Naudetatane er på veg til ei ulykke med ein firhjuling i Time. Det verkar som ei alvorleg ulykke, melder operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen.
Klokka 20.50 melder politiet at to personar verkar å vere hardt skadde. Dei blir behandla av helsepersonell.
Luftambulansen er på veg.
Kriminalteknikarar er kalla ut for å hjelpe til med undersøkingar på åstaden.
Dei to skadde er frakta til Stavanger universitetssjukehus, og skadeomfanget er ukjend.