på ubehag i møte med palestinsk kunst, bør vi som samfunn snakke meir om nettopp det. Det er for eksempel ikkje greitt at det å formidle palestinsk kultur i seg sjølv skal kunne tolkast som antisemittisme.

Løysinga kan aldri vere å teie og med vilje halde tilbake kulturarv som faktisk er trua. Å teie under eit folkemord og den pågåande raseringa av vår felles globale kulturarv er ikkje nøytralt. Finst eigentleg nøytralitet i ei verd som brenn?

Ikkje nøytral verksemd

Nasjonalmuseet har tidlegare vist integritet i ein geopolitisk konflikt.

Da Russland invaderte Ukraina i februar 2022, responderte Nasjonalmuseet raskt. Ein museumsvegg lyste opp i fargane til det ukrainske flagget, ukrainsk kunst blei delt i museets sosiale medium, smekkfulle magasin blei til og med stilt til disposisjon for oppbevaring av ukrainsk kunst.

I 2024 avviser museumsleiinga forslag til programmering og formidling som kan tolkast å vere relevant på noko vis for folkemordet på Gaza eller tilhøyrande ytringsfridomsproblematikk.

Mens kunstnarar ofte står på barrikadane og kjempar for ytringsfridom, er det musea som vel kva kunst som blir kjøpt inn, stilt ut, forska på og bevart for ettertida.

Dette er heller ikkje nøytral verksemd. Som kunstnar Marianne Heier skriv i Morgenbladet 12. april: «Når museene aktivt unngår sentrale, aktuelle temaer og overlater ansvaret til enkeltkunstnere og små, underfinansierte utstillingssteder, legges det i realiteten bånd på kunstens ytringsrom. Dette er et alvorleg brudd på samfunnskontrakten i kunstfeltet.»

Målar seg opp i eit hjørne

Kunst- og kulturinstitusjonar som Nasjonalmuseet verker vere meir opptatt av kva dei ikkje skal seie, framfor kva dei faktisk skal seie. Leiinga i Nasjonalmuseet hadde truleg blitt klokare ved å invitere tilsette og publikum til dialog om vanskelege tema og for å snakke om korleis ein kan og bør vere aktuell.

Store kulturinstitusjonar, særleg dei med nye bygg til fleire milliardar, har mykje byråkrati. Det er enklare å få godkjenning til å markere «World Horse Appreciation Day» med nokre av dei flotte hestane i Nasjonalmuseets samling enn det er å aktualisere palestinsk kunst ved å vise verk av blant andre Jumana Manna, som òg er i museets samling. Men når Nasjonalmuseet med vilje unngår å formidle aktuelle kunstverk frå eiga samling, målar dei seg opp i eit hjørne.

Korleis blir det i framtida? Kan museet framleis stille ut politisk kunst og formidle denne? Kan ein på nokon måte respondere på det som skjer i verda, med aktuelle kunstverk frå heile Noregs kunstsamling? Kva skjer i så fall med formidlinga av samlingas mange politiske verk, for eksempel av Synnøve Persen eller Victor Lind, eller kunst med reint forsonande bodskap?

Det er alltid eit «no»

Trass i tidvis mykje byråkrati: Kulturinstitusjonar og publikum består av menneske. Menneske som blir fortvila når barn døyr i ruinane av sin eigen heim, og av unge menneske som ropar at dei vil ha ein klode dei kan leve på i framtida. Menneske som har kjent rasisme og andre former for undertrykking på kroppen. Om vi som jobbar i kulturinstitusjonane ikkje reflekterer dette på noko vis, kven er vi da?

«Allereie» i oktober uttrykte International Council of Museums, den internasjonale medlemsorganisasjonen for museum og museumstilsette, bekymring over krigen og mana til våpenkvile på Gaza. Utan å seie det særleg høgt har Nasjonalmuseet etter påtrykk nyleg stilt seg bak både dette og fråsegna for vern av kulturarv som Museumsforbundet vedtok på sitt årsmøte 24. april. Ei gledeleg utvikling og ei tilslutning som forpliktar.

Som kollegaer i Nasjonalmuseet har vi noko viktig felles:

Vi har ønskt å jobbe ein stad som blant anna har ei rik samling og utstillingar i verdsklasse. I samlinga og i utstillingane finn vi historier om menneskeverd, Palestina, Israel, urfolksrettar, kvinners fridomskamp, rasisme, skeiv frigjering, kjærleik og ytringsfridom. All denne kunsten har òg vore «no». Ved å løfte desse historiene kan institusjonar som Nasjonalmuseet faktisk bli meir relevante.

For éin ting er sikkert: Kunsten blir ikkje tilgjengeleg for alle og kvar enkelt om den ikkje blir formidla.

Camilla Frøland Sramek, kurator formidling
Ellisiv Brattfjord, senior kommunikasjonsrådgivar
Geir Haraldseth, kurator samling
Hannah Vickers, konservator
Håkon Lillegraven, kurator formidling
Ida Hove Solberg, tekstredaktør
Ingvild Hammervoll, kurator formidling
Kachun Lay, omviser
Lisa Andrine Bernhoft-Sjødin, rådgiver kunstfaglige arrangementer
Malin Rebekka Bakken, servicekoordinator
Marius Wang, utstillingstekniker
Mei Silja Szetu, koordinator utstilling på turné
Solveig Ane Kirkaune Øksendal, verksmester
Victoria Bugge Øye, kurator samling

Read Entire Article