Andrew Tate dukka opp hos politiet

2 weeks ago 7



Den sjølvutnemnde mannssjåvinisten Andrew Tate har ein massiv tilhengarskare i sosiale medium og blir hylla av mange unge menn.

No må han og broren, Tristan Tate, svare på grove skuldingar:

  • Påtalemakta har skulda dei for menneskehandel.
  • Brørne er også skulda for å ha forma ei organisert gruppe for å seksuelt utnytte kvinner.

Sjølv har dei heile vegen nekta straffskuld.

Og no er dei altså tilbake i Romania etter nesten ein månad i USA.

– Eg drog akkurat til politistasjonen og det var hundre kamera, skriv Tate i eit innlegg på X i 09.30-tida måndag morgon.

Tate delte eit bilete frå reisa på X fredag ettermiddag:

– Brukar 185.000 dollar på eit privatfly over Atlanterhavet for å signere eitt einaste papir i Romania. Uskuldige menn flyktar ikkje. Dei reinvaskar seg i retten, skreiv han.

Andrew og Tristan Tate på eit fly

Andrew Tate (v) delte dette bildet frå eit privatfly fredag ettermiddag.

Foto: Privat / X

Dei siste åra har Tate-brørne vore i husarrest i Romania, men i februar blei reiseforbodet deira oppheva.

Dermed kunne dei igjen reise fritt – og drog til USA.

Den britiske avisa Financial Times har tidlegare hevda at Trump-administrasjonen pressa Romania til å la Tate-brørne få reise.

Romanias president, Ilie Bolojan, har derimot avvist ei slik samtale.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 24.03.2025, kl. 09.54 Oppdatert 24.03.2025, kl. 10.21

Read Entire Article