Alexander hadde draumejobben, men spelte bort alt

2 days ago 4



Ein kveld tidleg i desember 2022 ligg Alexander i senga heime hos seg sjølv.

Men han kviler ikkje. Han er redd. Tankane i hovudet på den 36 år gamle mannen spinn om kapp med pengespelet på mobilen.

Så kjem lyden han fryktar. Alexander har tapt alt – igjen.

Og no, heilt utan å nøle, finn fingrane vegen inn til Sverresborg Fotball sin bankkonto.

Alexander har draumejobben som dagleg leiar i klubben. Tilgang til kontoen har han hatt i berre nokre månader når dette skjer.

Han overfører ein halv million kroner til seg sjølv. Og held fram med å spele.

Stills fra NRK TV-serien "Hodet over vannet". Bilde av en skjerm som viser overføring av penger.

Dette er ikkje første gongen Alexander stel pengar frå sin eigen arbeidsgivar.

Men det skal bli den siste.

Stor gevinst for liten gut

Alt starta så uskuldig omlag 30 år tidlegare.

Alexander kan ikkje hugse eit liv utan spel. Men den aller første gongen han vant pengar, sit som klistra i hukommelsen. Da var han berre sju.

Han fekk vere med på bingo i bil, ved samfunnshuset i bygda. Glade menneske i bilar tuta med horna når radene på arka vart fulle av kryss.

Plutseleg såg Alexander at viss «O for Olga – 71» vart neste kombinasjon – ja, da ville han vinne.

«Bingo!» ropa Alexander og tuta med hornet. Og så fekk sjuåringen gevinsten på heile 1500 kronar.

Alexander visste med ein gong kva han ville bruke dei på. Dei fysiske speleautomatane som fanst der han budde.

Spenninga steig i Alex sin kropp når han såg på dei blinkande lysa og høyrde lyden av klirrande pengar.

Så trykka han på den høgste innsatsen. Plutseleg var alle dei 1500 kronene borte.

Ideell leiar – sjuk tjuv

Etter tapet av bingo-gevinsten begynte Alexander å ta ta litt pengar frå folk i familien.

Eg måtte vinne tilbake det eg hadde tapt.

Men med åra taper Alexander stadig meir enn han vinn.

Og som vaksen mann i arbeid speler han vekk all lønn så snart ho kjem inn på kontoen.

Men så er det altså ikkje berre med sine eigne pengar Alexander speler.

Det skal få store konsekvensar for Sverresborg Fotballklubb i Trondheim.

Bilde av Sverresborg Fotball sitt banner

Fana på veggen vitnar om ein stolt klubb med lang historie. Sverresborg Idrettsforening vart stifta i 1931.

Fana på veggen vitnar om ein stolt klubb med lang historie. Sverresborg Idrettsforening vart stifta i 1931.

Folk i klubben har stor tillit til Alexander. Alle seier berre Alex. Han er kjend som ein dyktig pedagog og er fotballfagleg sterk.

Før han fekk jobben som dagleg leiar og trenar for damelaget, diskuterte styret om klubben hadde råd til ei slik stilling.

Bord med eit grafisk bilde av ein fotballbane, i bakgrunnen mann som slår ut med armene

I eit rom for prat om taktisk spel og framtidsdraumar, sit dagens styreleiar Martin Svarva.

I eit rom for prat om taktisk spel og framtidsdraumar, sit dagens styreleiar Martin Svarva.

Men Alex hadde innstillinga dei ønska seg. Han er opptatt av samhald, meistring, glede og fysisk aktivitet.

Og han veit kor viktig det er å ha ein stad å høyre til.

Alt passa med Sverresborg Fotball sin visjon: «Fotball for alle».

Mann i kaps og boblejakke

Men den destruktive krafta som riv i han, den ser dei ikkje.

Mann i kaps og boblejakke står vendt mot kamera og lukker øynene.

