– Du er den som står på feil side av historia, og ikkje eg. Eg forsvarar folket mitt, vi forsvarar landet vårt. Vi er stolte av soldatane våre.
– Og du trur at du kan kome hit og skulde oss for folkemord så lett som det? Nei, sir.
Dette svarar leiaren for Israel sitt tryggingsråd, Boaz Bismuth, på spørsmålet.
Han representerer statsministeren sitt parti, Likud, i nasjonalforsamlinga.
Konfrontasjonen kjem av at NRK har lagt fram skuldingar om folkemord, ikkje frå redaksjonen, men kjelder i og utanfor landet hans.
Fleire israelske holocaust-forskarar har den siste tida brukt omgrepet om Israel si krigføring i Gaza, blant dei Daniel Blatman.
VIDEO
I kvar sin lange rapport, konkluderer Amnesty International og Human Rights Watch det same.
– Dei er ein haug med løgnarar, svarar Bismuth om menneskerettsorganisasjonane.
Han kommenterer ikkje sitata frå dei israelske forskarane, men hintar til at dei representerer ein ørliten del av folket i Israel.
Så er det USA sin plan om å fjerne palestinarane frå Gaza permanent, som USA sin president kom med i februar. FN seier denne «tilsvarar etnisk reinsing».
– Er Israel skuldig i etnisk reinsing av det palestinske folket?
– Nei, svarar Bismuth, og legger til:
– Det er det som står i Hamas sitt charter. Å reinse alle jødar frå Israel.
Bismuth er medlem av den israelske nasjonalforsamlinga, men var sjefredaktør for avisa Israel Hayom mellom 2017 og 2022.
Foto: Marius Revold / NRKMeiner NRK er antisemittisk
Bismuth er Netanyahu sin partifelle, og kjend for å forsvare politikken hans i TV-sende debattar. Den mest nylege kritikken står i ein FN-rapport, publisert denne veka.
Her slår FN fast at nesten ein halv million menneske i Gaza er i «katastrofal hungersnaud».
Internasjonale hjelpeorganisasjonane på bakken fortel at ingen naudhjelp har fått kome inn i enklaven sidan våpenkvila tok slutt.
– Kvifor svelter Israel ut folket i Gaza?
Kaos i ei kø i Beit Lahia nord på Gazastripa, medan hjelpearbeidarar delte ut mat torsdag 15. mai.
Foto: BASHAR TALEB / AFP / NTB– Folkemord, utsvelting, etnisk reinsing. Herregud, alt kjem fram. Eg seier det igjen: sprøyt, løgner.
– På same måte som at du skuldar meg for ting, skuldar eg deg for å vere ein antisemitt. Ein anti-israelsk journalist, det er det du er.
– Eg stiller spørsmål basert på FN-rapportar, Amnesty-rapportar, Human Rights Watch, FN-ekspertar, israelske forskarar. Gjer det meg til ein antisemitt, at eg stiller spørsmål om krigføringa dykkar?
– Ja. Beklagar.
Sjå heile intervjuet her:
Israels høyre-ekstreme regjering blir skulda for folkemord. Yama utfordrar ein av Netanyahus største forsvararar, Boaz Bismuth frå regjeringspartiet Likud.
– Ingen rom for humanitære gestar
Israel har den mest høgreekstreme regjeringa i landet si historie.
Men partiet til Bismuth og statsministeren, Likud, høyrer ikkje til noko ytterpunkt i koalisjonen.
Likevel skreiv Bismuth følgande i eit innlegg på X, kort tid etter Hamas sitt terrorangrep mot Israel i oktober 2023:
«Det må ikkje bli gløymt at til og med dei «uskuldige borgarane», dei vondskapsfulle og monstrøse menneska frå Gaza, tok aktivt del i pogromet i dei israelske busettingane, i det systematiske mordet på jødar og spillinga av blodet deira, i kidnappinga av barn, eldre og mødrer, og i å binde fast spedbarn og brenne dei levande.
Ein må ikkje synest synd på den vondskapsfulle, det er ingen rom for humanitære gestar. Minnet om amalekittane må bli viska bort.»
Røyksky over Jabalia-leiren på Gazastripa, torsdag 15. mai.
Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB– Står du framleis for den utsegna?
– Om uskuldige sivile? Sivile som kjem og drep og valdtek, kva er dei? Definer det, du som ser ut til å vite alt.
– Kva meiner du med denne utsegna?
– Eg skal fortelje deg kva eg meiner. Det var om folk som kom og drap oss. Det var difor eg skreiv det i gåseauge. «Uskuldige sivile».
– Folk som kjem og drep, valdtek, kidnappar, slaktar. Kva gjer de med dei i Noreg? Får dei ei medalje?
Sjølv om han var sterkt kritisk til NRK sine spørsmål, let Bismuth seg intervjue i tre kvarter.
Foto: Marius Revold / NRKFordømmer ingen utsegn frå statsrådane
Israels kulturarvminister Amihai Eliyahu, som tilhøyrer ytre-høgrepartiet Otzma Yehudit, har tidlegare sagt at eitt alternativ for Israel er å sleppe ei atombombe på Gaza.
NRK spurde Bismuth om han stiller seg bak utsegna. Han ville ikkje svare på spørsmålet, og ber om at det heller blir retta til Eliyahu.
– Anten så viser du ingen sympati, eller så har du teke ei side, du har teke Hamas si side, som er fullstendig mogleg, svarar han i staden.
Samtalen går vidare til Israels president, Isaac Herzog, som høyrer til Israeli Labour Party.
Fem dagar etter Hamas sitt terrorangrep mot Israel 7. oktober 2023, sa han at påstandar om at sivile ikkje visste om eller deltok i angrepet var «fullstendig usann», og at «ein heil nasjon» var ansvarleg.
Herzog (h) høyrer til Det israelske arbeidarpartiet, som historisk sett har vore i opposisjon til Likud. Men Herzog blir sett på som ein samlande figur, og blei vald inn med stor margin i 2021.
Foto: AMMAR AWAD / AMMAR AWAD / Reuters / NTBI ein seinare artikkel i The Times of Israel la han til at Israel ikkje støttar «mord av uskuldige sivile på nokon måte, i nokon kontekst».
– Kva synest du om breie utsegn som skuldar alle folk i Gaza for dei forferdelege handlingane til Hamas, spør NRK etter å ha lese opp utsegna.
– Kven stemte på Hamas? Var det bestemora mi som stod opp frå grava si og stemte, eller det palestinske folket, svarar Bismuth.
– 40 prosent av folk i Gaza stemte på Hamas i 2005. Halve befolkninga i Gaza er under 18. Dei eksisterte ikkje ein gong då Hamas fekk makta.
– Fortsett med intervjuet.
Til sist blir Bismuth konfrontert med eit sitat frå tidlegare forsvarsminister Yoav Gallant, som høyrer til Likud: «Vi kjempar mot menneskelege dyr og handlar deretter».
Yoav Gallant (v) er ikkje lenger forsvarsminister i Israel. Han gjekk av 1. januar etter ei rekke kranglar med Netanyahu og regjeringa.
Foto: Gil Cohen-Magen / AP / NTB– Kva vil du elles kalle dei, spør Bismuth tilbake.
– Dei som gjennomførte 7. oktober er barbarar, vandalar, hunarar vil eg til og med seie.
– Meiner du at alle i Gaza er menneskelege dyr?
– Sjølvsagt ikkje.
Publisert 15.05.2025, kl. 19.43