Amerikansk vaksineekspert går av: – Eit åtak mot vitskapleg sanning

2 days ago 12



Sjefen for vaksineavdelinga i mat- og medisintilsynet i USA (FDA), Peter Marks, trekker seg.

I avskjedsbrevet går han hardt ut mot den sittande helseministeren i USA, Robert Kennedy Jr.

– Det har blitt tydeleg at sanning og transparens ikkje er ønska av ministeren. Han vil heller ha smålåten stadfesting av feilinformasjonen og løgnene hans, står det i avskjedsbrevet publisert av Wall Street Journal.

Peter Marks skal ha blitt gjeven to val: å trekke seg eller bli sparka.

Motstridande om vaksine

Helseminister Kennedy er godt i gang med å få kontroll på helsedepartementet i USA. Å presse Marks ut er éin av måtane han gjer nettopp dette på.

Health and Human Services Secretary Robert F. Kennedy Jr. snakkar i mikrofon

Helseminister i USA, Robert F. Kennedy Jr.

Foto: Stephanie Scarbrough / AP

Det er særleg temaet om vaksinar som har vakt merksemd rundt Kennedy sin helsepolitikk.

Kennedy har tidlegare sagt at ingen vaksine er trygg og effektiv, og at han angra på at han vaksinerte borna sine.

Seinare har han sagt at han ikkje er vaksine-motstandar.

Torsdag kunngjorde Kennedy planar om å omorganisere HHS. Mellom anna skal han kutte 10 000 stillingar i til dømes FDA og Senteret for sjukdomskontroll og førebygging (CDC).

I fjor bad 77 nobelprisvinnarar senatet om ikkje å godkjenne Kennedy. Berre éin republikansk senator gjekk imot nominasjonen, og Kennedy blei stadfesta i stillinga i februar.

Uroa for meslingsutbrot

en mann som snakker inn i en mikrofon

Peter Marks var ein av dei fremste vaksineekspertane i USA.

Foto: Susan Walsh / AP

Marks beklagar «eit åtak utan sidestykke mot vitskapleg sanning» frå Kennedy og støttespelarane hans.

I avskjedsbrevet skreiv Peter Marks at han er uroa for meslingutbrotet i Texas.

Laurdag er det registrert over 400 tilfelle av meslingar i den amerikanske delstaten, ifølgje AP. To skal vere døde i USA.

Dei fleste som er smitta er anten uvaksinerte eller har uklar vaksinasjonsstatus, ifølgje helsemyndigheitene i Texas.

I brevet skreiv Marks utdjupande om kor viktige vaksinar er for å kjempe mot utbrot av sjukdomar som meslingar.

en person som bruker hansker og maske og setter vaksine på en person

Dei fleste av dei som er smitta med meslingar i Texas og tre andre delstatar i USA, er ikkje vaksinerte eller har uavklart vaksinestatus.

Foto: Mary Conlon / AP

Marks har jobba i tilsynet FDA sidan 2012 og var ein av hovudpersonane då USA rulla ut koronavaksinen under pandemien. Oppseiinga hans trer i kraft 5. april.

Tidlegare har fleire fagfolk innan helse i Noreg uttrykt uro for Trump-administrasjonen sin helsepolitikk. Den amerikanske presidenten har mellom anna trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon og stoppa bistandsdirektoratet USAID. Begge har vore sentrale aktørar i å hindre utbrot og behandle sjukdomar.

Publisert 29.03.2025, kl. 14.25

Read Entire Article