Og dei kan ikkje høyre Alexander si indre stemme. Den som kan komme til han, midt i ei treningsøkt.

Det er magisk tenking.

Stemma får Alexander til å leite etter nokon som kan overta treninga.

– Så fór eg inn på do på klubbhuset, og der spelte eg.

 Sverresborg Idrettsforening sitt klubbhus

Men no anar rekneskapsføraren i Sverresborg Fotball uråd. Han kontaktar styret og fortel om vedlegg, overføringar og transaksjonar som han stussar veldig på.

Styret ber rekneskapsføraren om å ta det med Alex, ettersom det er dagleg leiar som har ansvaret for økonomien.

– Det er akkurat det som er problemet, svarar rekneskapsføraren.

Tillit i grus

Leiarane i Sverresborg Fotball greier først ikkje å tru at det er sant.

Mann i grønn genser slår ut med armene

Martin Svarva hugsar kor trist og rasande han vart.

Martin Svarva hugsar kor trist og rasande han vart.

– Han greidde å misbruke den tilliten så til dei grader. Det er så ubegripeleg.

Det seier Martin Svarva, dagens styreleiar.

Men sanninga om underslaget fanst, svart på kvitt. I perioden mai til desember 2022 er 1.276.976 kroner dokumentert stole.

– Du går jo frå sjokk til ei kjensle av svik. Du blir utruleg lei deg fordi du tenker «No er det slutt. No går vi i konkurs!»

Mann står ute på en fotballbane med rygge til

Martin og dei andre leiarane frykta for klubben si framtid.

Martin og dei andre leiarane frykta for klubben si framtid.

– Er det mogeleg å vere så idiot, liksom? Og tru at du kan sleppe unna med det?

Men Alexander slepp slett ikkje unna.

Korta på bordet

14. februar 2023 får Alex ein SMS frå styret. Han blir bedd om å komme til eit møte. Han les: «Mistanke om økonomisk utruskap.»

Angsten treff Alexander med full kraft. Men ikkje for at han skal bli tatt for å ha gjort underslag.

– Det var meir det at eg var livredd for at spelinga mi skulle fram i lyset.

Mann sitter på benk med hendene i fanget

Alex visste ikkje korleis eit liv utan spel skulle levast.

Alex visste ikkje korleis eit liv utan spel skulle levast.

Redsla for å bli sett på som mindre verd, som menneske, er stor.

På møtet forsøker Alex å bortforklare funna, slik han har gjort mange gonger tidlegare, når nokon har stussa på økonomien.

– Han er jo retorisk sterk. Flink til å oppnå tillit og fekk det til å høyrast greitt ut, hugsar Martin Svarva.

Mann i ytterjakke foran klubbhus

Men det går ikkje no, når alt er avslørt.

Han begynner forklaringa på nytt og seier sanninga. Også seier han kvifor.

At han er avhengig av spel.

Det heile kan stå fram som ein kald og kalkulert plan frå Alexander. Men tjuveria skjer berre på impuls.

For noko har skjedd i hjernen hans, i området kor impulskontrollen sit. Men det er det ingen som veit enno og aller minst Alexander sjølv.

Skamma brenn. Men på same tid spreier ei overraskande kjensle seg i kroppen.

– Eg hugsar at det datt mange kilo av skuldrene mine, for no var det sagt, fortel han.

Mann i helfigur med ryggen til går langs sti

No er det ingen veg tilbake. Alex må ta ansvar for det han har gjort.

Klubben melder underslaget. Det blir oppretta straffesak.

Men sjølv om Alex har vedgått alt, vil ikkje ei straff hjelpe på det eigentlege problemet.

At han alltid har handtert vonde kjensler ved å spele om pengar.

Einsam boble

Episodar med mobbing på skulen har brent seg fast i minnet. Og ei kjensle av å berre vere eit problem, eit uromoment i klasserommet.

– Det handla ofte om kva eg ikkje var flink til. Og stadig beskjed om at eg var hyperaktiv.

