– Vi må sjå alvoret i situasjonen og erkjenne at kvart einaste minutt tel for å sikre at amerikanarane sin draum om å annektere landet vårt ikkje blir ein realitet.
Det seier den fungerande regjeringsleiaren på Grønland, Múte B. Egede, i eit intervju med den grønlandske avisa Sermitsiaq.
Besøket frå tre personar frå Trump-leiren har rysta grønlandske polikarar.
Foto: MADS CLAUS RASMUSSEN / AFPEgede steglar etter at kona til den amerikanske visepresidenten J.D. Vance, Usha Vance, den amerikanske nasjonale sikkerheitsrådgjevaren, Mike Waltz, og USAs energiminister, Chris Wright, kunngjorde besøk til Grønland.
Vance har stadfesta at ho landar på Grønland torsdag.
Turen skal «bygge partnarskap som skal respektere Grønland sin sjølvråderett og fremje økonomisk samarbeid», seier Brian Hughes som er talsperson for Det kvite hus, til Reuters.
Dette skaper reaksjonar.
Dette treng du å vite
- Kva har skjedd tidlegare?
Den amerikanske presidenten Donald Trump har fleire gongar sagt at Grønland bør bli ein del av USA.
I januar tidlegare i år reiste Donald Trump Jr. på dagsbesøk til Grønland. Det blei ble sett på som ei kraftig eskalering i den tryggingspolitiske konflikten mellom USA, Grønland og Danmark.
Trump meiner Grønland er viktig for USA sine tryggingsinteresser og økonomi, ifølge CNN. Presidenten har ikkje utelukka å bruke militære styrkar for å ta kontroll over øya.
Som respons, har Danmark hatt krisemøte med Grønland. Dei to tok avstand frå Trump sine utsegner saman og kalla dei «uakseptable».
– Vi er ikkje til sals, og kan ikkje berre bli tekne, svarte regjeringssjefen på Grønland, Múte B. Egede.
- Kva ønsker grønlendarar?
Fleirtalet av folk på Grønland ønsker ikkje å bli en del av USA.
Det viser ei meiningsmåling frå januar 2025.
Meiningsmålinga viste også at 56 prosent av befolkninga ønsker å lausrive Grønland fra Danmark, om det blei holdt val i dag. 28 prosent svarte at dei ønskte å bli verande som ein del av Riksfelleskapet med Danmark.
I mars 2025 blei det holdt val på Grønland. Der fekk partiet Demokraterne størst oppslutting. Dei ønsker å føre landet gradvis mot sjølvstende frå Danmark.
Mange på Grønland ønsker likevel å oppretthalde samarbeidet med både USA og Danmark, mellom anna innan turisme og utvinning av naturressursar.
- Kva er forholdet mellom Grønland og Danmark i dag?
Grønland er ein del av det danske Riksfellesskapet, saman med Danmark og Færøyane.
Fram til 1979 var Grønland ein koloni under Danmark. Då blei Grønland eit eige land, men med nokre avgrensingar. I 2009 fekk dei sjølvstyre. Danmark styrer likevel framleis utanriks- og forsvarspolitikken for landet.
Danmark gjev Grønland 5 milliardar danske kroner årlig. Pengane er avgjerande for den grønlandske velferdsstaten.
I Grønland si sjølstyrelov står det at øya kan bli fullt sjølvstendig etter ein intern folkeavstemming og forhandlingar med den danske regjeringa.
Grønland er den største øya i verda, men har en befolkning på omkring 56.000 menneske. Øya har mange naturressursar og ligg strategisk plassert i Arktis.
Etterlyser internasjonal reaksjon
Egede har ikkje spart på ordbruken i reaksjonen på kunngjeringa av det amerikanske besøket.
– At våre allierte i det internasjonale felleksapet gøymer seg i eit lite hjørne og nærmast kviskrar at dei støttar oss, har ingen effekt. Om dei ikkje høglydt seier ifrå om korleis USA behandlar Grønland, vil situasjonen eskalere dag for dag og den amerikanske aggresjonen auke, seier han.
Jens-Frederik Nielsen, leiar for Grønlands sentrum-høgreparti Demokraatit, under ein marsj tidlegare i mars. Slagordet for marsjen var «Grønland tilhøyrer det grønlandske folket».
Foto: CHRISTIAN KLINDT SOELBECK / AFP / NTBJens-Frederik Nielsen, leiar for partiet Demokraatit som vann parlamentsvalet på Grønland 11. mars, meiner tidspunktet er svært uheldig.
Det skjer midt under kommunalvalkampen og regjeringsforhandlingane.
– At dei likevel vel å kome til Grønland no, viser nok ein gong mangel på respekt for den grønlandske befolkninga, seier han til Sermitsiaq.
Bør Grønland bli en del av USA?
Også i Danmark blir besøket møtt med skepsis.
– Besøket frå USA kan ikkje sjåast uavhengig av dei offentlege utsegna som har kome, sa den danske statsministeren Mette Frederiksen til DR søndag.
Demonstrasjon i hovudstaden Nuuk i mars 2025.
Foto: CHRISTIAN KLINDT SOELBECK / AFP / NTBHo understreka at dialogen om framtida til Grønland skal skje i tett samarbeid mellom den danske regjeringa og den grønlandske sjølvstyresmakta.
Danmark har sendt rundt 40 politifolk til den nest største byen på Grønland, Sisimiut, som skal assistere grønlandsk politi under besøket, iføgle Sermitsiaq.
Dansk politi ankommer Grønland før det politiske besøket fra USA.
Orla Joelsen/XUng grønlendar: – Det er både tragisk og komisk
Line Pedersen Junge er utdanna spesialpedagog og er frå Grønlands hovudstad, Nuuk.
Ho følgjer utviklinga rundt det amerikanske besøket tett, og reagerte med overrasking då ho las nyhendet.
Line Pedersen Junge er utdanna spesialpedagog. Ho er fødd og oppvaksen på Grønland.
Foto: PrivatJunge, som i dag bur i Danmark, fortel at ho reagerte på korleis saka blei omtalt i danske medium. Ho meiner det blir snakka for mykje om – og for lite med grønlendarane.
– Det er både tragisk og komisk at Danmark fyrst har byrja å lytte til Grønland sine eigne innbyggjarar etter at USA viste interesse, seier ho.
Junge er frå hovudstaden Nuuk.
Ho peikar likevel på at statsminister Frederiksen har bidradd til eit sterkare fokus på Grønlands interesser.
Dansk forskar: – Det er ein del av ein større strategi
Usha Vance og sonen hennar skal reise til Grønland, og skal mellom anna vere til stades ved det nasjonale hundesledeløpet «Avannaata Qimussersu» og besøke kulturelle og historiske stader, ifølgje AFP.
Flemming Splidsboel Hansen, seniorforskar ved Dansk Institut for Internationale Studier (DIIS).
Foto: Inge Lynggaard Hansen / DIIS/KBHSeniorforskar Flemming Splidsboel Hansen ved DIIS, meiner signala frå Washington ikkje er til å misforstå.
– Det er eit politisk mål bak dette, det er ein del av ein større strategi, seier han.
Forskaren viser til Donald Trump Jr. sitt besøk til Nuuk, som han meiner var òg «planlagt og nøye tilrettelagt».
Han meiner dette har komplisert forholdet mellom landa, som har vore nære allierte sidan andre verdskrigen.
Donald Trump om annektering av Grønland: – Vel, eg trur det vil skje.
Interessert i meir utanriks? Lytt til utanriksredaksjonen sin podkast:
Publisert 23.03.2025, kl. 23.45 Oppdatert 24.03.2025, kl. 11.43