Amund Djuve skal leie Epstein-gransking

9 hours ago 4



Tidlegare i mars vedtok eit einstemmig Storting ein granskingskommisjon etter at fleire nordmenn i norsk utanriksteneste har blitt kopla til Jeffrey Epstein.

Det etter at Epstein-dokumenta blei frigitt.

Tidlegare redaktør i Dagens Næringsliv Amund Djuve skal leie granskinga.

– Eg er glad for at Amund Djuve har takka ja til oppdraget. Han har meget god kjennskap til norsk samfunnsliv og ein bakgrunn frå media og undersøkande verksemd som vil vere nyttig å ta med seg inn i oppdraget.

Det seier stortingspresident Masud Gharahkhani om leiar-valet i ei pressemelding.

Dei andre medlemmane av kommisjonen er:

  • Kjersti Buun Nygaard som nestleiar
  • Hugo-A. B. Munthe Kaas
  • Pia Therese Jansen
  • Sunniva Engh
  • Axel Wernhoff

Avsløringa pressa fram ei ekstern gransking av utanrikstenesta. Granskinga skal strekke seg heilt tilbake til 1993 og inngåinga av Oslo-avtalen.

– Dårleg tolmod i Epstein-saka

Raudt-leiar Marie Sneve Martinussen seier til NRK at paritet har vunne gjennom sine krav til mandata i kommisjonen.

For Raudt har det vore viktig at mandatet skal:

  • Ha tilgang til alle dokumenta til regjeringa og andre dokument med teieplikt
  • Sjå på om norske skattepengar har bidratt til menneskehandel
  • Vere strenge habilitetskrav til kommisjonen og sekretariatet

Partileiaren forventar at medlemmane i kommisjonen har «riktig kompetanse på korrupsjon, openheit og elitenettverk».

– Raudt har dårleg tolmod i Epstein-saka. Det er bra at kommisjonen endeleg blir sett ned, seier Martinussen.

Følg utviklinga i saka her:

Publisert 27.03.2026, kl. 09.52 Oppdatert 27.03.2026, kl. 10.00

Read Entire Article