Speleautomatane vart Alexsander si flukt frå vonde tankar.

– Eg kjente på roa og at eg fekk til noko.

Åra gjekk. Alexander vart vaksen, men uroa i han vart verande.

Mann står på strand og kaster stein

Han har eit godt forhald til stefar. Men i oppveksten var saknet etter den biologiske faren stort.

Mann står på strand og kaster stein

Som ung vaksen, truga han ofte med å ta sitt eiget liv for å få merksemd.

Mann står på strand og kaster stein

23 år gamal gjorde han eit forsøk, og vart akutt innlagd på psykiatrisk avdeling ved sjukehuset på Levanger.

Etterpå held alt fram som før.

Og angsten i han auka i takt med at stadig høgare summar vart brukt på nettspel. Pengar han eigentleg ikkje hadde.

Men folk hadde tillit til Alexander. Når han sa noko, vart han trudd.

18:08

A

Alexander:Har du 300kr å lån mæ t torsdan? Korte va tomt her når æ sku fyll bensin no😱

Alle kjenner Alex. Men den han er, når han speler, kjenner ingen. Spelaren i han utviklar eit tvilsamt talent som meister lyging for å få låne pengar.

19:24

A

Alexander:Har du sjans t å lån mæ 2500 t onsdan? Har vært svindelforsøk her for tredje gang så dæm har stengt alt av kontoa t mæ, åsså rakk ætj å få pengan over på SMN kontoen da😰

Men vipps e kobla opp mot SMN no værtfall😂 Så æ har peng, men d hjelpe mæ lite no🥶

Den indre konflikten rasar mellom den rasjonelle som ønsker å slutte og den avhengige som treng å spele.

Å vere to personar

  • Den rasjonelle deg

    Ønsker å leve eit normalt liv, ta vare på familien, og ha økonomisk kontroll. Føler ofte djup skam og anger etter å ha spelt.

  • Den avhengige deg

    Blir impulsiv og styrt av eit "kick" eller eit desperat behov for å vinne tilbake tapte pengar. Spelinga blir altoppslukande.

  • Hemmeleghald

    Denne konflikten fører ofte til store løgner for å skjule omfanget av spelinga for familie, venner og kollegaer.

    Kjelde: Spillavhengighet Norge

– Det er vanskeleg for folk på utsida å forstå at det går an. For det er så sjukt, konstaterer Alex.

Når bobla sprekk, takka vere den vakne revisoren i Sverresborg Fotball, kjem konsekvensane. Alexander må ikkje berre ta ansvar for lovbrotet og den sjølvpåførte gjeldsbyrda.

Han må slutte med den eine tingen i livet som har hjelpt han med å regulere følelsar i over 30 år.

Men det greier kan ikkje aleine. Han treng hjelp, mykje hjelp.

Bittert etterspel

Å redde hjernen frå speleavhengnad, krev profesjonell hjelp og hardt arbeid.

Men korleis redde hjartet av ein liten fotballklubb på randa av konkurs?

I Sverresborg Fotball hadde ubetalte rekningar hopa seg opp til høge inkassokrav med korte fristar. Den lovpålagde underslagsforsikringa dekka ikkje tapet i tide.

Leiarar og trenarar kjende seg kasta ut på djupt vatn. Men hjelpeapparat for klubbar som hamnar i uføre, finst ikkje, forklarar styreleiar Martin Svarva.

– Bitterheit er naturleg å føle, men det tar oss ingen stader.

Dei hadde berre eitt alternativ. Hardt arbeid.

Lista med kreditorar var uendeleg lang. Forhandlingar, til alle tider på døgnet, tok hundrevis av timar for alle dei frivillige foreldra i leiargruppa.

Mann står med ryggen til på en fotballbane, og holder en ball i arma

Martin Svarva skulle ønske at det fanst nokon å kontakte for å få gode råd da krisa trefte dei. Eit ressursapparat for klubbar i krise. 

