Alle fødeavdelingane slit, med eitt unntak: – Vikarane vil til Lofoten og gå i fjellet

9 hours ago 5



– Vi kan møte på jobb og oppdage at det berre har vore to eller tre jordmødrer på vakt,.

Det seier jordmor og tillitsvald på fødeavdelinga ved Nordlandssjukehuset i Bodø, Carina Wensell, og utdjupar at det i kvardagen minimum skal vere seks jordmødrer på dagvakt, fem på kveldsvakt og tre på natta.

Fødeavdelingane i landet er tynnast bemanna i sommarmånadane, og i år er situasjonen ekstra ille.

Den største fødeklinikken i landet, Ullevål sjukehus i Oslo manglar tilsette, og det står tomme vakter ved fleire av dei største klinikkane.

Dette gjeld også i ved Nordlandssjukehuset i Bodø.

Ifølge Wensell er bemanningskrisa der verre enn han har vore før.

– Det er alltid ei utfordring å få feriekabalen til å gå opp, men i år er det spesielt. Til og med jordmødrene som har jobba her i mange år, seier det.

Jordmor Carina Wensell ser i kamera ikledd hvit sykepleieruniform og med rosa hår.

Carina Wensell seier ho har møtt på jobb og oppdaga at det har vore så få som to jordmødrer på ei vakt.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Vikarane vil til Lofoten

Jordmødrene er så bekymra for sommarturnusen at dei har sendt eit varsel til Statsforvaltaren i Nordland.

«Vi er bekymra for kvinner i fødsel kan oppleve å måtte vere delar av fødselen utan jordmor, eller med ei jordmor som må springe mellom fleire fødande. Dette veit vi kan føre til alvorlege situasjonar der i verste fall liv kan gå tapt», står det i eitt av vedlegga i varselet.

– Vi er ganske slitne allereie, og vi har akkurat begynt, seier ho.

Handa til jordmor Carina Wensell holdet et varsel som hun har sendt til statsforvalteren i Nordland

Jordmødrene er så bekymra for sommarturnusen at dei har sendt eit varsel til statsforvaltaren i Nordland.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Ei løysing på problemet kunne ha vore å hente inn fleire sommarvikarar, men det har vist seg å vere vanskeleg.

Det er fordi vikarane heller vil til Nordlandssjukehuset sine fødestover i Gravdal i Lofoten eller på Stokmarknes i Vesterålen.

– Dei fleste vikarane vil til Lofoten, og gå på fjellet og surfe, seier Wensell.

Dette stadfestar, jordmor og tillitsvald for Jordmorforeininga i Lofoten, Reidun Karlsen.

– Vi er i ein heldig situasjon.

– Lett for oss å få vikarar

I motsetning til Bodø og andre sjukehus, ser sommarturnusen deira veldig fin ut, ifølge Karlsen.

Ho seier det er populært å jobbe i Lofoten om sommaren.

– Det er faktisk ganske lett å få vikarar ut til fødestova her ute. Vi er heldige og veldig glad for det, seier ho.

Både Lofoten og Vesterålen er populær blant vikarar for å oppleve den nordnorske sommaren.

Også klinikksjefen stadfestar at tilgangen på vikarar til Lofoten og Vesterålen har vore veldig god.

Begge stadene har lykkast i få på plass sommarturnusane sine.

– Både Lofoten og Vesterålen er populære for å oppleve den nordnorske sommaren, og vi veit at mange ønsker å jobbe her også av den grunn, opplyser Klinikksjef Gro-Marith Karlsen ved kirurgisk klinikk ved Nordlandssjukehuset.

  • Gro-Marith Karlsen

    Gro-Marith Karlsen

    Klinikksjef i Kirurgisk klinikk ved Nordlandssjukehuset.

Medan det i Bodø har vore meir utfordrande. Likevel meiner klinikksjefen ferieturnusen er forsvarleg.

Dessverre har det den siste tida tilkomme uventa fråvær. Det har ført til at planen akkurat nå er marginal. Vi jobbar derfor med å fylle dei hola som nå har oppstått.

Les resten av svaret til Karlsen lenger ned i saka.

