«Alvin» (2) er heilt kvit – no blir han vakta av jegerane

3 hours ago 1



Tyske Rene Wierschke har budd i Steigen i over 20 år og brukar mykje av fritida si på å fotografere dyrelivet.

Søndag fekk han endeleg fulltreff med kameraet.

– Eg går på jakt med kamera, seier Wierschke og legg til:

– Ein må jo ikkje reise til utlandet når vi har så mykje sjølv. Eg har lyst til å dele med folk som ikkje lenger kjem seg ut i naturen. Han er jo eit fenomen, seier Wierschke.

  • Rene Wierschke sitter inne i en lavo.

    Rene Wierschke

Hobbyfotografen fekk auge på den kvite elgen som spankulerer rundt om i Steigen kommune.

Wierschke var ikkje aleine om å oppleve elgen på nært hald. Det gjorde også Håvard Olsen.

– Eg var heldig. I går var han rett utanfor huset, utanfor vindauget, på 28 meters hald.

En hvit og en brun elg i skogen

Den kvite elgen har fått gå i fred i to år.

Foto: Håvard Olsen

Olsen fortel at elgen luskar rundt dei støtt og stadig, men at den har vore vanskeleg å få auge på i vinter.

– Han har ikkje raude auge, men blå, seier Olsen.

Freda av jegerane

Den kvite elgen vart først lagt merke til i 2024. Allereie den gongen bestemte det lokale jaktlaget seg for å la elgen vere i fred.

– Vi føler oss som elgens vaktarar no. Denne kalven skal vi ta vare på, så vi håpar den overlever vinteren, sa jeger Terje Vik til Dagbladet den gong.

To år seinare er det tydeleg at strategien har fungert. Elgen lever framleis i beste velgåande og har vorte ein tydeleg skikkelse i lokalmiljøet.

Professor Andreas Zedrosser ved Universitetet i Sørøst-Noreg er ikkje overraska over at jegerane i Steigen valde å frede elgen.

– Det er faktisk ikkje så uvanleg at jegerar vel å frede spesielle dyr, som ein kvit elg. Jegerar er jo så glade i dyr og likar å sjå dei, så det er i seg sjølv ikkje uvanleg.

Andreas Zedrosser, forsker HSN

Andreas Zedrosser er professor ved institutt for natur, helse og miljø ved Universitet i Sørøst-Noreg.

Foto: John-André Samuelsen / NRK

– Skjer av og til

Sjølv om elgen er kvit, betyr ikkje det at den er albino. Ein elg som er albino har raude auge, rosa mule og lyse hovar.

– Hadde det vore ein ekte albino, hadde ein forventa litt raud eller rosa augefarge. Auga ser litt lysare ut enn vanleg, men er likevel mørke, seier Zedrosser og forklarar at det truleg dreier seg om leukisme, ein medfødd genfeil som gir redusert pigmentering.

Elgen har halde til i Steigen kommune i to år.

Her har vi verkeleg ein ekte Alvin. Den manglar nok fargepigment, men elles er den heilt normal. Den ser frisk og rask ut, seier Zedrosser.

– Det skjer av og til. Naturen er ein spesiell plass kor alt mogleg rart kan skje. Det er litt naturleg variasjon som er sjeldan, men det skjer.

Publisert 05.05.2026, kl. 17.41

Read Entire Article