Martin Svarva skulle ønske at det fanst nokon å kontakte for å få gode råd da krisa trefte dei. Eit ressursapparat for klubbar i krise. 

Å oppretthalde treningar og kampar som normalt, vart tidvis vanskeleg.

– Det tyngste var i fjor vinter da banen var stengt på grunn av eit tjukt snølag. Det var ikkje pengar til å fylle diesel på traktoren eller til å kjøpe salt, hugsar Martin.

Skulle dei berre gi opp? Seie at dei ikkje greidde meir?

Men så dukka dei opp, jentene og gutane. Alle spurte om det same.

«Når opnar banen igjen? Når kan vi spele fotball igjen?»

– Og han som køyrer traktoren der no, gratis, han berre «Klart vi må børste banen!» sjølv om han ikkje lenger har ungar som speler her, fortel Martin.

Motivasjonen til å halde fram, kom tilbake. Og sikra Sverresborg Fotball frå konkurs.

Men korleis kan eit spel om pengar bli viktigare enn fotallspelande ungar?

Kvifor kunne ikkje Alex berre ha tatt seg saman?

Hack i hjernen

Alex sin hjerne er programmert.

Det er din og min og. For at vi skal tilpasse oss miljøet og overleve.

Og for å gjere denne jobben, har hjernen tre effektive verktøy.

Hjernen sin strategi for overlevelse

  • Følelser

    Følelser gjer at vi lærer raskt og kraftig.

    Påskjønning eller ros kan og utløyse sterke følelser, som kjenst gode.

    Men når du opplever noko fælt, eller noko som er svært truande, kan det føre til traumatiske minner. Det er minner som set seg veldig hardt og veldig lenge.

    Dette skjer for at du skal unngå den same trusselen i fremtida, og overleve.

    påskjønning (nynorsk) = belønning (bokmål)

  • Dopamin

    Når du gjer noko som kjenst godt for deg, vil påskjønningssystemet i hjernen løyse ut dopamin.

    Dette skal gi deg motivasjon til å prøve igjen, for å oppnå den same gode kjensla, slik at du overlever.

    påskjønningssystem (nynorsk) = belønningssystem (bokmål)

  • Impulskontroll

    Impulskontrollen gjer deg i stand til å vurdere risiko og konsekvensar av handlingar.

    Dette skjer for at du skal bremse opp og tenke deg om, før du gjer noko, slik at du overlever.

    Kjelde: Hjerneforskar Marianne Fyhn, Universitetet i Oslo.

Men overlevingsmekanismane i hjernen kan bli forstyrra. Av rusmiddel eller avhengnadsskapande ting som pengespel.

Mann sit lent mot ein stein ved sjøen

Kor god er du til å regule eigne følelsar?

Genar, miljø og personlegdom speler inn.

Eit traume kan feste seg så hardt i hjernen at du gjer alt du kan for å sleppe unna dei ubehagelege følelsane.

Og med det startar hjernen si jakt på noko som kan gi deg glede.

Mann med kaps ser mot venstre

Pengespel er ein måte å regulere følelsar på.

Men dei påverkar påskjønningssystemet i hjernen.

Og hjernen? Han slepp ut unormalt store mengder dopamin.

Det er litt dumt av hjernen – å påskjønne risikabel oppførsel, ved å løyse ut dopamin – sjølv om vi gjer noko som ikkje er bra for oss.

Men det gjer han.

Berre det å sjå speleautomaten eller høyre lydar frå han, kan skape ei forventning i hjernen om påskjønning.

Når hjernen blir meir og meir stimulert, vil hjernen venne seg til og trenge eit høgare dopaminnivå for å oppnå same følelse av påskjønning.

Mann med caps ser i kamera

Naturlege ting som kjennest godt i livet, følast ikkje lenger like godt.

Naturlege ting som kjennest godt i livet, følast ikkje lenger like godt.

Slik tok spelinga makta over påskjønningssenteret i Alex sin hjerne.