Største klinikkane slit med rekruttering

Dei større sjukehusa har større utfordringar med å rekruttere og behalde arbeidskrafta si, enn dei mindre fødestadane i landet. Iallfall om vi skal tru leiaren i Jordmorforbundet, Hanne Charlotte Schjelderup.

– Vi ser at dei mindre fødeavdelingane har eit mindre arbeidspress enn dei største klinikkane. Det har vi dokumentert gjennom nasjonale kartleggingar, seier ho og legger til:

– Det er klart det er attraktivt for jordmødrer å vere på arbeidsplassar der dei kan få gjort jobben sin, og der ein ikkje sjonglerer mellom mange fødande samtidig.

  • Hanne Charlotte Schjelderup-Eriksen er leiar i Jordmorforbundet NSF. Ho har på seg ein rød genser og har eit nøytralt ansiktsuttrykk.

    Hanne Charlotte Schjelderup

    Leiar i Jordmorforbundet.

Schjelderup stadfestar også at bemanninga denne sommaren er verre enn på lenge.

Utan tvil. Vi har sett at både fødselslegar og jordmødrer har varsla om uforsvarlege forhold, og at det er fare for liv og helse.

9 av 10 jordmødrer i forbundet melder om at det er noko som blir brote på fødeavdelingane rundt om i landet kvar dag. Slike brot kan vere for låg grunnbemanning eller mangel på ein til ein omsorg, ifølge Schjelderup.

– Vi har sett ein stor frustrasjon blant jordmødrene våre denne sommaren.

Det kjenner dei seg igjen i på fødeavdelinga i Bodø.

– Vi har for få jordmødrer i kalenderplanen. Det er for dårleg samansetning, og vi fryktar at det går utover pasientsikkerheita, seier jordmor Wensell.

Jordmor Carina Wensell fikser på en fødeseng ikledd hvit sykepleieruniform og med rosa hår.

– Det er planlagt for ei bemanning som er enda lågare enn før, seier jordmor Carina Wensell.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Slit på personalet

Ved Nordlandssjukehuset er det denne sommaren planlagt for at det skal vere fire på dagtid, fire på kvelden og tre på natta.

– Det er mykje mindre enn den vanlege grunnbemanninga.

Og i realiteten kan det vere færre enn dette på jobb, på grunn av blant anna sjukemeldingar, ifølge Wensell.

Eg kan aldri planlegge heilt sikkert kva eg skal gjere ein dag. Fordi at eg ganske sikkert kjem til å få ein telefon eller ei tekstmelding med spørsmål om å jobbe.

Det slit på personalet som konstant kjenner på stress og dårleg samvit.

Navneskiltet til jordmor Carina Wensell

9 av 10 jordmødrer fortel at arbeidsbelastninga er for høg, ifølge Jordmorforbundet sin nasjonale undersøking i mai.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

– Også leiarar blir teke inn i turnus

Wensell meiner dei har kome i denne situasjonen fordi leiinga ved sjukehuset har vore for sein med å planlegge turnusen og få tak i vikarar.

Såpass seint at det var ingen vikarar å hente, hevdar ho. Difor måtte sjukehuset ha fleire rundar med søking etter vikarar før dei fekk tak i nokon.

– Dei kom vel eigentleg ikkje på plass før i sist veke. Først då fekk vi napp på fire vikarar frå vikarbyrå.

Jordmor Carina Wensell ikledd hvit sykepleieruniform og med rosa hår.

Jordmor Carina Wensell seier dei må springe frå pasient til pasient, og ikkje får gitt kvinnene i fødsel ein til ein oppfølging.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Dette kjenner ikkje klinikksjefen seg igjen i.

Planlegginga starta alt i desember 2024. Då hadde vi ute første annonse der vi søkte etter sommarvikarar. Vi har jobba aktivt for å få på plass ein god ferieplan, seier Gro-Marith Karlsen.

Ho ønskjer heller ikkje å bidra til at dei tilsette blir sletne og kjenn på dårleg samvit.

Vi opplever at dei tilsette strekker seg langt, og det er vi svært takksame for. Vi har løpande kontakt med bemanningssenteret vårt som bidrar aktivt når vi må ha hjelp utanfrå for å sikre tilstrekkeleg bemanning. Også leiarar blir teke inn i turnus når det er påkravd.

Publisert 10.07.2025, kl. 06.13

Read Entire Article