Hjernen hadde hacka seg sjølv.

Eksplosiv vekst av risikospillere i Norge: 81.000 flere på tre år

Hjerne utan brems

Alex hugsar desperasjonen etter å vinne att tapte pengar, gong på gong på gong.

– Du speler for å vinne det du allereie har tapt, også tapar du det og. Så blir det ei såpass stor skam når du kjem til deg sjølv at du berre fortset. Berre for å få «rusen».

Alex greidde ikkje å stoppe av seg sjølv.

Han var ramma av ein alvorleg langtidseffekt av spelinga: Lågare aktivitet enn normalt i området kor «bremsen» (impulskontrollen) sit, den som lar oss tenke før vi gjer noko.

Struktur og funksjon i påskjønningssenteret og korleis dette området samverkar med andre deler av hjernen, endrar seg.

– Alt handlar om å få oss til å sitte på stolen og fortsette å spele lengst mogleg!

Slik jobbar spelbransjen, ifølgje Kato Holgersen som har vore i reparasjonsgamet for avhengnad i over 30 år.

Til slutt er det ikkje eingong viktig å vinne.

– Det er viktigare å berre sitte der, for da får dopaminet ditt køyrt seg. Det er berre kjensleregulering det handlar om.

Det er derfor folk kallar det «spelegalskap», fortel Kato. Men det vil han ha slutt på.

– Det er jo ingen som ønsker å vere gal! Det handlar om å vere avhengig. Av spel.

Det var her, på klinikken for rus og avhengnadsmedisin ved St. Olavs i Trondheim at Alexander fekk hjelp til å slutte å spele.

Han hadde gått i behandling eit drygt år da dommen for underslaget fall.

Klokke, gjenskinn av et menneske

– Eg fekk elleve månader. Vilkårslaust. Der og da fall det litt i grus, fortel Alex.

Men på spørsmål om han ville anke dommen takka han raskt nei. Aldri meir ville han gjere noko som kunne minne om gambling.

Skamma for å ha spelt bort pengar for ein heil fotballklubb må han leve med.

Når det gjeld skamma for å ha vore avhengig av spel er det annleis. For no kan forskarar og fagfolk dokumentere at det er ein hjernesjukdom.

Men det var jo Alex som valde å spele. Eller?

Dårlege val eller hjernesjukdom?

Å vere avhengig av spel har tidlegare vore forbunde med å ta moralsk dårlege val. At det er derfor spelinga kan utvikle seg sånn at ein blir avhengig av å spele.

– Men det er faktisk biologiske årsaker og medisinske årsaker til at ein har ei oppleving av at ein må ta dei vala.

Det er hjerneforskar Marianne Fyhn som fortel oss dette.

Tvangstankar og manglande impulskontroll kan påverke vala dine.

– Men det er ikkje noko vi kan sjå fysisk. Så det er ikkje så lett å seie at du faktisk er sjuk. Da kan du gjerne få høyre: «Ta deg saman, du er lat, du tar dårlege val.»

Minnemanipulasjon. Forsker Marianne Fyhn.

Hjerneforskar Marianne Fyhn er tydeleg.

Foto: Ingvil Øvretveit

Hjerneforskar Marianne Fyhn er tydeleg.

Foto: Ingvil Øvretveit

– Det er ei medisinsk årsak til at du enda opp der kor du enda opp. Du kan slå i bordet med at det er ei medisinsk liding, og fjerne noko av skamma og stigmaet som har vore.

Martin Svarva i Sverresborg Fotball synest likevel det er vanskeleg å forstå korleis det var mogleg for Alex å vere ein god leiar som samstundes underslo pengar.

Mann står på siden med ball

– Vi kan strekke oss så langt som til at vi forstår at vi kanskje ikkje forstår det. Men det stoppar litt der. Vi følte oss så til dei grader ført bak lyset.

Alex og Martin har treft kvarandre og hatt ein lang prat.

Men kan Martin tilgi Alex?

– Eg kan godta unnskyldninga, men alt som har skjedd sit liksom så sterkt i heile kroppen og brystet.

Mann står på en fotballbane med en ball

– Tilliten som vart vist, vart pulverisert så fort. For min eigen del så kjenner eg at det ikkje er så lett.

Men ein ting bind dei to saman. Bekymring for ungdommar som er opptatt av pengespel.

– Det å tru at ein 15 år gamal hjerne som er under fullstendig ombygging, skal klare å stå imot det der på eiga hand ... det er litt for mykje å forvente av dei, eigentleg.

Det tenker han mykje på, Martin Svarva i Sverresborg Fotball i Trondheim.

Og Alex? Han har fått ein mogelegheit til å gjere noko med det.

For sjølv om sjukdommen har prega han heile livet, har dei grunnleggande verdiane i han aldri blitt borte. Han brenn stadig for at andre skal få kjenne meistring og glede, som sportsleg leiar i Vuku IL i Verdal. Han veit kor viktig det er å ha ein stad å høyre til.

Og erfaringa han har som spelavhengig, har blitt til noko verdifullt.

Nytt nettverk

Da Alex hadde sona ferdig straffa si, fekk han praksisplass i Spillavhengighet Norge.

No er han tilsett. Han held foredrag om eigne erfaringar til ungdom, etatar og bedrifter. Og han hjelper og spelarar og pårørande som tar kontakt med organisasjonen.

Klinikken ved St. Olavs har hyra inn Alex, via arbeidsgivar, som erfaringskonsulent til grupper i ettervern i lag med behandlar Kato Holgersen.

– Det er kanskje lettare å tru på nokon som faktisk veit kva det vil seie å ha stole pengar, og som har kjent på den same følelsen av skam, seier Kato.

Alex hugsar kor hardt hjarte hans banka første gongen han skulle møte i ei gruppe. Og namnet på rommet var ironisk nok Sverresborg.

Bilde av ei dør med tittelen på rommet; Sverresborg

– Kvar gong eg kom inn i gruppa, vart eg påmint om kva som hadde skjedd, fortel Alexander.

– Kvar gong eg kom inn i gruppa, vart eg påmint om kva som hadde skjedd, fortel Alexander.

– I gruppa var det fleire som hadde gjort akkurat det same som meg. Og da det vart min tur, så sa eg alt. Ingen dømde meg. Det var godt å kjenne på.

Plutseleg fekk han eit nettverk med nye vener.

Mann sitter  på stol og smiler

– Eg har blitt ein mykje tryggare person og vågar å snakke om ting utan å vere redd for å seie noko feil.

– Eg har blitt ein mykje tryggare person og vågar å snakke om ting utan å vere redd for å seie noko feil.

Å vere open om eigne erfaringar har vore positivt.

Men hjernesjukdommen forsvinn ikkje, sjølv om Alex har lært seg å leve med han.

– Vi blir jo aldri friske. Så vi må berre ha det med oss i livet og ikkje gløyme det.

Han kjenner seg sjølv godt no og veit kva som kan trigge han.

Mann i helfigur kommer mot oss på sti

– Da kan eg gå meg ein tur langs Malvikstien.

Mann sitter på stein og ser utover havet

– Eller gjer noko eg elskar; å sjå på flya som driv inn og ut frå Værnes.

Han har god utsikt til dei frå vindauget i stua, i leilegheita som han leiger.

Men å ha gjeld no er ikkje som før.

– Det er mykje enklare å ha gjeld når eg ikkje speler.

Alexander har tilstått alt, han har sona straffa si og jobbar for å hjelpe andre.

Mann med kaps og jakke ser mot kamera

Alex kan ikkje endre fortida. Men han gjer ein forskjell for framtida.

  • I NRK TV-serien «Hodet over vatnet» fortel Alexander om eigen hjernesjukdom.

Publisert 19.04.2026, kl. 17.49

Read Entire Article